Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
  5. Tema: Fri oss frå autoritetane!ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Tema: Fri oss frå autoritetane!

Temaoppgåver om maktmisbruk og opprør mot autoritetar.

Tilfellet Torgersen. Teater basert på Jens Bjørneboe sitt stykke om det påståtte justismordet på Fredrik Fasting Torgersen. Torgersen i Jonathan Filip Johansens skikkelse
Jonathan Filip Johansen i ei scene frå Bjørneboe sitt drama [i]Tilfellet Torgersen[/i] om det påståtte justismordet på Fredrik Fasting Torgersen. I stykket seier aktor følgjande: «... det er skremmende og uhyggelig at privatpersoner begynner å undersøke en slik sak selv, – det utgjør en trussel mot rettsikkerheten. Det er likeledes en trussel mot rettsikkerheten å så tvil om avgjørelsen i Torgersen-saken.»

Fri oss frå autoritetane!

Dei kritiske realistane ønskte å problematisere den makta autoritetar som til dømes skulen, kyrkja og psykiatrien hadde. Dei var også kritiske til det borgarlege ekteskapet som institusjon. Ekteskap var den gongen i stor grad arrangerte. Ein grunnleggjande idé var at individet, gjennom å få kunnskapar om undertrykking og urett, kritisk skulle tenkje gjennom livet og levemåten sin. På denne måten kunne ein verte frigjord og sjølv velje "sanningane" sine.

Gift (1883) av Alexander Kielland (1849–1906) vert ofte omtalt som den store skuleromanen i norsk litteratur. Romanen er ein kraftig kritikk av skulesystemet og måten barn vart oppseda på på den tida. Kielland var i sterk opposisjon til både pedagogiske metodar og fagleg innhald i ein skule som han meinte skapte underdanige og kua menneske – ikkje frittenkjande og sjølvstendige individ.

Sitat frå Gift (1883)

Lille Marius satt så pent og stille på benken. Hans altfor store mørkebrune øyne ga det lille bleke ansikt et forskremt uttrykk; og når han uformodent fikk et spørsmål, ble han ildrød i hodet og stammet.

Også naturalistane Amalie Skram (1846–1905) og Christian Krogh (1852–1925) ønskte å skildre maktovergrep og urett i samfunnet, sjølv om dei ikkje hadde same tru som realistane på at forandring var mogleg. I På St. Jørgen (1895) skildrar Skram maktmisbruk på psykiatriske sjukehus. Og i Albertine (1886) refsar Christian Krogh korleis styresmaktene og politiet kontrollerer og bruker makt i møte med ei sårbar samfunnsgruppe – dei prostituerte.

Kampen for dei undertrykte

Også seinare forfattarar har tematisert maktmisbruk og overgrep frå autoritetar mot enkeltindivid. Samfunnskritiske røyster har vorte ein naturleg del av litteraturen. Forfattaren Jens Bjørneboe (1920–1976) var i heile forfattarskapen sin ein aktiv forsvarar av enkeltindivid som vart undertrykte av maktmenneske. I romanen Jonas (1955) vidarefører Bjørneboe arven frå Kielland, og kritikken hans av ein skule som ikkje ser individet. Bjørneboe skildrar korleis skulen trakasserer Jonas, ein gut med store lesevanskar.

Seinare har forfattaren Ingvar Ambjørnsen (1956–) – både gjennom bøkene sine om Elling og i romanen 23-salen (1981) – stilt kritiske spørsmål ved norsk psykiatri og behandlinga av menneske som fell utanfor det etablerte A4-livet.

Jens Bjørneboe var ein aktiv forsvarar av enkeltindivid som vart utsette for maktovergrep.

Aktuelle tekstar

Oppgåver

Klikk deg inn på dei relevante kjeldene og jobb med desse oppgåvene:

  1. Samanlikn utdraget frå Gift og utdraget frå Jonas. Korleis skildrar forfattarane forholdet mellom elev og lærer?
  2. Kva for maktovergrep utfører lærarane i dei to utdraga?
  3. Og korleis vert ofra for maktovergrepa, Marius og Jonas, skildra?
  4. Les utdraget frå På St. Jørgen. Kva for overgrep mot fridomen til individet er det Skram skildrar her?
  5. Les om boka 23-salen. Kva for maktovergrep handlar denne boka om?
  6. Kva er det forfattarane kritiserer psykiatrien for i På St. Jørgen og 23-salen?
  7. Korleis misbruker politifullmektig Winther posisjonen sin i møtet med Albertine, i utdraget frå romanen med same namn?
  8. I romanen vert denne scena brukt som forklaringa på kvifor Albertine hamnar på "skråplanet", som prostituert. Kva er bodskapen i dette utdraget? På kva måte kjem det fram at Krogh er kritisk til måten samfunnet møter desse menneska på?
  9. I 1972 skreiv Jens Bjørneboe teaterstykket Tilfellet Torgersen som handlar om rettssaka mot Fredrik Fasting Torgersen. Les siste avsnitt på s. 116.
    – Kva vart Torgersen dømt for?
    – Kvifor skriv Bjørneboe dette teaterstykket?
    – Korleis reagerer aktor på at privatpersonar engasjerer seg i saka?
    – Kva har skjedd i saka etter at Bjørneboe skreiv Tilfellet Torgersen?
  10. Diskuter: Skjer det maktovergrep i dag? I så fall kor?

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale