1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Folkedikting og samtidstekstarChevronRight
  5. Bendik og Årolilja ChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kildemateriale

Bendik og Årolilja

Folkevisa "Bendik og Årolilja" fortel om den tragiske kjærleiken mellom to unge menneske som ikkje kan få kvarandre. Visa endar med at Bendik blir dømd til døden og halshogd, og Årolilja døyr av sorg.

Tristan og Isolde står ved en pram, noen meter uti vannet, og holder hverandres hender. Stillbilde fra film..
Folkevisa om Bendik og Årolilja hentar mellom anna inspirasjon frå soga om Tristan og Isolde, ei forteljing som har vore kjend sidan 1100-talet. Her ein scene frå filmen "Tristan and Isolde" (2006).

Inspirert av andre forteljingar

Folkevisa Bendik og Årolilja er inspirert av to forteljingar frå mellomalderen. Den eine forteljinga er den danske fornsegna om Hagbart og Signe, og den andre er den romantiske historia om Tristan og Isolde. Felles for alle tre forteljingane er at dei handlar om to elskande som ikkje kan få kvarandre.

I forteljinga om Hagbart og Signe blir Hagbart drepen og Signe tek livet sitt. Det same skjer òg med Bendik og Årolilja. Men i segna om Hagbart og Signe blir uretten blir hemna av bror til Hagbart, slik blodhemnen krev. I visa om Bendik og Årolilja finn vi ikkje noko blodhemn-motiv, her er det den romantiske kjærleiken som rekk lenger enn grava alt handlar om. På dette punkt er visa inspirert av forteljinga om Tristan og Isolde, eller Tristram og Isond, som dei to heitte i den norrøne versjonen. Tristan og Isolde er ei av dei store kjærleikshistoriene frå den europeisk mellomalderen, ho finst i ulike versjonar i mange land.

Høyr bandet Gåte framføre Bendik og Årolilja på YouTube: Bendik og Årolilja - Gåte

Segna om Hagbart og Signe

Les om segna om Hagbart og Signe

Segna om Hagbart og Signe er kanskje den eldste av dei danske heltesegnene, og ho vart tidleg vidgjeten i dei nordiske landa.

Segna fortel at Hagbart elskar Signe, dotter til Kong Sigar, men han kan ikkje få henne, for han har drepe brørne hennar i ei vikingferd. Da kler han seg ut som ei skjoldmøy og får på den måten komme inn til henne.

Men dei finn ut kven han er, han vert fanga og skal hengjast. Da dei skal føre han til galgen, kjem dronninga, mor til Signe, fram og byr han eit drikkehorn så han kan drikke sitt eige gravøl; ho vil rett nyte den stunda da ho får hemn for sønene sine. Men Hagbart tar byrg imot hornet og seier: "Eg tek det med den handa som drap sønene dine. Uhemnd går eg ikkje herifrå, men du lever aldri den stunda som gjev deg att det du har mist eller løyser det pant du har hos Hel."

Då han stod på galgebakken, bad Hagbart dei hengje kåpa hans opp fyrst, og det gjorde dei. Snart logar buret til Signe opp; ho brenner seg sjølv inne. Da ber Hagbart dei skunde seg å feste han i galgen; no lengtar han berre etter å døy, sidan kjærasten hans har synt truskapen sin og gått føre og opna Hels portar for han.

Men det er ikkje enden på soga; frå havet kjem vikingen Hake, bror til Hagbart. I vill hemntorste fer han gjennom dei store skogane til Sigars borg, drep alle der og brenner borga.

Kjelde

Liestøl, K. & Moe, M. (1960). Utval av norske folkeviser til skulebruk. Oslo: Jacob Dybwads Forlag. Teksten er publisert med løyve frå arvingane etter forfattaren. Lisens: Copyright.

Forteljinga om Tristram og Isond

Les meir om forteljinga om Tristram og Isond

Handlinga går føre seg i Bretagne, Cornwall og Irland. Kong Markis vil gifte seg med kongsdottera Isond og sender riddaren Tristram ut for å fri for han. Etter ei farefull ferd, der han mellom anna må kjempe mot ein eldsprutande drage, klarer Tristram til slutt å få med seg Isond. Men på ferda heim kjem dei av vanvare til å drikke kjærleiksdrykken som var tiltenkt Isond og kong Markis, og dei vert bundne til einannan i evig, men tragisk kjærleik.

Mange einskilde drag er tekne frå denne soga: at hjartet spring på Årolilja når Bendik må late livet, at dei vert jorda på kvar si side av kyrkja, og at det veks opp tre frå gravene som krøkjer seg i hop over kyrkjetaket.

Kjelde

Liestøl, K. & Moe, M. (1960). Utval av norske folkeviser til skulebruk. Oslo: Jacob Dybwads Forlag. Teksten er publisert med løyve frå arvingane etter forfattaren. Lisens: Copyright.

Del I

Bendik drar til kongegarden, og etter kort tid har han blitt forelska i Årolilja, kongedottera. Kongen får bygd gullagde trapper mellom kongsgarden og jomfruburet til Årolilja. Han trugar med at den som går inn til Årolilja, må døy. Bendik lèt seg ikkje skremme.

1.
Bendik ri åt Sølondo,
ville han skòa møy;
han var kje lagje til att'e koma,
difyr så laut han døy.
— Årolilja, kvi søve du så lengje
Ordforklaringar
  • Bendik namn, kortform av Benedikt
  • Årolilja Òlrun den liljefagre
  • Sølondo landa i sør
  • skòa skode, sjå; her: velje ut
  • møy jente, ugift kvinne
  • han var kje lagje til att'e koma
    det var ikkje lagnaden hans at han skulle kome heim
  • kvi kvifor
2.
Bendik ri åt Sølondo,
ville han skòda viv;
han var kje lagje til att'e koma,
difyr så let han liv.
Ordforklaringar
  • viv kvinne, brud
  • let han liv mista han livet
3.
Han var kje i konungs-garde
meir hell ei liti stund,
han vitja uti møyesalen –
så brå er belelund.

Ordforklaringar
  • konungs-garde kongsgarden
  • vitje besøkje
  • møyesal her: jomfrubur, hus for dei ugifte kvinnene
  • brå utolmodig
  • belelund friarhug, forelsking
4.
Han var kje i konungs-garde
meir hell månar tvo,
han vitja kongjens dotter
med så stor elskog.
Ordforklaringar
  • månar tvo to måneder
  • elskog elskhug, kjærleik
5.
Kongjen byggjer gullbrautine
både til og ifrå:
"Den som dei i løyndo trør,
han skò kje livet få!"

Ordforklaringar
  • gullbrautine truleg: gullagde trapper eller svalgangar
  • både til og ifrå truleg: til jomfruburet og frå kongsgardsbygningen
  • trø tråkke eller gå på
6.
Kongjen byggjer gullbrautine
både breie og håge
"Den som dei i løyndo trør,
han skò livet låte!"

7.
Til svora raustan Bendik,
han var kje guten fælen:
"Eg skò trøa gullbrautine
fyre kongjens augo bæ'e!"
Ordforklaringar
  • raust modig
  • fælen redd, lettskremd
  • bæ'e begge

Del II

Bendik er på jakt om dagen og besøkjer Årolilja i løynd om natta. Han kan ikkje tole tanken på å miste ho, han kan berre vere glad når han er saman med ho.

8.
Om dagjen ri Bendik i skogjen ut
og veider den ville hjort,
om notti vitjar han jomfruva
med åst og elskogs-ord.
Ordforklaringar
  • veide felle, fange
  • jomfruve adeleg, ugift kvinne
  • åst kjærleik
9.
Om dagjen ri Bendik i skogjen ut
og veider den ville rå,
om notti vitjar han jomfruva
det gjell'e hass livet på.

Ordforklaringar
  • rådyr
  • det gjell'e hass livet på
    om lag: det betaler han for med livet
10.
"Eg tikje så vent om ditt gule hår
som epli dei dryp på kviste –
sæl er den som deg må få,
gud bære den som skò misse!"
Ordforklaringar
  • eg tikje så vent om eg synest så vel om
  • dryp her: heng
  • gud bære Gud hjelpe
  • misse miste
11.
"Eg tikje så, når eg sit hos deg
som eg sat uti solskin bjarte;
når eg og du me skyljast åt,
då rivnar bå' hug og hjarta.
Ordforklaringar
  • bjart klar, lys
  • rivne gå sund
  • hug sinn
12.
Eg tikje så, når eg sit hos deg
som eg sat uti solskin bjarte;
når eg og du me finnast att,
då gledast bå' hug og hjarta."

Del III

Kongen har hatt ein vond draum om Bendik og Årolilja, og han er uroa. Ein tenar kjem til han og røper at Bendik har trassa bodet til kongen og vore hos Årolilja. Då blir kongen så sint at han sver på at Bendik skal døy, same kor høg prisen blir.

13.
Opp stend kongjen av Sølondo,
kler han seg på så brått:
"Gud skò fyr mino draumo råde
eg drøymde so vondt i nott.

Ordforklaringar
  • stend står
  • Gud skò fyr mino draumo råde
    måtte Gud halde styr på draumane mine

14.
Eg heve drøymt so vondt i nott
– Gud fyr mine draumo råde! –
om raustan Bendik og Årolilja
eg drøymde vondt om dei båe."

Ordforklaringar
  • båe begge


15.
Inn kjem kongjens smådreng,
seier han tidend ifrå:
"Bendik trør gullbrautine
foruta kongjens råd."

Ordforklaringar
  • smådreng ung tenar
  • tidend nyheit
  • foruta kongjens råd
    om lag: trass i kongens forbod

16.
Det var kongjen av Sølondo,
slær sin neve i bord:
"Bendik skò inkje livet njote,
om eg vann all verdsens jord.

Ordforklaringar
  • slær slår
  • inkje her: ikkje
  • livet njote nyte livet, vere i live
  • all verdsens jord all jord i verda

17.
Olavskyrkja i Trondeim
ho er tekt'e med bly:
Bendik skò inkje livet njote,
om ho var tri gongjir ny!

Ordforklaringar
  • Olavskyrkja i Trondeim
    Nidarosdomen i Trondheim
  • tekt'e med bly dekt med bly (som var det dyraste materialet brukt til taktekking)
18.
Olavskyrkja i Trondeim
ho glimar av gull:
Bendik skò inkje livet njote,
om ho var tri gongjir full!"
Del IV
Kongen går til jomfruburet til Årolilja. Årolilja kjem han i møte og spør kvifor han kjem så tidleg. Kongen svarer at han vil sjå svigersonen sin. Han synest ille om det dei to har gjort. Årolilja fell på kne og ber om at ho må få Bendik, men faren er så sint at han ikkje vil lytte.

19.
Ut kjem ho Årolilja,
gjeng'e sin faren imot:
"Kvi er du ute i otta,
fyrr opp ris bjartan sol?"

Ordforklaringar
  • i otta i grålysinga
  • fyr opp ris bjartan sol før den strålande sola går opp

20.
"Di er eg ute i otta:
eg vil min mågjen vitja.
Det tikje meg veslaste vera,
eg må kje bryllaupet drikke.

Ordforklaringar
  • di derfor
  • måg dottermannen, svigersonen
  • veslaste det verste
  • bryllaupet drikke vere gjest i bryllaup

21.
Det var ho Årolilja,
falt fyre sin fa'er på kne:
"Høyre du det, min sæle fa'er,
"Bendik så gjeve du me'!"

Ordforklaringar
  • fyre framfor
  • sæl kjær, velsigna
22.
"Gakk bort ifrå meg, Årolilja,
eg vil deg inkje høyre!
Det samer så ille mitt gode sverd
å rjodast i kvende-drøyre."
Ordforklaringar
  • gakk gå!
  • det samer så ille det passar seg ikkje for
  • å rjodast å bli raud
  • kvende-drøyre kvinneblod (frå eit sår)

Del V

Bendik blir teken til fange, men ingen tau er sterke nok til å binde han. Då kjem igjen den falske tenaren. Han seier at dei skal binde Bendik med håret til Årolilja. Bendik elskar håret hennar, han kan ikkje slite det sund, og derfor er han fanga.

23.
Dei toke raustan Bendik,
slo han imot golv;
femten var dei bastetaugjir
ikring hass kvite hold.

Ordforklaringar
  • slo kasta
  • bastetaugjir tau laga av bast
  • hold kjøt, kropp

24.
Dei toke raustan Bendik
batt han med taug og reip:
om dei var alli så sterke,
Bendik dei sund'e sleit.

Ordforklaringar
  • om dei var alli så sterke
    sjølv om dei var aldri så sterke
  • sund'e i stykke


25.
Dei toke raustan Bendik
batt han med reip og taug:
om dei var alli så sterke,
Bendik dei sund'e braut.

26.
Fram så kjem'e smådrengjen,
alt med si falske råd:
"Dé tek Åroliljas gule hår,
så kan dé fangjen få!

Ordforklaringar
  • så kan dé fangjen få
    om lag: så kan de få fanga han

27.
Dé tek Åroliljas gule hår
og bind ikring hendan' kvite!
Så stend'e hugjen isama runnen:
han nennest kje håret slite!"

Ordforklaringar
  • så stend'e hugjen isama runnen
    så sameinte er tankane deira
  • nennest ha hjarte til
  • håret slite å rive i stykke håret

28
Dei tok Åroliljas gule hår
og batt ikring Bendiks hònd:
"Fyrr eg skò dette sund'e slite,
fyrr skò eg døy i bònd!"

Ordforklaringar
  • fyrr skò eg døy i bònd
    før vil eg døy i band (bunden fast)

Del VI

Dronninga kjem og ber om at Bendik må få leve. Ho minner kongen om at han har lovd ho at han aldri kjem til å nekte når ho ber han om noko. Kongen tok ho nemleg frå både far og festarmann i si tid. Men kongen seier lèt seg ikkje overtale.

29.
Inn kom Mari dròningji,
ho sto i silkje grøn:
"Eg bed deg, kjære herren min,
at du vil veite meg bøn!

Ordforklaringar
  • silkje silke
  • veite meg bøn svare ja på mi bøn

30.
Du flutte meg inkje frå skorvir
og inkje frå fjørustein,
du tok meg frå min fa'er garde
og så ven ein festarsvein.

Ordforklaringar
  • du flutte meg inkje
    du tok meg ikkje heim som brur di
  • frå skorvir frå den nakne heia
  • fjørustein fjærestein, strandstein
  • frå min fa'er garde
    frå garden til far min
  • festarsvein festarmann


31.
Minnest du hot du lova
då du flutte meg frå monno:
du sille inkje nekte meg
den fysste bøn hell onno?

Ordforklaringar
  • hot kva
  • frå monno frå (festar)mannen
  • du sille du skulle
  • den fysste bøn hell onno
    den første bøn, og heller ikkje den andre

32.
Minnest du hot du lova
då du flutte meg av stad:
kvòr den bøn som eg bad deg,
sille alltid vera ja?"

Ordforklaringar
  • kvòr den bøn kvar einaste bøn

33.
"Eg skò inkje nekte deg
den fysste bøn hell den are –
men Bendik skò inkje livet få,
om det galt om kon alle!

Ordforklaringar
  • om det galt om kon alle
    om det gjaldt oss alle, om vi alle måtte betale for det

34.
Kvòr den bøn som du bed meg
skò allti vera ja –
foruta Bendik sill' livet njote:
det gjeng eg alli ifrå!"

Ordforklaringar
  • foruta forutan at, unnateke at
  • det gjeng eg alli ifrå
    det (denne lovnaden) går eg aldri frå

Del VII

No ber både menneske og natur for Bendik, til og med englane, men kongen er ubøyeleg.

35.
Dei bad fyr raustan Bendik
alt det som beda kunna –
mannen utor manneheimen
og fiskjen på havsens grunnar.

Ordforklaringar
  • mannen utor manneheimen
    mannen (alle menn) frå menneskeverda
  • fiskjen fisken


36.
Dei bad fyr raustan Bendik
alt det som beda må –
engjelen av himmerikje
og hindi, i haga låg.

Ordforklaringar
  • og hindi, i haga låg
    og ho-hjorten som låg i hagen heime

37.
Dei bad fyr raustan Bendik
alt det som ha'e mål –
fuglen på villan kvisten
og bånet, i vogga låg.

Ordforklaringar
  • det som ha'e mål
    alt det som har stemme/språk
  • bånet barnet

38.
Dei bad fyr raustan Bendik
alt det som ha'e liv –
tre-i utor grøne skogjen
og bloman' i fagerli.

Ordforklaringar
  • tre-i trea
  • i fagerli i den fagre lia

39.
Det var kongjen av Sølondo,
slær sin neve i bord:
"Bendik skò inkje livet njote
fyr alle bønir på jord!"

Ordforklaringar
  • fyr alle bønir på jord
    (ikkje) for alle bøner i verda

Del VIII

Bendik ber ein slektning om å hogge av hovudet hans. Han er ættestolt, for han vil ikkje at nokon av lågare rang skal ta livet av han. Årolilja græt og tenner lys i kyrkja. Bendik ber ho slutte å gråte, for han synest hjartet hans brenn når han høyrer gråten hennar. Årolilja kjemmer håret til Bendik slik at det ikkje skal bli tilsølt av blod. Så blir Bendik henretta.

40.
Det var raustan Bendik,
han skaut gull av hende:
"Hogg du, Hauk, mitt hovud av –
du er min nærskylde frende!"

Ordforklaringar
  • han skaut gull av hende
    han drog ein ring eller eit armband av gull av handa
  • min nærskylde frende
    i nær slekt med meg (og av same rang)

41.
Så gret ho Årolilja,
– det totte alle under –
beltet sprang av mjåryggjen,
og sylja den flaug sund'e.

Ordforklaringar
  • totte nappe, rykke
  • mjåryggjen den smale ryggen

42.
Så gret ho Årolilja,
bar ljos på altarbord;
beltet sprang av mjåryggjen
og hjarta'e flaut i blod.

Ordforklaringar
  • ljos på altarbord lys til sjelemesse for ein som er død; her for ein som skal døy

43.
"Årolilja, Årolilja,
gråt inkje fyr meg leng'!
Eg tikje hjarta'e i meg brenn'e
når eg ser dine tårir renn."


44.
Årolilja kjember hass gule hår
og set'e på silkjeluve.
Hauk han hoggje hovudet av,
og drengjen falt på gruve.

Ordforklaringar
  • kjember kjemmer
  • silkjeluve silkelue
  • dreng unggut

45.
Utfyre kyrkjedynni
der laut han Bendik døy;
i kyrkja fyre altaren,
der sprakk hass vene møy.

Ordforklaringar
  • utfyre kyrkjedynni utafor kyrkjetaket (kyrkja)
  • laut måtte
  • der sprakk hass vene møy der brast hjartet til Årolilja
46.
Utfyre kyrkjedynni
der let han Bendik liv;
i kyrkja fyre altaren,
der sprakk hass vene viv.

Del IX

Kongen sender tenarane sine til Årolilja ford han vil at ho skal komme til han. Tenarane kjem tilbake og fortel at Årolilja er død. Då blir dronninga heilt frå seg. Ho reiser seg og seier til kongen at han fortener å leve einsam i øydemarka, og at han no har verken dotter eller svigerson. Kongen angrar og seier at han ikkje har skjønt kor sterk kjærleiken mellom Bendik og Årolilja var. Dronninga svarer at denne innsikta kjem for seint.

47.
Det var kongjen av Sølondo,
tala til drengjine små:
"Dé gange i loftet til Årolilja
og sei'a inn fyr meg gå!"

Ordforklaringar
  • sei'a inn fyr meg gå sei at ho skal kome til meg

48.
Att'e kjeme smådrengjin',
seier dei tidend ifrå:
"Død er unge Årolilja,
ligg unde kvislar blå."

Ordforklaringar
  • att'e tilbake
  • unde kvislar blå under blåe ullsengeteppe

49.
Opp reis Mari dròningji,
studde ho seg med bord:
"Du var verd liva eismall'e
utpå ein øydeskog!

Ordforklaringar
  • reis reiste seg
  • studde ho seg stødde ho seg
  • liva eismall'e leve einsam

50.
Høyr du det, du kongjen,
så stolt'e som du står:
inkje hev du dotter,
alli fær du måg!"

Ordforklaringar
  • alli aldri
  • måg svigerson

51.
"Ha' eg visst dette igjår,
at hugjen ha' vori så sterk,
inkje ha' Bendik silt livet låti
fyr alt det i verdi er!

Ordforklaringar
  • hug dragnad, tiltrekking
  • fyr alt det i verdi er for alt i verda

52.
Ha' eg visst dette igjår,
at åstin' ha' vori så heit,
inkje ha' Bendik silt livet låti
fyr alt i verdi eg veit!


53.
Olavskyrkja i Trondeim
ho er tekt'e med bly:
inkje ha' Bendik silt livet låti,
om ho var tri gongjir ny!

54.
Olavskyrkja i Trondheimi
ho glimar av gull:
inkje ha' Bendik silt livet låti,
om ho var tri gongjir full!"

55.
Svara Mari dròningji,
rann tårir på sylvspente sko:
"Gud forlåte deg, herren min!
ette-sia er du god!"

Ordforklaringar
  • ette-sia ettersidan, for seint

Del X

Bendik og Årolilja blir gravlagde på kvar si side av kyrkja. Snart veks det vakre liljer oppå gravene deira, dei blir så høge at dei veks over kyrkjetaket, og der flettar dei seg i kvarandre. Liljene er ei påminning for kongen om kva han har gjort, men også eit symbol på kjærleiken mellom dei to unge.

56.
Bendik la dei norda kyrkja,
og Årolilja sunna,
det voks opp av deires grefti
tvo fagre liljerunnar.

Ordforklaringar
  • norda nordafor
  • sunna sønnafor
  • greft grav
  • tvo to
  • liljerunnar "liljebuskar"

57.
Det voks opp av deires grefti
tvo fagre liljegreinir;
dei krøktes i hop ivi kyrkjedynni –
der stend dei kongjen åt meine.

Ordforklaringar
  • dei krøktes i hop dei fletta seg i kvarandre
  • ivi kyrkjedynni over kyrkjetaket
  • åt meine til bry, som ei tung påminning

58.
Det voks opp av deires grefti
dei fagre tvo liljeblomar:
dei krøktes i hop ivi kyrkjesvoli –
der stend dei kongjen til domar.
— Årolilja, kvi søv'e du så lengje.

Ordforklaringar
  • kyrkjesvoli kyrkje-svalgangen

Læringsressursar

Folkedikting og samtidstekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Eventyr

  • SubjectMaterialFagstoff

    Segner

  • SubjectMaterialFagstoff

    Folkeviser

  • SubjectMaterialFagstoff

    Legendeviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historiske viser og riddarviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Trollviser, dyreviser og skjemteviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Gammalstev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nystev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale