Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
  5. Det moderne gjennombrottet – den kritiske realismenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Det moderne gjennombrottet – den kritiske realismen

Litteraturen som vart skriven under det moderne gjennombrottet, skulle ha ein tendens, det vil seie at han skulle ha ein klar bodskap, han skulle handle om samtida, og han skulle ta opp til dømes politiske eller moralske spørsmål.

Ibsen-dramaet En folkefiende, her i moderne filmversjon, er eksempel på litteratur som sett politiske og moralske problem under detbatt.

Forfattarane skreiv for å få fram sanninga – og for å opplyse folket. Litteraturen skulle bidra til å forandre samfunnet til det bedre. Desse grunntankane kjenner vi igjen frå opplysningstida: Mennesket skal opplysast, få kunnskap og innsikt og på den måten frigjere seg og arbeide for ei betre verd.

Problem under debatt

Georg Brandes. Portrett.
Georg Brandes (1842–1927) er den betydelegaste litteratur-kritikaren som Norden nokon gong har hatt.

Rundt 1870 skjedde det ei radikal endring i skandinavisk åndsliv. Denne endringa vert omtala som det moderne gjennombrottet. I 1871 heldt den danske litteraturkritikaren Georg Brandes ei forelesingsrekkje ved Københavns Universitet med tittelen "Hovedstrømninger i det 19de Aarhundredes Litteratur". Her kom han med ei programerklæring for ein ny samfunnskritisk og realistisk litteratur, og han uttalte at "det, at en litteratur i vore dage lever, viser seg i, at den sætter problemer under debat". Å setje problem under debatt vart slagordet for ei rekkje norske og nordiske forfattarar i tiåra framover.

Inspirert av Georg Brandes

I Noreg er forfattarar som Henrik Ibsen (1828–1906), Bjørnstjerne Bjørnson (1832–1910), Alexander Kielland (1849–1906), Jonas Lie (1833–1908) og dessutan Amalie Skram (1846–1905) og Arne Garborg (1851–1924) sterkt inspirerte av Brandes. August Strindberg (1849–1912) frå Sverige og Jens Peter Jacobsen (1847–1885) frå Danmark er òg sentrale forfattarar frå det moderne gjennombrottet i Norden. Desse forfattarane skreiv for det meste romanar, noveller og skodespel. Lyrikk, meinte dei, var for romantikarar.

Et dukkehjem. Foto.
Nora, i dramet Et dukkehjem, har forfalska underskrifta til faren sin for å få pengar til å redde livet til ektemannen som var svært sjuk ei stund. Dette har ho halde hemmeleg for alle. Men når hemmelegheita vert avslørt, er mannen til Nora berre oppteken av korleis skandalen vil ramme han sjølv.

Nora – ei realistisk heltinne

Henrik Ibsens Nora, hovudpersonen i dramaet Et dukkehjem (1879), er eit tydeleg døme på den realistiske heltinna. Moralen ho styrer etter – "hjartets moral" – er ikkje gyldig i det mannsdominerte samfunnet ho lever i. Ho bryt loven for å redde livet til ektemannen, og når ho vert konfrontert med dette lovbrottet, er svaret hennar at det er lovane det er noko feil med, ikkje henne. Mannen hennar, Thorvald Helmer, er likevel berre oppteken av at ho har bringa skam over han. Nora innser at ho har levd eit liv i løgn i alle åra ho og Helmer har vore gifte. Ho forlèt mann og barn for å kunne ta del i samfunnet, for å verte eit sjølvstendig individ med ansvar for sitt eige liv.

"Titteskapsteater"

Et dukkehjem er typisk for skrivestilen til Ibsen. Han var svært oppteken av at miljø, kostyme og replikkar skulle spegle dei borgarlege miljøa som han skildra. Formålet var at publikum, som ofte var frå det borgarlege laget, skulle få kjensla av å kikke inn i si eiga stove på teateret. Eit slik "titteskapsteater" minska avstanden mellom publikum og det som skjedde på scenen – folk opplevde at det som skjedde på scenen, angjekk dei. Dei vart engasjerte, og dermed var debatten i gang!

Alexander Kiellands roman Gift (1883)

Alexander Kielland omtalte forfattarskapen sin som "nyttepoesi". I likskap med Ibsen skreiv han litteratur om samfunnsproblem, og tekstane hans hadde ein klar tendens. Han ville blant anna påverke og endre pedagogikken i skulen, kirka si lære og samfunnet sitt syn på kvinner. Meiningane hans var radikale og kontroversielle.

Høyr meir om Alexander Kielland og det moderne gjennombrottet i videoklippet med Tore Renberg.

Kritikk av skulesystem og autoritær oppseding

Mest kjend er nok Kielland for skildringa av lille Marius som døyr mens han puggar latingloser. Undergangen til denne sarte guten i møtet med ein hard og autoritær skule vekte sterk sympati hos lesarane. Hovudkarakterane i romanen Gift (1883) er likevel kameraten til Marius, Abraham Løvdahl, og Abrahams mor Wenche Løvdahl. Både ho og sonen er idealistiske og opprørske, men dei møter stor motstand.

Både i Gift og i dei to seinare romanane om Abraham, Fortuna (1884) og Sankt Hans Fest (1887), ser vi at Abraham må gå på akkord med seg sjølv og verdiane sine. Han vert ein hyklar, og for Kielland eit døme på korleis det går når ein intelligent, idealistisk ungdom vert utsett for ei autoritær oppseding og eit underkuande skulevesen.

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale