Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
  5. Tema: Kvinna – "det andre kjønnet"ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Tema: Kvinna – "det andre kjønnet"

Temaoppgåve om kvinnerettar og kvinnefrigjering.

En kvinne sitter på en seng og stirrer tankefullt ut av vinduet på en bygning. Foto.

Det andre kjønnet

I boka Det annet kjønn (1949) hevdar filosofen Simone de Beauvoir (1908–1986) at mannen vert omtalt og oppfatta som det primære – og "nøytrale" – kjønnet, medan kvinna vert redusert til "det andre kjønnet". Ho skildrar også korleis forholdet mellom ei kvinne og ein mann er prega av at kvinna er praktisk, økonomisk og emosjonelt avhengig.

Men eit hovudpoeng for de Beauvoir er at denne situasjonen ikkje har noko med biologi å gjere. Det er kulturelle og historiske faktorar som har skapt denne ubalansen mellom kjønna. Om menn og kvinner anerkjenner kvarandre som likeverdige – og frie – individ, kan maktkampen mellom kjønna ta slutt.

Sitat frå Simone de Beauvoir Det annet kjønn

... det som gjør kvinnens situasjon så spesiell, er at hun – en fri og selvstendig skapning som ethvert menneske – oppdager og velger seg selv i en verden der mennene tvinger henne til å ta på seg rollen som den Andre.

Retten til å bestemme over eige liv

Også i skjønnlitteraturen har forfattarar tematisert at kvinner manglar fridom, og retten kvinner har til sjølve å definere liva sine. Camilla Collett skreiv om dette allereie i Amtmandens Døttre – den første tendensromanen i norsk litteratur. Det Sofie manglar, er nettopp retten til sjølv å bestemme over eige liv og lagnad. Seinare vart karakteren Nora i Ibsen-stykket Et dukkehjem (1879) eit ikon for kvinnefrigjeringa. Nora reiser frå mann og barn i eit forsøk på å ta grep om sitt eige liv. Ibsen måtte skrive om slutten då stykket skulle oppførast i Tyskland. Moralen i stykket vart opplevd som trugande i 1879.

Nora i Ibsen-dramaet Et dukkehjem har vorte eit globalt symbol for kvinnefrigjering. Den amerikanske skodespelaren Jane Fonda var aktiv feminist på 1970-talet. Ho spelte Nora i filmversjonen av Et dukkehjem:

Eit resultat av kampen for kvinnerettar på slutten av 1800-talet er at den ytre og institusjonelle fridomen gradvis aukar. Men ytre fridom skaper ikkje umiddelbart indre fridom. Sigrid Undset (1882–1949) og Cora Sandel (1880–1974) er forfattarar som nettopp skildrar kvinner som vert dregne mellom eigne forventningar og krava andre stiller; i rolla som mor, kjæraste, kunstnar – og kvinne. Kor frie er eigentleg dei vala vi tek? Og kva for konsekvensar får vala våre for omgivnadene våre?

Likestilling mellom kjønna

Kvinner har i dag kjempa seg til rettar på lik linje med menn, sjølv om likestilling framleis er eit tema som skaper debatt. Den postmoderne kvinna er på mange måtar frigjord, i alle fall i vår del av verda. Marianne i romanen Tatt av kvinnen (1993) av Erlend Loe (1969–) viser ikkje teikn på undertrykking. Her er forholdet meir eller mindre snudd på hovudet. Mannen er ein tøffelhelt, som lèt seg overkøyre av den sterke og dominerande kvinna som praktisk talt flyttar inn i livet hans.

Romanen tematiserer spørsmål som: Har kvinna teke over rolla som den som dominerer og definerer? Er det i dag mannen som har vorte det andre kjønnet, i alle fall i kjærleikslivet – ja i intimsfæren generelt?

Skribent og artist Shabana Rehman har opplevd at det kostar å vere ei fri røyst i det offentlege rommet. Sjølv karakteriserer ho sjikanen som eit forsøk på å kontrollere åtferda til kvinner.

Aktuelle tekstar

Oppgaver

Les utdraga i kjeldelista og jobb med desse oppgåvene:

  1. Kvifor er Simone de Beauvoir, i utdraget frå Det annet kjønn, kritisk til bruken av omgrepet kvinne i tyding kvinnelegheit?
  2. Finn minst tre eksempel på korleis Simone de Beauvoir meiner kvinna vert redusert til det andre kjønnet.
  3. Sjå videoinnslaget med Unn Conradi Andersen. Kvifor er ho kritisk til omgrepet "kvinnelege forfattarar"? Er det ein samanheng mellom det ho seier, og tankane til de Beauvoir om eit første, "normalt", kjønn og eit andre kjønn?
  4. Les den digitale boka om Amtmandens Døttre i Språk- og litteraturhistorisk tidslinje. Korleis tematiserer romanen at kvinner manglar rettar i samfunnet?
  5. Kvifor har Camilla Collett vorte ein viktig person for retten norske kvinner har til å bestemme over eige liv?
  6. Les slutten på Et dukkehjem av Henrik Ibsen. Kvifor reiser Nora frå mann og barn?
  7. Kva meiner Nora med at ho "er først og fremst et menneske"?
  8. Les utdraget frå Jenny av Sigrid Undset. Kva går den indre kampen Jenny slit med, ut på?
  9. Finn døme på at Jenny både er ei fri kvinne og ei ufri kvinne. Verkar Jenny frigjord? Kvifor? / Kvifor ikkje? Grunngi svaret ditt.
  10. Korleis reagerer Alberte, i utdraget frå Alberte og friheten av Cora Sandel, når ho oppdagar at ho er gravid?
  11. Og korleis reagerer mannen, Sivert, på graviditeten?
  12. Korleis vert vilkåra for arbeidarkvinner med barn skildra?
  13. Gi ein karakteristikk av eg-personen og Marianne i utdraget frå Tatt av kvinnen av Erlend Loe.
  14. Ta utgangspunkt i scener frå utdraget av Loe sin roman og diskuter påstanden: Mannen er i dag "det andre kjønnet", i alle fall i intimsfæren.
  15. Lytt til intervjuet med skribenten Shabana Rehman. Kvifor trur du enkelte nordmenn føler seg provoserte av kvinnelege skribentar med innvandrarbakgrunn? Kva fortel dette om likestilling i Noreg i dag?

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale