Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. BarokkenChevronRight
  5. Nederland på 1600- og 1700-taletChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Nederland på 1600- og 1700-talet

Nederland var lokkande på mange folk i Europa på 1600- og 1700-talet. Ikkje berre var det religionsfridom i landet, det var også eit økonomisk senter gjennom handel, sjøfart og bankvesen. Landet var dessutan eit av dei leiande sentra for vitskap i Europa.

Amsterdam havn på 1700-tallet
Hamna i Amsterdam på 1700-talet

Nordmenn i Nederland

For mange nordmenn var det lønene som lokka mest, i tillegg til eventyrlyst. Sjølv om dei fleste måtte ta til takke med lågstatus- og låglønsyrke, var løna svært høg samanlikna med lønene i Noreg. Den mest vanlege tenesta var som matrosar, soldatar og tenestejenter.

Forskjellar i lønsnivå

Maleri: Kjøkkenpiken
Mange nordmenn som reiste til Nederland for å jobbe fekk jobb som tenestejenter. Som tenestejente kunne ein tjene monaleg meir enn i Noreg. Maleriet er Tenestejenta av Johannes Vermeer.

Ei tenestejente kunne tene 120 gylden (om lag 48 riksdalar) i året i Nederland. I Noreg var betalinga 1 og ¼ riksdalar for den same jobben, då var klede, kost og losji rekna inn. Det seier seg sjølv at ein slik forteneste virka fristande. Desse enorme skilnadene i lønsnivå fortel mykje om forskjellane mellom Noreg og Holland på den tida. I motsetning til Nederland hadde endå ikkje pengeøkonomien etablert seg i det norske samfunnet. Handel og betaling skjedde framleis med bytte av varer og tenester.

Giftarmål i Nederland

Mange nordmenn reiste frå fattigdom, store familiar, utskriving til soldatteneste og brotsverk. Somme såg også eit høve til giftarmål. Det kan ha vore så mange som 12.000 nordmenn som gifta seg i Nederland på 1600- og 1700-talet. Dette ifølgje lysingsregister i Amsterdam. Lysingsregister var oversikt over par som tok ut lysing for ekteskap.

Det nederlandsk-ostindiske kompani

Mange av dei som drog til Nederland vart engasjerte i verksemda til Verenigde Oostindische Compagnie (VOC), det nederlandsk-ostindiske kompaniet. Kompaniet trong stadig nye folk på stasjonane i Austen. Tenesta var svært farleg på grunn av sjukdomar som var ukjende for europearane. Hollendarane vegra seg for å ta teneste for VOC og ein reknar med at halvparten av dei som arbeidde for VOC var utlendingar. Tenesta i Austen kunne vere prega av feberrier, malaria og infeksjonssjukdomar som dysenteri og tyfus, dette førte ofte til dødelege utfall.

Utrekningar viser at så mange som 17.000 nordmenn var i arbeide for VOC på 1600- og 1700-talet. Ein reknar med at det var endå fleire som arbeidde som tenestefolk i Nederland i same periode. Av dei nordmennene som reiste ut med VOC reknar ein med at berre 1/3 overlevde tenesta.

Kjelder:

  • Dansk kolonihistorie. Indføring og studier. Redaksjon: Peter Hoxer Jensen, Leif Haar m.fl. Forlaget Historia, 1981.
  • Jonathan I. Israel. The Dutch Republic. Its Rice, Greatness, and Fall 1477 – 1806. Clarendon Press, London, 1998.
  • Sindre W. Aarsbog. For en neve gylden. Trøndere i hollandsk østindia ca. 1600 – 1800. Artikkel i Trondhjemske Samlinger, 2004.

Læringsressursar

Barokken

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Pike med perleøredobb

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale