Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. BarokkenChevronRight
  5. Det åndelege og det verdslegeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Det åndelege og det verdslege

Gud står i sentrum i barokken, men kunsten er likevel dualistisk. Det vil seie at kunstnaren fokuserer både på mennesket (det verdslege) og på Gud (det åndelege), på dette livet og på livet etter døden.

Jomfru Maria med Jesus-barnet på ei trone, omkransa av kyrkjefedrane og den spanske kongen og dronninga som kneler. Måleri.
Jomfru Maria og barnet. Oljemåleri frå 1490.

Oppgåve 1

I denne oppgåva skal du analysere eit oljemåleri frå 1490. Biletet viser den spanske kongen Ferdinand og den spanske dronninga Isabella som kneler foran ei trone der jomfru Maria sit med Jesus-barnet på fanget. På høgre side av trona står kyrkjefaderen Thomas Aquinas med ei kyrkje i handa, på venstre side Sankt Dominic med ei lilje og ei åpen bok. Klikk på biletet for å sjå detaljane.

  1. Korleis er dette biletet komponert (balanse, linjer, gjentakingar)?
  2. Kva fortel komposisjonen?
  3. Kva finst i framgrunnen?
  4. Kvifor er nettopp desse elementa plasserte der?
  5. Kva finst i mellomgrunnen?
  6. Kvifor er nettopp desse elementa plasserte der?
  7. Kva finst i bakgrunnen?
  8. Kvifor er nettopp desse elementa plasserte der?
  9. I biletet finn vi eit samspel mellom varme og kalde fargar. I kva delar av biletet er det brukt kalde fargar?
  10. Kvifor vert det brukt kalde fargar her?
  11. Jomfru Maria har raud kappe. Kva symboliserer denne raudfargen?
  12. Beskriv alle symbola du finn i biletet, og forklar kva dei tyder.
  13. Kva tyder omgrepet «allegori»? Er det naturleg å bruke eit slikt omgrep om dette biletet? Begrunn svaret.
  14. Kva er bodskapen i biletet?
  15. Kva fortel biletet om verdiar og livssyn i samfunnet og tidsperioden det vart til i?

Oppgåve 2

Ein del tenkjarar på 1600-talet meinte at tilveret er av sjeleleg eller åndeleg karakter. Ei slik haldning kallar vi idealisme. Andre tenkjarar på 1600-talet meinte at alt kan førast tilbake til fysiske einingar. Ei slik haldning kallar vi materialisme.

Samarbeid gjerne to og to om å finne svar på spørsmåla.

  1. Den engelske poeten John Milton var oppteken av metafysikk. Finn ut kva dette omgrepet tyder.
  2. Milton vert også omtalt som «opplysingsfilosof». Kva er ein opplysingsfilosof?
  3. Søk på Internett etter informasjon om John Miltons hovudverk Paradise Lost (Det tapte paradis) frå 1667. Kva handlar dette eposet om?
  4. Ein annan viktig tenkjar på 1600-talet var Isaac Newton. Sjå videoen Isaac Newton and a Scientific Revolution (engelsk tale) og søk informasjon om Newton på Internett. Kva var han oppteken av?
  5. Newton vert i oppslagsverk omtalt som naturfilosof. Kva tyder dette omgrepet?
  6. Store norske leksikon omtaler Newtons verdsbilete som «mekanistisk». Kva pregar eit slikt verdsbilete?

Læringsressursar

Barokken

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Pike med perleøredobb

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale