Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
  5. Realismen: litterær epoke og litterær stilChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Realismen: litterær epoke og litterær stil

Realisme er eit omgrep som er knytt til ulike litteraturhistoriske periodar frå midten av 1800-talet og fram til i dag. I tillegg bruker vi ordet om ein skrivestil og om eit syn på forholdet mellom kunst og røyndom.

I dette videoklippet fortel forfattar Tore Renberg om kva som kjenneteiknar den realistiske skrivemåten.

Eit epokeomgrep

I snever tyding er realisme eit omgrep som vert brukt om den litteraturen som dominerte i Noreg frå rundt 1870 og til midt på 1880-talet. Litteraturen frå denne perioden vert òg kalla kritisk realisme fordi det var eit viktig mål for forfattarane på den tida å setje søkjelyset på kritikkverdige samfunnsforhold.

Som litterært straumdrag, det vil seie som skrivemåte og ideal for forfattarar, har realismen vore viktig frå midten av 1800-talet og heilt fram til i dag. Samtidig har den realistiske skrivemåten sjølvsagt utvikla seg over tid, og vi finn derfor ulike typar «realismar» knytte til ulike tidsperiodar. Vi snakkar til dømes òg om poetisk realisme, nyrealisme og sosialrealisme.

Ein forteljemåte

Omgrepet realisme vert òg brukt som nemning på ein forteljemåte der mimesis, som ein kan omsetje med imitasjon eller etterlikning, står sentralt. Den realistiske litteraturen prøver å etterlikne røyndommen, skildre han som om ein speglar han. Ein under-liggjande premiss bak ein slik forteljemåte er trua på at ein kan «nå» røyndommen gjennom språket. Gjennom språket kan ein framstille verda «slik ho er».

Miljø- og personskildring som verkemiddel

Nettopp denne imitasjonen, det å skildre røyndommen så objektivt og nøkternt som mogleg, har vore omtalt som eit ideal for realistisk kunst. Derfor finn ein i realistiske tekstar ofte mange konkrete og detaljerte miljø- og personskildringar. Gjennom bruk av tredjepersonsforteljar får lesarane innblikk i det indre livet til karakterane. Og gjennom detaljerte skildringar av ytre detaljar, gestar og kroppsspråk får lesaren ei oppleving av at «dette kan ha skjedd»! Eit heilt sentralt trekk ved den realistiske litteraturen er nemleg at lesaren skal kjenne igjen det som vert skildra.

Albertine i politilegens venteværelse. Maleri.
Christian Krohg: [i]Albertine i politilægens venteværelse[/i] (1886–1887). I dette biletet, måla av Christian Krohg, vert personane skildra gjennom mange konkrete detaljar – frå klesdrakt og frisyre til ansiktsuttrykk og kroppshaldning.

Kan vi skildre røyndommen «slik han er»?

No høyrer det med til historia at nettopp tanken om mimesis og det å etterlikne eller spegle røyndommen er kritisert av seinare litteraturkritikarar. Kunst er kunst, språk er språk – og berre røyndommen er verkeleg, hevdar dei. All litteratur er ei formidling av ein «røyndom» der forfattaren har teke val – om personar, stader, miljø – og om forteljeform. Mange har derfor peikt på at òg realismen sin litteratur er iscenesetjing av røyndommen. Lesaren får sjå det forfattaren ønskjer å vise.

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale