Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. BarokkenChevronRight
  5. Analyser teksten Afften PsalmeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Analyser teksten Afften Psalme

Analyser diktet «Afften Psalme» av Dorothe Engelbretsdotter. «Afften Psalme» er henta frå Dorothe Engelbretsdotters første samling av åndelege songar, Siælens Sang-Offer.

Analyseoppgåver

Oversikt over innhaldet

Hent fram spørsmåla

Les gjennom salmen og skaff deg oversikt over innhaldet.

  1. Kva er det tittelen fortel om teksten?
  2. Teksten kan delast opp i bolkar som består av ei eller fleire strofer:

    • ei kort, enkel innleiing som skildrar overgangen frå dag til natt
    • så nokre strofer der denne overgangen blir tolka symbolsk som overgangen frå liv til død
    • deretter ei påminning om at ein har synda, at ein må angre og be Gud om tilgiving
    • ei bønn til Jesus om vern og nåde for forfattaren sjølv og for ei rekkje andre personar
    • ei strofe der forfattaren er tilbake i sin eigen her-og-no-situasjon
    • nokre strofer der nattesøvnen blir samanlikna med døden
    • ei avslutning som skal gi håp

    Kva for strofer høyrer inn under dei ulike bolkane? (Skriv ned strofenummera.)
  3. Kven er personane eg-personen ber for, og kva rekkjefølgje blir dei nemnde i?
  4. Kva er tanken bak denne rekkjefølgja?
  5. Korleis skifter stemninga gjennom teksten? Kva for strofer er nøytrale, kva for strofer er dystre i tonen, og kva for strofer og linjer er optimistiske og gir håp?
  6. Kvar finn vi høgdepunktet i teksten? Grunngi svaret.
  7. Formulér hovudbodskapen i diktet med éi setning.

Strofeform, rim og rytme

Hent fram spørsmåla
  1. Kor mange strofer består diktet av?
  2. Kor mange linjer er det i kvar strofe?
  3. Kva slags rim og rimmønster går igjen?
  4. Les ei strofe langsamt mens du klappar takten. Kor mange slag er det i kvar linje?
  5. Kvifor treng salmar ein fast strofebygnad?

Biletbruk

Hent fram spørsmåla
  1. Dorothe Engelbretsdotter bruker mange bilete i denne salmen. Bileta har ei dobbel oppgåve: Dei skal fungere som språkleg pryd, og dei skal forsterke bodskapen ved å gjere bodskapen meir konkret og ved å appellere til kjenslene.

    Gi eitt eller to eksempel på metaforar i teksten som gjer nettopp dét, og forklar kvifor dei verkar sterkare enn «vanlege» ord.
  2. Personifisering er ein type bilete som «levandegjer» abstrakte fenomen. Finn eksempel på personifisering i teksten og forklar verknaden.
  3. Timeglaset er eit kjent konvensjonelt (kulturbestemt) symbol. Kva står det for?

Andre språklege verkemiddel

Hent fram spørsmåla
  1. Forfattaren bruker direkte tiltale to gonger. Kven er det ho vender seg til? Kva oppnår ho med dette?
  2. Sjå nærmare på strofe 20 og forklar kontrastbruken.
  3. Finn to andre kontrastar i teksten.
  4. Overdrivingar ligg ofte «innbakte» i metaforar, kontrastar og andre verkemiddel. Finn to eksempel på overdrivingar i teksten.

Skrivemåten i teksten

Hent fram spørsmåla

På 1600-talet finst det ikkje noka fast skriftnorm for dansk. Derfor finn ein forskjellar i stavemåte frå tekst til tekst og frå forfattar til forfattar.

Men uansett har rettskrivinga ein ting til felles med arkitektur, litteratur, klesdrakt og resten av den barokke kulturen, nemleg overdrivinga. Det gjeld å pøse på med flest mogleg bokstavar!

  1. Finn nokre eksempel på ord med «ekstra» konsonantar (for eksempel med ck i staden for k, ffv i staden for v osv.).
  2. Dobbel vokal blir av og til (men ikkje systematisk) brukt for å markere lang vokal. Finn nokre eksempel på slike ord.
  3. Stor førebokstav blir brukt for å markere substantiv. Finn eksempel.
  4. Samansette ord blir ikkje alltid skrivne som eitt ord, slik regelen er i dag. Dei kan ofte stå som to enkeltord, eller som to ord med bindestrek imellom. Finn eksempel på samansette ord i teksten.

Kven taler i diktet?

Hent fram spørsmålet

Fordi dikt ikkje nødvendigvis handlar om forfattaren sine eigne, reelle opplevingar, skil vi til vanleg mellom forfattar og «lyrisk eg».

Er eit slikt skilje meiningsfullt i «Afften Psalme», eller kan ein gå ut frå at «eg» i salmen er identisk med forfattaren?

Grunngi svaret – og hugs at det sjeldan finst fasitsvar når vi tolkar tekstar. Derimot finst det så absolutt meir og mindre godt grunngitte svar.

Læringsressursar

Barokken

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Pike med perleøredobb

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale