Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. BarokkenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Barokke trekk ved biletet Pike med perleøredobb

Finn barokke trekk i måleriet Pike med perleøredobb, og samanlikn biletet med andre kunstverk.

Oppgåve 1

Biletet av Mona Lisa vart måla i den perioden som vi gjerne kallar «renessansen», medan Pike med perleøredobb er måla i ein periode som vert omtalt om «barokken».

  • Kva er hovudforskjellen i måten desse to måleria framstiller ei ung jente på?
  • Leonardo da Vinci bygde opp biletet sitt med horisontale og vertikale liner, mens Vermeer har plassert motivet i ei diagonal line. Kva for effekt har det?

Oppgåve 2

Samarbeid gjerne to og to.

  1. Lyssettinga i måleriet Pike med perleøredobb vert ofte omtalt som «typisk barokk». Gjer greie for måten motivet er lyssett på.
  2. Perleøredobben er eit element vi legg merke til, både i motivet og bilettittelen. Kva for verkemiddel bruker målaren for å trekkje merksemda vår mot dette elementet i biletet?
  3. Kva for symbolsk meining trur du eit slikt smykke hadde på 1600-talet?
  4. Sterke kontrastar er eit viktig verkemiddel i barokk kunst. Kva for kontrastar finn du i dette biletet?
  5. Studer sjølvportrettet til Odd Nerdrum som er måla i perioden 1984 til 1995. Kva for likskapar er det mellom dette portrettet og biletet til Vermeer?
Barn og vaksne i festleg lag. Måleri.
Biletet Heilagetrekongarsfest vart måla av Jan Steen i tidsrommet 1660 til 1670.

Oppgåve 3

Samanlikn Johannes Vermeer sitt måleri Pike med perleøredobb med Jan Steens måleri Heilagetrekongarsfest, som er eit anna nederlandsk måleri frå om lag same perioden.

  • Kva for eit av desse måleria er mest i tråd med dei tankane de har gjort dykk om barokk målekunst?
  • Grunngi svaret, og presenter det for resten av klassen. Vis bileta på storskjerm.

Læringsressursar

Barokken

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Pike med perleøredobb

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale