Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Romantikk og realismeChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Romantikk og realisme

Romantikk og realisme er to hovudstraumar som pregar kulturhistoria frå slutten av 1700-talet og fram til i dag. Dei romantiske forfattarane er opptekne av det som ikkje let seg forklare berre ved fornuft. Dei realistiske forfattarane var opptekne av samfunnsproblem.

Mann og kvinne. Maleri.
Edvard Munch: Angst (1894)

Romantikk

Ved inngangen til 1800-talet er det fleire filosofar og diktarar som tek til å interessere seg for dei sidene ved tilværet som ikkje lèt seg forklare ved fornuft. Stadig fleire tenkjarar hevda at vegen til djupast innsikt og forståing gjekk gjennom kjensler og fantasi.

Mens opplysningsfilosofane hevdar at fornufta er den guddommelege gneisten som mennesket har del i, ser romantikarane på heile skaparverket som uttrykk for ei guddommeleg verdsånd. Og det er kunstnaren som er den som har best kontakt med denne verdsånda. Gjennom kunsten formidlar han til andre det han ser og sansar.

Nasjonalromantikken

Ein hovudtanke i romantikken er at ein nasjon har nasjonale særmerke på same måten som individet har individuelle særmerke. Det er kunsten og kunstnaren si oppgåve å gi uttrykk for dette særeigne, opphavlege og ekte. Her i landet står denne tanken spesielt sterkt fordi ein er i ferd med å byggje ein eigen nasjon.

Nyromantikken

Interessa for sjelelivet og kanskje særleg for det umedvitne, var eit tydeleg straumdrag i Europa gjennom heile 1800-talet. Mot slutten av hundreåret vart sjelelivet dessutan gjenstand for vitskapleg gransking. Først ute var den austerrikske psykiateren Sigmund Freud (1856–1939), som grunnla psykoanalysen og skulle bli ein av dei mest framståande tenkjarane også på 1900-talet. Mange forfattarar var òg sterkt opptekne av kjensler og dei meir irrasjonelle sidene ved mennesket.

Realisme

Moderniteten kjem for alvor inn i norsk litteratur omkring 1875, det såkalla moderne gjennombrottet. Forfattarane tek opp aktuelle samfunnsproblem og set dei under debatt. Tida mellom 1850 og 1870 var ikkje berre ei tid prega av endringar i samfunnet. Også i litteraturen skjedde det endringar. Trass i at den romantiske diktinga vart halden i live av forfattarar som enno var produktive, kom det til nye. Og det er den nye, realistiske skrivemåten som kom til å dominere meir og meir. Perioden 1850–1870, overgangen frå romantikk til realisme, kan vi derfor kalle poetisk realisme eller romantisk realisme.

Kritisk realisme

Realistane la stor vekt på emnevalet, og i motsetning til romantikarane sette dei søkjelyset på samfunnet og problema der. Realistane ville noko bestemt med diktinga si, dei ville reformere, avsløre og vere kritiske. Epoken har derfor fått namnet kritisk realisme. Nokre av dei viktigaste emnevala var religion og kyrkje, samliv og ekteskap – med særleg fokus på kvinnas stilling – pliktmoral og hykleri, oppseding i skule og heim og dårleg forretningsmoral.

Naturalisme

Naturalistisk dikting er ei vidareføring av den realistiske, men hos naturalistane er målet å trengje djupare ned i problema og finne dei eigentlege årsakene til det skeive i samfunnet. Naturalistane ville vise samanhengen mellom samfunnstilhøva og liva til enkeltmenneska.

Nyrealisme

Tidleg på 1900-talet slo modernismen gjennom som kunstretning i Europa. Men i Noreg fekk vi i staden for eit gjensyn med ei mer realistisk uttrykksform. Enkelte forfattarar valde å fordjupe seg i etiske problem knytte til dei endra samfunnsforholda. Denne nye litterære retninga blei kalla nyrealisme og kom til å dominere norsk litteratur heilt fram mot andre verdskrigen.

Læringsressursar

Romantikk og realisme

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale