Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. BarokkenChevronRight
  5. Forfattar eller kvinneleg forfattar?ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Forfattar eller kvinneleg forfattar?

Tema for denne oppgåva er debatten om ei kvinne som skriv bøker, skal kallast «forfattar» eller «kvinneleg forfattar».

Retrobilde av kvinne med skrivemaskin.Rosa bakgrunn. Fotografi.

Oppgåve 1

Dorothe Engelbretsdotter vert kalla Noregs første kvinnelege forfattar. Ho var ikkje den einaste diktarkvinna i samtida si, men ho var den mest kjende og anerkjende.

  1. Korleis såg folk i samtida på den litterære verksemda hennar?
  2. Kva fortel dette om stillinga til kvinner i Noreg på 1600-talet?
Om kvinnelege forfattarar

Oppgåve 2

Den franske forfattaren Nathalie Sarraute skal ha sagt følgjande: «Når eg skriv, er eg verken mann eller kvinne, verken hund eller katt.»

Lytt til debatten i Dagsnytt 18 mellom sosiolog Unni Conradi Andersen, litteraturmeldar Cathrine Krøger og forfattar Vigdis Hjort. Lag deretter ei punktliste med synspunkt og argument som vert nytta i debatten.

  • Kva meiner sosiologen?
  • Korleis argumenterer ho for synspunktet sitt?
  • Kva meiner litteraturmeldaren?
  • Korleis argumenterer ho for synspunktet sitt?
  • Kva meiner forfattaren?
  • Korleis argumenterer ho for synspunktet sitt?

Oppgåve 3

Rollespel

Tenk deg at du er Dorothe Engelbretsdotter, og at du deltek i ein tilsvarande debatt i eit litterært selskap på 1600-talet.

  • Kva trur du ho ville ha meint om bruk av omgrepet «kvinneleg forfattar»?
  • Korleis trur du ho ville ha argumentert for synspunktet sitt?
  • Framfør debattinnlegget til Dorothe munnleg for klassen.

Læringsressursar

Barokken

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Pike med perleøredobb

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale