Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. BarokkenChevronRight
  5. Oppgåve til måleriet Pike med perleøredobbChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåve til måleriet Pike med perleøredobb

Pike med perleøredobb er måla av den nederlandske kunstnaren Johannes Vermeer, eller Jan Vermee (1632–1675). Han budde i byen Delf. Motiva i måleria er kvardagslivet til borgarskapen (middelklassa) på 1600-talet.

Portrett av ung jente med perleøredobber. Oljemaleri.
Johannes Vermeer: Pike med perleøredobb (måla ca. 1665)

Vermeer er ein av dei mest vørde kunstnarane på1600-talet. Bileta hans er nesten fotografiske i måten motiva vert gjevne att på. Mange trur derfor at han brukte camera obscura når han skissa motiva sine, ei oppfinning som vart teken i bruk før fotografiapparatet. Som barokk-kunstnar var Vermeer likevel oppteken av å gi bileta sine ei underliggjande meining. Bileta hans inneheld derfor ofte objekt med symbolsk tyding.

Oppgåve 1

Denne oppgåva legg vekt på informasjonssøk og å forstå omgrep.

  1. Søk på NDLA etter informasjon om camera obscura. Forklar korleis denne oppfinninga fungerer.
  2. Søk etter forklaring på omgrepet allegori på NDLA. Kva er ein allegori?
  3. Søk på Internett etter meir informasjon om Johannes Vermeer. Skriv eit notat på 300 ord der du samanfattar den viktigaste informasjonen om denne kunstnaren, og forklarer omgrepa kolorist og pointillisme.

Oppgåve 2

I denne oppgåva skal du øve på å skrive ei forteljing.

Studer Johannes Vermeer sitt bilete Pike med perleøredobb.

  • Skriv ei kort, fiktiv forteljing på 500 ord om denne jenta, basert på det du opplever når du ser biletet.
    • Kven er ho?
    • Kven ser ho på?
    • Kva har hendt før biletet vert måla?
    • Kva hender etter at biletet er ferdig?

Læringsressursar

Barokken

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Pike med perleøredobb

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale