1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. BarokkenChevronRight
  5. Herre Gud, ditt dyre navn og æreChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Herre Gud, ditt dyre navn og ære

Det aller meste av barokk kunst er kyrkjekunst, og det meste av litteraturen er salmar og dikting knytt til kyrkja.

Baldakinen i Peterskirken. Foto.
Baldakinen over høgalteret i Peterskyrkja i Roma er laga av ein av dei viktigaste kunstnarane på 1600- talet, Giovanni Lorenzo Bernini (1598–1680). Bernini var både bilethoggar, arkitekt og målar, og arbeidet hans tente som førebilete for mange andre kunstnarar i den barokke perioden. Baldakinen har fire snodde søyler og er 29 meter høg.

Oppgåve 1

Samlingen Katechismus-Sange

  1. Teksten "Herre Gud, ditt dyre navn og ære" er henta frå ei samling som heiter Katechismus-Sange. Kven har skrive denne samlinga?
  2. Når blei ho gitt ut?
  3. Kva for ein sjanger tilhøyrer songane i samlinga?
  4. Kva vil forfattaren oppnå med desse songane?
  5. Kva er emnet i "Herre Gud, ditt dyre navn og ære"?

Oppgåve 2

Innhaldet i salmen "Herre Gud, ditt dyre navn og ære"

Les utdraget frå salmen "Herre Gud, ditt dyre navn og ære".

  • Kva fortel tittelen om innhaldet?
  • Kva handlar dei enkelte strofene om? Beskriv innhaldet i kvar enkelt strofe med éi setning.
  • Diktarane på 1600-talet ville vise Guds stordom, dei ville gjere det tydeleg kor små og ubetydelege vi menneske er i forhold til Gud. Finn nokre eksempel i teksten som viser nettopp dette.
  • Kva kan menneska på jorda gjere for å helge Guds namn, ifølgje diktaren?

Oppgåve 3

Verkemiddelbruken i teksten

Barokkens forfattarar sparer ikkje på sterke verkemiddel. Dei liker å bruke gjentakingar, overdrivingar, store kontrastar og sterke bilete. Ein slik verkemiddelbruk passar godt når formålet er å hylle ein allmektig gud som tronar høgt over menneska.

  1. Gjentakingar
    Gjentakingar forsterkar bodskapen. Finn nokre eksempel på gjentakingar i denne teksten. (Gjentakingane treng ikkje vere heilt identiske!)
  2. Kontrastar (motsetningar)
    Finn nokre eksempel på kontrastar i teksten. Det kan vere kontrasterande enkeltord og -uttrykk, men også heile linjer og setningar med kontrasterande innhald.
  3. Språklege bilete
    Petter Dass bruker i stor grad besjeling som eit verkemiddel i denne salmen.
    • Finn eksempel på besjeling.
    • Korleis støttar bruken av besjeling opp under bodskapen?
    • Forklar denne metaforen i strofe 13: La ditt lys for folket smukt så brenne, At enhver din dyd og tukt kan kjenne
  4. Rim
    Finn rimorda i teksten. Kvar er dei plasserte? Kva ord rimar på kvarandre?
  5. Grafiske verkemiddel
    Finn du eit reint grafisk verkemiddel i teksten som har som formål å framheve Guds namn?

Læringsressursar

Barokken

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Pike med perleøredobb

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale