Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Folkedikting og samtidstekstarChevronRight
  5. Nystev ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Nystev

Nystev er stev som nærmar seg den moderne kunstdiktinga.

Kirsten Bråten Berg og Astri Rysstad har gitt ut en bok med norske stev
Kirsten Bråten Berg og Astri Rysstad har gitt ut ei bok med norske stev

Om nystev

Både nystev og gammalstev består av ei strofe med fire linjer og enderim. I gammalstevet er det andre og fjerde linje som rimar, medan linjene i nystevet rimar parvis: Første og andre linje rimar, og tredje og fjerde linje rimar.

Vi finn også forskjellar når det gjeld stemning, ånd og tone. Gammalstevet er ofte episk, medan nystevet er meir lyrisk. Det er som regel noko allment og kjølig over gammalstevet. Nystevet er i motsetnad ofte personleg farga og lèt kjenslene komme ope til syne.

Vi veit ikkje sikkert kor gamle nysteva er, men vi finn ingen spor etter dei om vi går så langt tilbake som til mellomalderen.

Sjølv i Setesdal, der stevdiktinga har halde seg lenger enn nokon annan stad, stoppar spora ein gong på 1700-talet. Både i Telemark og Setesdal var det først på 1800-talet at nystevet trengde bort gammalstevet.


1.
Høyr de dette, de gjentur unge,
no lyt de kve'a med mål og tunge;
blomen bleiknar og dagen skrid
og ho renn så fort dikkos ungdoms-tid.

2.
Å spila spil'mann, lat fela låte,
lat kon få danse med' me er kåte;
å spila spil'mann, eg veit du kan,
lat den glade ungdomen sleppe fram.

3.
Jenta mi i eit lag kan sama,
og fysst ho kjem'e då blir det gama.
Eg tikje lagjet fær anna liv,
fysst ho så lettsleg på tilet sviv.

4.
Eg hev ein otte som alli tryt'e,
eg hev ein sut som mi bringe bryt'e;
eg hev ein tankje som tyngjer meg:
eg er så redd at eg misser deg.

5.
Eg fekk eit bod at han alli måtte,
men at eg hjarta hans evig åtte;
til evig tid sill' han elske meg,
om me så livet laut kver sin veg.

6.
Då me møttest me stod så lengje,
me tala alli, me berre tenkte.
Me tala alli eit einast' ord —
me var gråteferdige båe tvo.

7.
Sitt hjartesår tord' han alli le'e,
om annans sutir var uvandt kve'e;
for si egjo sut fann han alli ord,
men ho låg i bringa som klaka jord.

8.
Den lisle jenta frå Raulandsstrondi
d'er ho som vev'e dei vene bondi:
ho er så lettliva, glad og kåt,
hennar mål er venar hell felelåt.

9.
Sossi sei' ho den jenta greie:
no blirher dauvleg fysst du lyt reise;
men fysst eg eisemo ette sviv,
så er det godt eg kan stevi di'.

10.
Det var tvo jentur og dei ha' gama,
og allstøtt rødde dei om det sama,
og allstøtt rødde dei om ein gut,
det var ein spilemann, som het Knut.

11.
Sume seier eg inkje fær han,
og sume seier eg er kje verd han;
sume sei' d'er kje lagja til,
men sjov eg seier: eg inkje vil.

12.
Anne Drivsli, det djerve kvende,
ho gjeter geitar for Austad dringjir;
ho gjeter geitar så langt mot nord,
og der gjeng ho sullar så eisemo.

13.
Ånund Suleskar var ei kjempe,
og Sigrid Dysje så grei ei jente;
men ho svara nei til såhæv ein kar,
for der var for audskleg i Suleskar.

14.
Å mine visur dei er så mange
som heggjeblomane drys i fangje;
så hev dei vori i all si tid:
til meir dei kve' dei til fleir dei bli.

Læringsressursar

Folkedikting og samtidstekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Eventyr

  • SubjectMaterialFagstoff

    Segner

  • SubjectMaterialFagstoff

    Folkeviser

  • SubjectMaterialFagstoff

    Legendeviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historiske viser og riddarviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Trollviser, dyreviser og skjemteviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Gammalstev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale