1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. BarokkenChevronRight
  5. «Vær hilset, I Nordlands bebyggende Mænd»ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

«Vær hilset, I Nordlands bebyggende Mænd»

Oppgåver til innleiingsdiktet i Nordlands Trompet.

Petter Dass skriver Nordlands trompet. Illustrasjon,

Opplesing fra Nordlands Trompet

0:00
Opplesing fra Nordlands Trompet

Tekstutdrag «Vær hilset, I Nordlands bebyggende Mænd» frå Nordlands Trompet

Vær hilset, I Nordlands bebyggende Mænd
Fra Verten i Huset til trælende Svend,
Vær hilset, I Kofte-klæd Bønder!
Ja samtlig saa vel ud til Fiære som Field
Saa vel den der bruger med Fisken paa Gield
Som salter Graae-Torsken i Tønder.

Vær hilset, I Geistligheds hederlig Lius
Prælater, og Orden i Helligdoms Huus,
Hver i sin Bestilling hin gieve!
Tillige den velbetroed Øvrigheds Mand, S
om bære bør Sverdet og Retten i Land,
Fra Vold og Uorden hanthæve!

Hil være Leylendingen, Huus-Manden og,
Hver Odelsmand med den Strandsiddende Flok
Af hvad for slags Middel og Evne
Udliggere, Kræmmer, hvad Navne de har
Samt flere, som jeg her udtydlig og klar
For Mangel af Tiid ey kand nævne.

Hil være det elskelig Qvindelig Kiøn,
Matroner og ægte-gift Hustruer skiøn',
Madamer og ugifte Piger;
Dog synderlig tugtig Gemytter i sær,
Min Hilsen jeg samtlig tilbyder enhver,
og redebon Tienist' tilsiger, […]

Ordforklaringar

  • prælat – ein geistleg person
  • Helligdoms Huus – kyrkja
  • leylendingen – leiglendingen, ein som leiger jord
  • odelsmand – sjølveigande bonde
  • Strandsiddende Flok – personar som bur ved sjøen, men ikkje eig eiga jord
  • matrone – ei gift kvinne, kanskje noko eldre; svarar omtrent til hustru og madam
  • gemytt – sinnelag, lynne
  • redebon Tienist' tilsiger – klar til teneste

Oppgåve 1

Oppgåve 2

  1. Nordlands Trompet er eit «topografisk læredikt». Forklar kva som ligg i dette omgrepet.
  2. Kva kan grunnen vere til av Nordlands Trompet først kom på trykk over 30 år etter at diktaren var død?
  3. Kva for tittel vart brukt då boka vart trykt i 1739?
  4. Kva fortel tittelen om føremålet med denne teksten?

Oppgåve 3

Petter Dass var prest på Alstahaug i Nordland. I helsinga si i innleiinga til Nordlands Trompet vender han seg til dei som bur på Helgeland, i Salten, Lofoten og Vesterålen.

Tenk deg at du som ung, nytilsett prest vert beden om å halde 17. mai-tale på Alstahaug. I innleiinga til talen din har du bestemt deg for å helse innbyggjarane i dette området i god Petter Dass-stil, men på ein måte som passar inn i vårt hundreår.

Skriv ei slik innleiing til ein 17. mai-tale (maks 150 ord), og framfør henne munnleg for klassen. Legg vekt på å bruke same rim og rytme som Petter Dass bruker i innleiinga til Nordlands Trompet.

Læringsressursar

Barokken

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Pike med perleøredobb

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale