Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. BarokkenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Vår Gud, han er så fast en borg

Martin Luther er mest kjend som protestantismens far. Men han var også eit førebilete for danske og norske salmediktarar.

Tysk borg i Bavaria. Fotografi.

Salmediktaren Martin Luther

Den tyske kyrkjereformatoren Martin Luther (1483–1546) skreiv ei rekkje salmar som vi syng den dag i dag. Den mest kjende av salmane til Luther er «Vår Gud, han er så fast en borg» («Ein feste Burg ist unser Gott») (1529). Salmebloggen.no omtaler denne salmen som «reformasjonens kampsang nummer én».

Til fordjuping Reformatoren Martin Luther (engelsk tale)

Oppgåve 1

Studer tekstutdraget nedanfor frå salmen « Vår Gud, han er så fast en borg».

Sjå også Salmebloggen: Vår Gud, han er så fast en borg

  1. I Salmebloggen kan du lese om bakgrunnen for denne teksten. Kva for ein tekst tok Martin Luther utgangspunkt i då han skreiv denne salmen?
  2. I første strofe samanliknar Luther Gud med ei borg. Kva for funksjon hadde borga i Tyskland rundt år 1500?
  3. Kva fortel teksten om synet Luther hadde på tilhøvet mellom Guds makt og verdsleg makt?
  4. Kvifor trur du denne salmen blir omtalt som ein kampsong for reformasjonen?

1.

Vår Gud han er så fast en borg,
han er vårt skjold og verge.
Han frir oss ut av nød og sorg
og vet oss vel å berge.
Vår gamle fiende hård
til strid imot oss står.
Stor makt og arge list
han bruker mot oss visst.
På jord er ei hans like.

[…]

3.

Om verden full av djevler var
som ville oss oppsluke,
vi frykter ei, vi med oss har
den som Guds sverd kan bruke.
Er verdens fyrste vred
og vil oss støte ned,
han ingen ting formår,
fordi alt dømt han går.
Et Guds ord kan ham binde. […]

(Omsetjing: Landstads reviderte salmebok )

Oppgåve 2

Jobb saman to og to. Salmane til Luther er omsette til mange språk, og finst i ulike versjonar i norske salmebøker frå Kingos tid og fram til i dag.

  1. Samanlikn ordvalet i Landstads omsetjing frå 1855 med den danske omsetjinga frå 1533 (Malmö-salmeboka). Kva er forskjellig? Kvifor trur de Landstad vel andre ord?
  2. Peik på viktige endringar i det dansk-norske skriftspråket i denne perioden.
Landstads omsetting frå 1855 sjå teksten: Vor Gud han er saa fast en borg Han er vårt Skjold og Verge Han hjelper os af al den Sorg og Nød, som os vil herje. Den gamle Fiende nu sig reiser harm i Hug, stor Makt og arge List han bruger mot os vist på Jord er ei hans Lige.
Malmö-salmeboka 1533 sjå teksten:

Wor Gud han er saa sterck en borg,

han er vor skiold og værie,

han hjelper aff all nød oc sorg,

der oss vil her besnærge,

dieffuelen wor gamble fiende

han wil oss offuerwinde,

stor mact oc argelist

bruger han mod oss vist,

paa jorden er ey hans lige.

Oppgåve 3

Samanlikn den tyske versjonen av salmen frå 1856 med nynorskversjonen til den norske salmediktaren Elias Blix frå 1883.

  • Er dette ei vellykka omsetjing? Kvifor? / Kvifor ikkje? Grunngi svaret.
  • Samanlikn Landstads omsetjing frå 1855 med omsetjinga til Blix frå 1883. Kva er hovudskilnadene mellom desse to språkversjonane?
Tysk versjon 1856 sjå teksten:

Ein feste Burg ist unser Gott,

Ein gute Wehr und Waffen.

Er hilft uns frei aus aller Not,

die uns izt hat betroffen.

Der alt böse Feind

mit Ernst ers izt meint

gross Macht und viel List,

sein grausam Rüstung ist,

auf Erd ist nicht seins gleichen.

Elias Blix 1883 sjå teksten:

Vaar Gud han er so fast ei Borg.

Han er vaar Skjold og Verja.

Han hjelper oss i all den Sorg,

Som Hjartat her vil herja.

Vaar gamle Fiend gram

Med Aalvor no fer fram.

Stor Magt og Lygn og List,

Det er hans Vaapen visst.

Paa Jord ei ei hans Jamning.

Oppgåve 4

Lag ei omsetjing på moderne norsk (nynorsk eller bokmål) av første strofe i salmen «Herre Gud, ditt dyre navn og ære». Kva for ord er dekkjande for bodskapen i teksten i dag?

Pass på å behalde rim og rytme!

Læringsressursar

Barokken

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Pike med perleøredobb

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale