Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. BarokkenChevronRight
  5. Salmelitteraturen i barokkenChevronRight
LearningPath
Du er nå inne i en læringssti
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Thomas Kingo

Den danske barokkdiktaren Thomas Kingo er best kjent for salmediktinga si, men han skreiv også verdslege tekstar, mellom anna humoristiske dikt, hyllingsdikt og kjærleiksdikt.

Forfattaren Thomas Kingo

Thomas Kingo (1634–1703) voks opp i enkle kår, men fekk likevel gå på latinskule og ta universitetsutdanning. I 1677 vart han biskop i Fyn Stift.

Kingo er best kjend for salmediktinga si, men han skreiv også verdslege tekstar, mellom anna humoristiske dikt, hyllingsdikt og kjærleiksdikt.

Kingo var ein sterk tilhengjar av eineveldet, ei styreform som gav all makt til kongen. Det er kanskje grunnen til at danskekongen gav han i oppgåve å lage ein ny kyrkjeliturgi og ei salmebok for heile Danmark-Noreg.

Kingos salmebok

Salmeboka kom ut i 1699 med tittelen Dend Forordnede Ny Kirke-Psalme-Bog. Kongen bestemte så at denne salmeboka skulle brukast av alle kyrkjene både i Noreg og Danmark. I ettertid er boka kalla Kingos salmebok, sidan heile 86 av dei 300 salmane i boka er skrivne av Kingo sjølv.

Kingos salmebok inneheld også salmar av Martin Luther, og Kingo fall i unåde hos kongen da han gav seg til å revidere salmane til Luther.

Kingos salmebok var i vanleg bruk i Noreg fram til 1869. Då overtok Landstads salmebok, som inneheld Landstads eigne salmar og eldre salmar som vart omsette til norsk.

Form og innhald

Kingos salmar er skrivne i eit poetisk språk og i mønstergyldige vers. På same måten som Petter Dass knyter Kingo kristendommen til kvardagslivet. Salmane er dessutan skrivne til verdslege melodiar. Tanken er at også folk frå allmugen skal kunne bruke salmane i kvardagslivet.

Ein fellesnemnar for salmane er at mennesket er eit syndig vesen som treng Guds nåde. Derfor må ein angre syndene sine og gjere bot. Då kan ein ta imot Guds kjærleik, som syner seg gjennom Jesu død og oppstode frå dei døde.

I Kingos salmebok finn vi kjende salmar som framleis er i bruk i Noreg i dag:

  • «Sorgen og gleden de vandrer til hope»
  • «Nu rinner solen opp»
  • «Som den gyldne sol frembryder»
  • «Tiden skrider, dagen rinner»
Les salmen sjå teksten

Bibeltekst: "Jeg er vejen og sandheden og livet." - Jesus (Joh. 14:6)

Den Danske Salmebog 46 - Sorrig og glæde de vandre til hobe

1
Sorrig og glæde de vandre til hobe,
lykke, ulykke de gange på rad,
medgang og modgang hinanden tilråbe,
solskin og skyer de følges og ad.
Jorderigs guld
er prægtig muld,
Himlen er ene af salighed fuld.

2
Kroner og scepter i demantspil lege,
leg er dog ikke den kongelig dragt.
Tusinde byrder i kronerne veje,
tusindfold omhu i scepterets magt.
Kongernes bo
er skøn uro,
Himlen alene gør salig og fro.

3
Alle ting har sin foranderlig lykke,
alle kan finde sin sorrig i barm.
Tit er et bryst under dyrebart smykke
opfyldt af sorrig og hemmelig harm.
Alle har sit,
stort eller lidt,
Himlen alene for sorgen er kvit.

4

Vælde og visdom og timelig ære,
styrke og ungdom i blomstrende år
højt over andre kan hovedet bære,
falder dog af og i tiden forgår.
Alle ting må
enden opnå,
Himmelens salighed ene skal stå.

5
Dejligste roser har stindeste torne,
skønneste blomster sin tærende gift,
under en rosenkind hjertet kan forne,
for dog at skæbnen så sælsom er skift!
I våde-vand
flyder vort land,
Himlen har ene lyksaligheds stand.

6
Angest skal avle en varende glæde,
kvide skal vinde sin tot ud af ten.
Armod skal prydes i rigeste klæde,
svaghed skal rejses på sundeste ben.
Avind skal stå
fængslet i vrå,
Himlen kan ene alt dette formå.

7
Lad da min lod og min lykke kun falde,
hvordan min Gud og min Herre han vil,
lad ikkun avind udøse sin galde,
lad kun og verden fulddrive sit spil!
Sorrig skal dø,
lystigheds frø
blomstre på Himle-lyksaligheds ø!

Thomas Kingo 1681. [RK]

På nettstaden Den Danske Salmebog kan du søkje opp salmar som er skrivne av Thomas Kingo.

Andre tekstar av Kingo

Under eineveldet var det viktig å halde seg inne med kongemakta. Ein del av forfattarskapen til Kingo var derfor hyllingsdikt til den eineveldige kong Fredrik 5., som heldt liv i diktaren og gav han kyrkjelege embete:

Lad dette Hastverk faae en liden Naade-Skygge,

Og lad min Digter-Konst oppaa Din Mildhed bygge,

Hvad min Blek-Pensel kun hår grunded denne gang,

Skal bedre treffis i Din Fremtiids Seyer-Fang.

Føer Sværdet midlertiid, hvor hen Dit Øye meder,

Og hvor Guds Øye Dig fremlyvser og henleder:

Giør af Din Mandoms Drifft hver Almanakke fuld,

Saa skal Du skildris ud i Ævighed paa Guld.

Kingo skreiv òg ei hylling til den norske salmediktaren Dorothe Engelbretsdotter, som han sette svært høgt som forfattar.

Kingo om Dorothe Engelbrettsdotter

0:00

Dei meir humoristiske rimbreva til Kingo kunne vere nokså vågale. Slik tenkte Kingo seg kjenslene til ei kvinne som ventar på han mens han kjempar seg gjennom ein kraftig snøstorm:

O! var mit Skød en Kakkel-Vraa,

Naar frøssen Kingo kommer,

Lyksalig jeg mig sagde da

For alle Rosens Blommer.

Ordforklaring

Skød – fang / kvinneleg kjønnsorgan

Kakkel-vrå – omnskrok