Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
  5. Oppsummeringsspørsmål: realismenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppsummeringsspørsmål: realismen

Oppgåve 1

Spørsmål til videoklippet med Tore Renberg

Nokre ordforklaringar til filmen
  • arnested for noko – heimstad, utgangspunkt
  • borgarmeister – ordførar
  • han er normativ – han stiller opp ein regel eller eit krav
  • dokumentarisk – byggje på verkelege hendingar
  • jappetid – periode på 1980-talet som var prega av stor og til dels kunstig vekst i ei rekkje bransjar, der mange fekk skaffa seg store verdiar og la til seg dyre levevanar. Jappetida vart etterfølgd av økonomisk nedgang og bankkrise.
  • ambisjon – mål, ønske
  • visjon – draum om framtida
  • supplement – tillegg
  • tendensroman – ein roman som set samfunnsforhold under debatt, som kritiserer samfunnsforhold
  • Lille Marius – ein av karakterane i Alexander Kiellands roman Gift. Han maktar ikkje krava som skulen stiller til han.

Sjå videoklippet og jobb med spørsmåla nedanfor:

  1. Kvar er det Renberg vert intervjua, og kvifor er denne staden vald?
  2. Kva handlar Alexander Kiellands roman Gift om, og kva litterær periode høyrer han heime i?
  3. Den danske litteraturkritikaren Georg Brandes kravde at litteraturen skulle "setje problem under debatt". Kva meinte han med dette?
  4. Tankane til Brandes har påverka mange norske forfattarar. Nemn nokre av dei.
  5. Kva handlar litteraturen frå 1870- og 1880-talet om, ifølgje Renberg?
  6. Kva er målet for dei fleste som skriv innanfor den realistiske tradisjonen, ifølgje Renberg? Kva slags skrivemåte er det dei prøver å få til? Kva slags døme nemner han for å illustrere denne skrivemåten?
  7. Realismen har vorte skulda for berre å handle om det som er konkret og handfast, og for å stengje ute fantasien, draumane og det visjonære. Kva er Renbergs svar på denne skuldinga?
  8. Korleis påverkar samtida og røyndommen arbeidet til ein realistisk forfattar?
  9. Renberg seier han håper at bøkene hans ein gong i framtida kan vere eit "supplement til historieskrivinga". Kva meiner han med dette?

Oppgåve 2

Spørsmål til fagteksten

Les fagstoffsida "Realismen: litterær epoke og litterær stil".

  1. Kva nemning kan vi bruke om den realistiske litteraturen i perioden frå ca. 1870 til ca. 1885?
  2. Kva ville forfattarane i denne perioden oppnå med litteraturen dei skreiv?
  3. Forklar omgrepet "mimesis".
  4. Nemn nokre verkemiddel som dei realistiske forfattarane utnytta for å etterlikne røyndommen.
  5. Nemn nokre moglege innvendingar mot mimesis-tanken.

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale