Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. BarokkenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Samanlikn to tekstar om kva fisken har å seie for Nord-Noreg

Denne oppgåva kan løysast i små grupper (to elevar). Trekk til slutt heile klassen med i ein samla diskusjon om kva fisken har å seie for Nord-Noreg.

Tre fiskere med hver sin store skrei under armen. Sort-hvitt. Foto.
Tre lofotfiskarar fotograferte av Anders Beer Wilse i Ballstad i 1910.

Oppgåve

Sjå aksjonsvideoen Banner mot olje og les utdraget «Svemmende Dyr i det Nordlandske Hav» frå Nordlands Trompet. Tekstane finn du under oppgåva.

  1. Kor viktig er, ifølgje tekstane, torsken (fisken) for livsgrunnlaget i Nord-Noreg?
  2. Kva for andre moglege næringsvegar er det fiskeriet vert halde opp mot?
  3. Samanlikn måten synspunkta vert formidla på i dei to tekstane. Kva er likt? Kva er forskjellig?
  4. Petter Dass var ei tydeleg røyst i samtida si. Hadde han levd i dag, hadde han neppe vore tagal i debatten om framtida for folk i Nord-Noreg. Diskuter i gruppa: Korleis ville Petter Dass ha stilt seg til spørsmålet om oljeboring i Lofoten og Vesterålen?
  5. Formuler eit kort opprop eller ein plakattekst (maks. 50 ord) signert Petter Dass, der meininga hans om dette spørsmålet er formulert på rim. Heng oppropa opp i klasserommet.
  6. Diskuter til slutt i klassen: Kva for eit av desse oppropa vil ha størst effekt i den diskusjonen som no går føre seg rundt oljeboring i nord?

Tekst 1: Banner mot olje

I mars 2013 aksjonerte ungdom over heile landet mot oljeboring i havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Videoen viser resultatet av det landsomfattande engasjementet blant ungdom og lokallag frå Natur og Ungdom, AUF, SU, Unge Venstre, KrFU, Folkeaksjonen Oljefritt LoVeSe, og fleire.

Tekst 2: Utdrag frå Nordlands Trompet

Utdrag frå kapittelet «Svemmende Dyr i det Nordlandske Hav»

[...]

Nu maae jeg mig snoe til den Nordlandske Torsk,
Som Fiskerne kalde monn' Skreien paa Norsk,
Han nævnes maae Nordmandens Krone,
Han kroner vor Gielde han kroner vor Skiaae
O! Sæel est du Bonde, som Torsken kand faae,
Han føeder baad' dig og din Kone.

Du Torsk maae vel kaldes vor Næring og Brug,
Du skaffer fra Bergen saa mangen Tønd' Rug,
Den stakkels Nordfarer til Føde.
Barmhiertige Fader oplade din Hand,
Velsigne os fattige Folk her i Land
Med dine Velsignelser søde!

Skuld' Torsken os feyle, hvad havde vi da,
Hvad skulle vi føre til Bergen herfra?
Da seyled' vist Jægterne tomme.
Hvad have vi andet, her bygger og boer,
End søge vor Føde med Angel og Snor
Og pløye de Bølger hin gromme?

Og skulle du HErre forkorte din Hand,
At stænge Skrei-Torsken og Fisken fra Land,
Da lagdes vi hastelig øede.
Vi har ey at lide paa Most eller Viin,
Her findes ey heller Sølv-Biergene fiin,
Os mangler Guld-Gruven den røde.

Vort Land er ey heller et Canaan sød,
Hvor Marken med Melk og med Honning omflød
Her findes ey Druer at plukke;
Ney! Fisken i Vandet, det er vores Brød,
Og miste vi hannem, da lide vi Nød,
Og jammerlig nødes at sukke.

[...]

Ordforklaringar

  • må jeg mig snoe til – må eg vende meg til
  • Gielde – (preste)gjeld
  • skiaae – uthus, skjå
  • est du – er du
  • jekt – lite kystlastefartøy (skip)
  • oplade – opne
  • angel – fiskestang
  • grom – stor, svær
  • forkorte din hand – lukke din hand, vende deg frå oss
  • hastelig – raskt
  • et Canaan sød – landet som Gud ifølgje Det gamle testamentet lova folket sitt, og som skulle flyte av mjøl og honning

Læringsressursar

Barokken

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Pike med perleøredobb

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale