Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Folkedikting og samtidstekstarChevronRight
  5. HuldrebryllaupetChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kildemateriale

Huldrebryllaupet

Mange gardar hadde ei seterbu i skogen eller på fjellet der buskapen var på beite om sommaren. Det var knytt mange folkelege forestillingar til den tradisjonelle seterdrifta.

seterbu i fjelllandskap. Foto.

Budeia var ofte ei ung jente som budde aleine på setra med kyrne. Dei underjordiske, haugfolket eller huldrefolket, var røyndom for mange på den tida.

Ei ung jente vart sitjande på setra etter at dei andre hadde drege ned til bygda om hausten. Ein dag kom det huldrefolk til stølen og tok til å pynte henne til brur. Ho forstod at dei hadde tenkt å gifte henne inn i huldreslekta, og ho passa derfor på å sleppe ut hunden sin.

Hunden spring ned til bygda og varslar kjærasten hennar. Han innser at noko er gale på setra, og tek med seg børsa og dreg til fjells. Då han kjem fram, vert han forundra over å sjå så mange hestar rundt selet. Han kikkar inn gjennom ein glugge og får sjå jenta sitje pynta som brur der inne. Huldrefolka er nett i ferd med å setje brurekrona på hovudet hennar.

Kjærasten skyt over taket, og dermed kjem huldrefolket springande, krabbande og rullande ut gjennom døra. Overnaturlege skapningar vert nemleg makteslause når det vert skote, eller når nokon kastar stål over dei.

Så går kjærasten inn og tek med jenta ned til bygda og gifter seg med henne. Ho er jo alt i brurepynten!

Læringsressursar

Folkedikting og samtidstekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Eventyr

  • SubjectMaterialFagstoff

    Segner

  • SubjectMaterialFagstoff

    Folkeviser

  • SubjectMaterialFagstoff

    Legendeviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historiske viser og riddarviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Trollviser, dyreviser og skjemteviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Gammalstev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nystev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale