Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
  5. Oppsummeringsspørsmål: romantikkenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppsummeringsspørsmål: romantikken

Oppsummeringsspørsmål til fagstoffsida om romantikken.

Brudefølge i båt på fjord omgitt av høye fjell. Maleri.
Brudeferden i Hardanger er måla i nasjonalromantisk stil.

Oppgåve 1

Les fagteksten om romantikken og svar på spørsmåla:

  1. På kva måte vart romantikken ein reaksjon på opplysingstida på 1700-talet?
  2. Kva var hovudtanken i Rousseaus artikkel "Samtalar om vitskapane og kunsten"?
  3. Kvifor vart denne artikkelen så viktig for romantikarane, trur du?
  4. Når kan vi tidfeste romantikken som litterær epoke i Europa og i Noreg?
  5. Kva er sentrallyrikk?
  6. Kva skilnader og likskapar finn vi i lyrikken til Wergeland og Welhaven?
  7. Kva skil nasjonalromantikken frå romantikken?
  8. Nemn tittelen på måleriet ovanfor. Kven måla biletet, når vart det måla, og kva for ein kulturell epoke høyrer det heime i?

Oppgåve 2

Biletoppgåve: Wergeland og Welhaven

Sjå på bileta ovanfor:

  1. Kva for nokre bilete i kollasjen viser Henrik Wergeland, og kva for nokre viser Johan Sebastian Welhaven?
  2. I somme av bileta ligg det ein del tilleggsinformasjon om diktarane. Kommenter to-tre av desse bileta.

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale