Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
  5. Henrik Ibsen – den største av dei storeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Henrik Ibsen – den største av dei store

Oppgåver om Henrik Ibsens forfattarskap og Hedda Gabler.

Petronella Barker som Hedda Gabler. Foto.
Den norske skodespelaren Petronella Barker i rolla som Hedda Gabler.

Les om Henrik Ibsens forfattarskap og om dramaet hans Hedda Gabler, og jobb med følgjande oppgåver:

  1. Kva er dei fire fasane vi kan vi dele forfattarskapen til Ibsen inn i?
  2. Kva er eit idédrama?
  3. På kva måte er Brand og Peer Gynt typiske for idédramaa til Ibsen?
  4. Nemn nokre av hovudverka til Ibsen frå den kritisk-realistiske perioden.
  5. Kva er tema og bodskap i Et dukkehjem?
  6. Peik på trekk ved Et dukkehjem som er typiske for realismen som litterær periode.
  7. På kva måte er fru Alving i Gengangere og Nora i Et dukkehjem motsetningane til kvarandre?
  8. Vildanden innleier ein ny periode i forfattarskapen til Ibsen. Kva kjenneteiknar denne perioden?
  9. Kva er motiv og tema i Hedda Gabler?
  10. Kva likskapar kan du finne mellom Nora i Et dukkehjem og Hedda? Og kan du sjå nokre forskjellar?
  11. Kvifor kan ein hevde at Ibsen med Hedda Gabler beveger seg mot ein modernistisk skrivestil og tematikk?

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale