Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. BarokkenChevronRight
  5. Forfattaren Dorothe EngelbretsdotterChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Forfattaren Dorothe Engelbretsdotter

Oppgåver om Dorothe Engelbretsdotter som person og om diktinga hennar. Oppgåvene er basert på fagtekstane "Norges første kvinnelige forfatter" og " Siælens Sang-Offer".

Kvinne som skriver i en bok. På bordet timeglass og dødningeskalle. Illustrasjon.
Utsnitt av tittelbiletet i førsteutgåva av Dorothe Engelbretsdotter si bok Taare-Offer (1685)

Oppgåve 1

Om Dorothe Engelbretsdotter

Les fagartikkelen Noregs første kvinnelege forfattar og søk etter meir informasjon om Dorothe Engelbretsdotter på Internett.

  1. Kven var ho? Noter viktige stikkord om livet, bakgrunnen og diktarkarrieren hennar.
  2. På biletet er det plassert nokre viktige symbol på forfattarens skrivebord. Kva symboliserer desse gjenstandane, og kvifor er dei tekne med på biletet?

Rimbrev Dorothe Engelbretsdotter

0:00

Oppgåve 2

Mange meinte at ei kvinne neppe kunne ha skrive desse tekstane. Nokre hevda at mannen hennar måtte vere den eigentlege forfattaren. Andre skulda Dorothe for å ha plagiert den kjende salmediktaren Thomas Kingo.

Lytt til rimbrevet Dorothe skreiv for å svare på kritikken.

  1. Kva fortel rimbrevet om skuldingane ho vart utsett for?
  2. Korleis viser ho attende skuldingane?
  3. Kva fortel stiltonen i brevet om korleis diktaren såg på seg sjølv, og om forholdet mellom menn og kvinner i samtida?

Oppgåve 3

Les fagteksten Siælens Sang-Offer og svar på oppgåvene.

  1. Når og kvar vart boka Siælens Sang-Offer gitt ut?
  2. Kva var føremålet med salmane?
  3. Kva er dei viktigaste temaa i tekstane?
  4. Kva kjenneteiknar Dorothe Engelbretsdotter som salmeforfattar?

Oppgåve 4

  1. Kva er ein salme?
  2. Kva er føremålet med tekstar i denne sjangeren?
  3. Kva betydning hadde salmane for folk på 1600-talet?
  4. Diskuter med samarbeidspartnaren din:
    • Kva betydning har salmane for folk i Noreg i dag?
    • Kvifor har betydninga av slike tekstar endra seg frå 1600-talet til i dag?

Oppgåve 5

Skriv eit rimbrev. Jobb gjerne saman to og to.

  1. Kva er eit rimbrev? Søk på Internett etter svaret på dette spørsmålet, og etter eksempel på rimbrev.
  2. Formuler ein provoserande påstand om den personen du jobbar i par saman med, og be han eller henne formulere ein tilsvarande påstand om deg.
  3. Deretter skriv de kvar dykkar korte rimbrev der de svarar på den påstanden som vart framsett.
  4. Les rimbreva for kvarandre, og be makkaren din vurdere form og innhald i lys av det de veit om rimbrev.

Læringsressursar

Barokken

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Pike med perleøredobb

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale