Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Poetisk realisme

Perioden 1850 til 1870 dannar overgangen mellom romantikken og realismen og vert gjerne omtalt som romantisk eller poetisk realisme.

Barnedåp i Tanum kirke. Maleri.
Harriet Backer: Barnedåp i Tanum kirke (1892).

Mellom romantikk og realisme

Ein viktig forfattar frå denne perioden er Camilla Collett (1813–1895). I romanen hennar Amtmandens Døttre (1854–1855) vert dottera til amtmannen, Sofie, vitne til at søstrene hennar vert gifte bort til menn dei ikkje elskar. Sjølv ønskjer ho å følgje hjartet. Ho forelskar seg i den nytilsette fullmektigen ved amtmanns-kontoret, Georg Kold, men misforståingar og uheldige samantreff fører til at ho mister tilliten til han. Når prosten Rein, ein eldre mann, frir til henne, gjer ho som familien og omgivnadene forventar, og giftar seg med han.

Romantisk skrivemåte – realistisk innhald

Collett ønskte å skape debatt omkring forholda som hindra kvinnene i å ta eigne val. Skrivemåten hennar minner meir om den vi finn i romantikken: Kjensler får stor plass, dagbokutdrag er flette inn i forteljinga og forteljaren vender seg direkte til lesaren. Men karakterar, handling og miljø i romanen er nøye valde ut for å skape debatt om samfunnsforhold. Amtmandens Døttre er det vi kallar tendenslitteratur: Boka har til hensikt å fortelje om urett for å skape forandring. Denne samfunnskritiske haldninga har Amtmandens Døttre felles med den realistiske litteraturen frå 1870- og 1880-talet.

Amtmannens Døtre. Foto.
Scene frå ei dramatisering av Camilla Colletts roman "Amtmannens Døttre" på Norsk Folkemuseum (1999).

Eit liv i eit vakkert bur?

I det moderne samfunnet vårt ser vi det gjerne som ei sjølvfølgje at vi fritt kan velje kven vi vil gifte oss med. Men slik har det ikke alltid vore. Vi skal ikkje så veldig langt tilbake i historia før vi òg i Noreg finn eit samfunn der sosiale forhold og økonomiske omsyn var avgjerande for kven som kunne gifte seg med kven.

På Camilla Colletts tid hadde kvinnene i overklassen på mange måtar eit privilegert liv, men som alle andre kvinner i samfunnet mangla dei like fullt ei rekkje rettar som vi i dag ser på som ei sjølvfølgje.

Ei meir jordnær skildring av den norske bonden

Bjørnstjerne Bjørnson (1832–1910) skreiv i den same perioden fleire romanar med motiv frå den norske landsbygda. I desse bondeforteljingane teikna han eit meir realistisk bilete av livet på bygda enn det dei nasjonalromantiske forfattarane hadde gjort. Sjølv om bøndene i forteljingane hans framleis var ulasteleg kledde i bunader og hadde Bibelen og Snorres kongesagaer i bokhylla, skreiv Bjørnson òg om slåsting, fyll og sosiale forskjellar blant bøndene. På den måten braut han med det noko røyndomsfjerne idealbiletet av den norske bonden som vart teikna under den nasjonalromantiske perioden.

Seter ved eit vatn. Foto.
Seter ved Loenvatnet i Stryn, Sogn og Fjordane.

Synnøve Solbakken

I Bjørnstjerne Bjørnsons bondeforteljingar møter vi menneske av kjøtt og blod, med både sterke og svake sider. I romanen Synnøve Solbakken (1857) til dømes må hovud-personen Torbjørn overvinne mørke, destruktive krefter i seg sjølv for å få kvinna han elskar – den lyse og fagre Synnøve. Han gir opp drikking og slåsting til fordel for eit liv saman med den fromme Synnøve.

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale