Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. BarokkenChevronRight
  5. Siælens Sang-OfferChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Siælens Sang-Offer

På 1600-talet var salmane den vanlegaste brukslyrikken i Noreg. Salmar er songar med eit religiøst innhald som vert sungne under gudstenester og i andre religiøse samanhengar. Føremålet med salmane er å styrkje folk i trua.

Altertavle i Urnes stavkyrkje i Sogn. Fotografi.
Altertavle i Urnes stavkyrkje i Sogn

Siælens Sang-Offer

Då Dorothe Engelbretsdotter gav ut boka Siælens Sang-Offer i 1687, var det den første boka av ein norskfødd forfattar som vart trykt i Noreg. Ho inneheld ei samling salmar og oppbyggjande songar.

Eit gjennomgåande tema i salmane frå Siælens Sang-Offer er ønsket om å få øve bot. Temaet er typisk for mykje av den barokke diktinga. Det skuldast at krig, naud, sjukdom og død prega livet til mange menneske på den tida, og all ulykke vart tolka som Guds straff for misgjerningar. Mennesket er syndig, og det finst alltid noko å angre.

Kiære Siæl kom det i hu,
Og der hos bekiendt kun nu,
At du som it Adams barn,
Velter deg i Synd og Skarn.

Femte strofe av «Afften-Psalme» av Dorothe Engelbretsdotter

Forgjengelegdomen til menneskelivet er eit anna sentralt tema i barokkdiktinga. Alt verdsleg er forgjengeleg, noko menneska veit av eiga smerteleg erfaring. Dei må derfor feste sin lit til Gud og håpe på eit liv utan sorg og naud etter døden. Siste strofe av «Afften-Psalme» lyder slik:

Alle Verdslig Ting forgaar,
Jeg til Herlighed oppstaar,
Naar Gud ved Basunens Lyd,
Kalder mig til Evig Fryd.

Brukslyrikk

På 1600-talet var salmane brukslyrikk. Mange menneske på den tida kunne ikkje lese, men så godt som alle kunne salmane utanåt. Salmar vart derfor gjerne skrivne til populære verdslege melodiar.

Afften-Psalme

0:00
Afften-Psalme

Påskesalme

0:00
Påskesalme

En jule-sang

0:00
En jule-sang

Læringsressursar

Barokken

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Pike med perleøredobb

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale