Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Tema: Tilbake til naturen!

Mange forfattarar er opptekne av forholdet mellom kultur og natur. I desse oppgåvene møter du Henrik Wergeland, Erlend Loe og Lars Monsen.

Doppler si jakt på det autentiske

"Min far er død. Og i går tok jeg en elg av dage. Hva kan jeg si?" Slik opnar roman Doppler (2009) av Erlend Loe (1969– ). Livet til Andreas Doppler tek eit vendepunkt den dagen han ramlar på sykkelen i skogen. Medan han ligg på skogsbotnen og ser opp på grantrea, kjenner han ei sterk indre ro, og at han endelig har funne ein stad han høyrer til. Borte er smertene i kroppen og barne-tv-songane han tvangsmessig syng på. No er han heime!

Doppler om skog

For skogen lytter og forstår, sier jeg. Den river ikke ned, men gjenoppretter og lar ting vokse. Skogen skjønner alt og rommer alt.

Andreas Doppler går frå å vere ein mann som elegant sjonglerer jobb, born, kone og oppussing av bad, til å bli ein einsam jeger og sankar i skogen. Han avviser totalt det forbrukarsamfunnet han var ein del av, som ein ekte roussausk helt vender han "tilbake til naturen".

I det han tek eit oppgjer med den indre uroa som følgjer av jag og mas blir Doppler stilt overfor store eksistensielle spørsmål: Kven er eg eigentleg? Kvifor kjente eg så lite då faren min døydde? For å få svar på desse spørsmåla søker han – som ein ekte romantikar – til ro og nærleik i naturen. Inspirert av indiansk kultur bestemmer han seg for å reise ein totempåle for å heidre den døde faren sin.

Ung elg
Den einaste vennen Doppler har i skogen er elgkalven Bongo.

I skogen finn Doppler noko autentisk – noko ekte. Dette klarer han ikkje å finne blant dei "flinke folka" han omgir seg med – folk han ikkje ein gong veit om han likar. Den næraste vennen hans i skogen er ein elgkalv som han kallar Bongo. Doppler tillegg Bongo fleire menneskelege eigenskapar, han er ein god lyttar med separasjonsangst.

Romanen er ei form for dagbok frå dei sju månadene Doppler oppheld seg i skogen, men vi får også eit innblikk i korleis karakteren Andreas Doppler har hatt det i oppveksten.

Følg kallet

I diktet Følg kaldet! skildrar Henrik Wergeland korleis det kjennest å vere diktar i Noreg. Han samanliknar seg med ei ørn som er bunden fast – han når ikkje ut med storleiken sin fordi publikummet og språket er for lite.

Den romantiske kunstnarmyten står sterkt i diktet – å dikte er ei gåve frå himmelen, den som får denne gåva er forplikta til å følgje dette kallet. Han samanliknar også diktargjerninga si med korleis indianarane ser på skaldane sine.

Oppgåver

Romantiske trekk ved diktet Følg kaldet! og romanen Doppler

Les dei seks første strofene i Henrik Wergeland sitt dikt Følg kaldet!. Lån romanen Doppler av Erlend Loe på biblioteket. Les gjerne heile boka, men spesielt s. 104 og s. 156. Svar på desse spørsmåla:

  1. Kva er motivet i diktet Følg Kaldet?
  2. Beskriv forma på diktet. Kva for effekt oppnår Wergeland når han vel denne forma?
  3. Korleis skildrar Wergeland forholdet indianarane har til skaldane sine? Kvifor trur du Wergeland misunner skaldane posisjonen deira?
  4. Korleis skildrar Wergeland europearane – dei han omtaler som "vestens indianere"? Kva har naturfolket som dei "siviliserte" europearane har mista?
  5. Finn ut kva ein totempåle er, og kva for funksjon han hadde i indiansk kultur.
  6. Hovudpersonen i romanen Doppler ønskjer å lage ein totempåle.
    Sitat Doppler s. 94

    Hvis ikke jeg hedrer min far, kommer ingen til å gjøre det. Jeg vil lage en totempæl til hans minne. Det står med ett helt klart for meg at det kanskje er det eneste riktige å gjøre. Jeg skal hugge den ut med mine egne hender og reise den her i skogen. Jeg faller i søvn mens jeg skisserer for mitt indre øye hvordan en slik totempæl bør se ut (Doppler: s. 94)

    Kvifor bestemmer Doppler seg for å byggje ein totempåle? Og kvifor trur du han vil utforme han slik dette er omtalt på s. 104 i romanen?
  7. Grunngi kvifor ein kan oppfatte forteljinga om totempålen som eit romantisk trekk ved romanen.
  8. Kva andre romantiske trekk finn du i denne romanen?
  9. Kva har romanen Doppler og diktet Følg kaldet! felles når det gjeld syn på naturen?
  10. Kan du kople nokre av desse tankane til synet Rousseau hadde på menneske og natur? Finn eksempel frå tekstane som underbyggjer synspunkta dine.
  11. Eit kjent motsetningsforhold i litteraturen er kontrasten mellom natur og kultur. Finn eksempel på denne motsetninga i diktet til Wergeland og romanen til Loe. Bruk eksempel frå tekstane til å underbyggje poenga dine.
    Doppler: sitat s. 156
    Det er noe vi må gjøre, sier jeg. Noe viktig.

    Kan du være mer presis? sier min kone.

    Nei, sier jeg. Jeg kan være mindre presis. Men ikke mer. Det eneste jeg vet er at vi må sette oss i bevegelse fordi skogen roper på oss.

    Roper den på dere? sier min kone.

    Det er nettopp det den gjør, sier jeg.

    For det fins andre liv enn det livet vi har levd i mange år nå, sier jeg. Det fins noe annet enn Smart Club og barnehagebursdager og middager med såkalte venner og denne frastøtende norske kosen som på samme tid tillater oss å være det triveligste og det meste egoistiske folkeslaget i verden.

    Hvilket annet liv? spør min kone.

    Det er det jeg skal finne ut, sier jeg. Og når jeg finner svaret, skal jeg fortelle deg det.
  12. Lars Monsen er ein norsk villmarkshelt. Han har skrive mange bøker og laga fleire fjernsynsprogram. Sjå videointervjuet nedanfor. Kven av forfattarane er det Monsen liker best, og kvifor liker han denne forfattaren?
  13. Finst det fellestrekk mellom det synet Monsen og Doppler har på kultur og natur? Kva kan grunnen vere til at mange i Noreg i dag har Lars Monsen som førebilete?

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale