Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Folkedikting og samtidstekstarChevronRight
  5. Liti Kjersti ChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kildemateriale

Liti Kjersti

Liti Kjersti er ei trollvise. Visa fortel om korleis ei ung jente lèt seg lokke, og straffa er at ho må verte verande i berget for alltid.

Troll i veibanen

Folkevisa Liti Kjersti vart skrive ned av Molkte Moe, og vert her gitt att i modernisert utgåve etter Knut Liestøl.


1.
Liti Kjersti ho va seg så fagert eit viv,
— Det rigner og det blæs —
ho ri nord i bergom på gangaren kvit.
— For djupt onde' hello,
langt nord i fjello
der leikar det.

Ordforklaring
  • fagert eit viv – så vakker ei kvinne
  • bergom – fjella
  • gangaren – hesten
  • onde' – under
  • hello, fjello, bergo, baugo: dativ fl. hello – hellene fjello/bergo – fjella
  • leikar – spelar, lokkar


2.
Men som ho no kom seg åt bergo dei blå
Då høyrer ho frå haugo det spelar og læt.

3.
Ho stanar sin gangar bak bergo dei blå
og Haugebonden burt te Liti Kjersti han går.

Ordforklaring
  • Haugebonden – ein underjordisk


4.
"Å høyr du Liti Kjersti det seier eg deg
Vil du til haugo heim fylgje med med?"

5.
"Nei eg kan kje til haugo heim fylgje med deg.
For mo'er sit heime og ventar på meg."

6.
"Tenk alli på store, tenk alli på små.
Alt det du ynskjer av meg sko du få."

Ordforklaring
  • alli – aldri

7.
Liti Kjersti ho rei seg åt bergo dei blå
Og Haugebonden etter på gangaren grå.

8.
Så rei dei kring haugar, tri store tri små
Og heim att til mo'er ho alli meir gå.

9.
Men stundom når det skymest
kring bergo dei blå,
— Det rigner og det blæs —
då høyrer du frå haugo det sukkar
så sårt
— For djupt onde' hello
langt nordi fjello
der leikar det.

Læringsressursar

Folkedikting og samtidstekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Eventyr

  • SubjectMaterialFagstoff

    Segner

  • SubjectMaterialFagstoff

    Folkeviser

  • SubjectMaterialFagstoff

    Legendeviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historiske viser og riddarviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Trollviser, dyreviser og skjemteviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Gammalstev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nystev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale