Hopp til innhald

SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Gammalstev

Gammalstevet er den eldste typen dikting med enderim vi kjenner til, både i Noreg og elles i Norden.

gutt og jente som danser folkedans

Gamle danseviser

Eit stev består av ei strofe med fire linjer og enderim. Det er vanleg å skilje mellom gammalstev og nystev. I gammalstevet er det andre og fjerde linje som rimar på kvarandre.

Dei norrøne sagaene kallar gammalsteva for danzar, noko som fortel oss at dei vart brukte til å danse etter. Ein reknar med at desse strofene med fire linjer kom til Norden saman med songdansen. Vi finn liknande lyriske "einstrofarar" mange stader rundt om i verda.

Samanlikningar og språklege bilete

Stev 19 og 20 nedanfor er døme på noko som er typisk for gammalstev. Hendingar i naturen vert samanlikna med stemninga i sinnet. Dette kjenneteiknar all primitiv lyrikk. Tanken og refleksjonen hos diktaren har ikkje komme så langt at han kan gi kjensla åleine ei skarp og klar form; ho må ha noko å støtte seg til, eit spegelbilete som kan samle og gjengi stemninga.

Kjærleiken mellom mann og kvinne vert samanlikna med "... som logjen i lauet brenn". Her kan vi sjå for oss dei gamle røykstovene, der elden flamma kraftig opp når dei kasta tørre lauvkvistar inn i grua.

Gammelstev - Tone Krohn

0:00
Tone Krohn framfører eit gammalstev


1.
Hanen stend'e på stabburshella,
og bonden gjev'honom konn;
rakkjen skvakkar i bakko nord,
og hjuringjen blæs i honn.

2.
Fenåren gjeng unde Elkansnuten,
det er så vent å sjå;
hesten hoppar i Krykkjokleivan',
og han hev bjølle på.

3.
Geiti stend i bergskorta
og mekrar ut av hæ'e:
"Ofte hev mi side vori klypt
og gjort utav tjoneklæ'e"

4.
Sauen stend i bergskorta
og blæktar ut so vide:
"Ofte hev mi side vori klypt
og gjort utav tjeld so fride"

5.
Om så tala skrubbe-ungjen,
— han kaga seg unda grån:
"No ser eg hesten hass Targjei unge,
han ber'e den bleike mån."

6.
Burmannshonnet og langeluren,
det toler kje bamse høyre;
men bånegråten og fløytelåten,
det lillar i hass øyre.

7.
Hjuringen sit på bergje,
og ser imote sol;
så gle'er han seg åt kvelle,
som bonni gjer i mot jol.

8.
Kall'e graut og geteskyr,
det er hjurings rett;
men når han kjem i støylsbardet,
då hjalar han so lett.

9.
Det hjalar eit viv i Jusuli,
det hev'e så vent eit ljod;
Det hev'e komi i hugjen min,
det gjeng der alli utor.

10.
Håret hev ho som tiriltunga,
og halsen er som mjøll,
augo dei er i hausen sjå,
som soli ris ivi fjøll.

11.
Eg sille gjeva til sprettan' rauden,
fagrast i stallen stend,
om jenta var so glad i meg
som logjen i lauvet brenn!

12.
Det tikje meg vent å vera
der drosine danse med drengjo';
gaukjen gjel i grøne li,
og fuglane skaka vengjo.

13.
Vent er det i Vågelian'
når lauvet og graset gror,
men endå venare på Kvamsfjorden
når Gunnar og Kari ror.

14.
Vent er det med Vinje kyrkja
når brurine gjeng i flokkar;
dei turve inkje ljoset bera,
det lyser av brurelokkar.

15.
No vil eg ringsko hesten min,
so vel som are fleir,
og fygje 'o Targjei Fokkjesson
nord -ivi den Lysehei!

16.
No vil eg ringsko hesten,
so dei det skò kje gå,
og fygje 'o Targjei Fokkjesson
nord-ivi dei bergi blå!

17.
Dei henta bruri i Lyse,
i gylte salen ho rei,
då dei kome til Skålekleivan'
ho såg til Røysland heim.

18.
Då dei kome til Røysland heim,
dei trøytte og mode drengjir,
dei tappa uti mungåt-skåli,
dei ha rekjist på heio so lenge.

19.
Reven han diltar jordet ikring,
og hjasen hoppar i rugjen,
ho er inkje god å gilje den møy
som ber ein annan i hugjen.

20.
Gauken er grå, han gjel om våro,
og ljodet ber fram med lie;
det er fulla godt å gilje den møy
som allstøtt svarar med blide.

21.
Drukkjen manns ord er draumo likt
ein føre det ingjen fyr øyre;
han talar så mangt om efta
han vil kje om morgon høyra.

22.
Ingjen fuglen flyg'e så hågt
som grågåsi med sine ungar,
og ingjen ormen sting'e så sårt
som falske mannetunga.

23.
Spangebelte og krusa hår,
det vert så mykje meti;
men kvordagsgagnet og ordi snille,
det vert så lengje gjeti.

24.
Sutine og sorgjine
dei trør eg unde fot;
til gla'are skó og halde meg
til meir det gjeng meg mot.

Læringsressursar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Eventyr

  • SubjectMaterialFagstoff

    Segner

  • SubjectMaterialFagstoff

    Folkeviser

  • SubjectMaterialFagstoff

    Legendeviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historiske viser og riddarviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Trollviser, dyreviser og skjemteviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nystev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale