Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Familien på Gilje – og kampen for eit betre liv

Jonas Lie (1833–1908) sin roman Familien på Gilje (1883) er ein kritisk-realistisk roman som blant anna tematiserer kvinnene sine kår på midten av 1800-talet.

Familien på Gilje
Erik Werenskiold: "Familien på Gilje" (1903).

Kvinner vart ofte tvinga inn i ekteskap fordi dei trong nokon som kunne forsørgje dei økonomisk. Prestisje og sosial status var òg avgjerande når ein skulle inngå eit ekteskap.

Familien på Gilje består av kaptein Jæger (faren), kona Ma og barna Thinka, Thea, Inger-Johanne og Jørgen. Ein sentral karakter i romanen er òg huslæraren Grip. Han er på mange måtar talerøyret til forfattaren og fremjar Lie sine idear om fridomskamp og framstegsideal. Inger-Johanne er sterkt fascinert av Grip og ideane hans. Han viser veg for den noko opprørske jenta og gir henne eit håp for framtida.

Oppgåve

Familien på Gilje – og kampen for eit betre liv

  1. Kva slags syn på framsteg var det dei kritisk-realistiske forfattarane hadde? Korleis kunne litteraturen etter deira oppfatning bidra til å skape ei betre verd?
  2. Les utdraget frå Familien på Gilje , s. 99–101. Kva draumar har Grip for livet? Peik på nokre ideal han her formidlar at han har.
  3. Kva to levemåtar er det Grip set opp som ein kontrast her?

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale