1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Folkedikting og samtidstekstarChevronRight
  5. Raudhette og ulvenChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kildemateriale

Raudhette og ulven

Raudhette og ulven (fransk Le petit chaperon rouge) er eit europeisk folkeeventyr med usikkert opphav. Den norske utgåva er omsett frå versjonen i eventyrsamlinga til Grimm-brørne: "Kinder- und Husmärchen" frå 1812.

Raudhette i senga saman med ulven som er utkledd som bestemor. Illustrasjon

Den tidlegaste trykte versjonen av eventyret finn vi i Charles Perraults Contes de ma mère l'Oye ("Gåsemors forteljingar") frå 1697. Hovudskilnaden mellom den franske og den tyske varianten er at i Perraults utgåve ber ulven Rødhette om å komme opp i senga til seg, og ho kler av seg og kryp opp til han. Til skilnad frå Grimms versjon har ikkje ulven kledd seg ut som bestemor. Eventyret endar med at ulven et Raudhette. (Bettelheim,1992).

Teksten nedanfor er gjengitt fritt etter Grimm-brørne. Dyre Aanund Vaa har omsett teksten til nynorsk.

Det var ein gong ei søt lita jente som alle var glade i, og den som var mest glad i henne, var gamle bestemor. Ein gong fekk den vesle jenta ei raud fløyelshette av bestemor. Og hetta kledde henne så godt at ho støtt ville gå med ho. Derfor kalla dei henne Raudhette.

Ein dag ropte mor: "Kom hit, Raudhette! Bestemor er sjuk og treng noko å styrkje seg på, så no skal du gå til henne med kaker og vin. Lov meg å gå pent og forsiktig og halde deg på vegen, for elles kan du falle og slå flaska i stykke. Og når du kjem inn i stova til bestemor, må du helse pent med det same, og ikkje kikke rundt i krokane først". Raudhette lova alt det mor bad om, og så gjekk ho. Bestemor budde i ei lita stove inne i skogen, ein halv times veg frå landsbyen.

Då Raudhette hadde komme eit lite stykke inn i skogen, møtte ho ulven. Men ho visste ikkje kor stygt eit dyr ulven var, så ho blei ikkje det minste redd.

"God dag, Raudhette" sa ulven.

"God dag" sa Raudhette.

"Kvar skal du så tidleg, Raudhette?"

"Eg skal til bestemor."

"Kva har du i korga di?"

"Kaker og vin. Vi bakte i går, og no skal bestemor få litt godt, for ho er sjuk og ligg til sengs."

"Kvar bur bestemor, då?"

"Du veit der dei tre store eiketrea står, eit stykke lenger inn i skogen?" sa Raudhette. "Den stova som står under eiketrea, er bestemor si".

Ulven sa ikkje noko meir, men tenkte med seg sjølv: "Dette skal bli ein fin godbit for meg!". Han slo følgje eit stykke, og så sa han: "Sjå på alle dei nydelege blomane, Raudhette! Du ser jo ingenting når du går slik rett bortover vegen. Eg trur ikkje du høyrer fuglesongen eingong! Du går akkurat som om du skulle på skulen".

No begynte Raudhette å sjå seg omkring. Ho såg sommarsola som dansa mellom trea,

og alle dei vakre blomane som voks tett i tett der inne. "Eg vil plukke ein bukett til bestemor, så blir ho nok glad," tenkte ho. "Det er tidleg enno, så eg kjem sikkert heim før det blir mørkt."

Og så gjekk ho bort frå vegen og innover i skogen for å plukke blomar. Kvar gong ho hadde teke ein blom, syntest ho at ein endå finare stod litt lenger borte. Den måtte ho òg ha, og slik kom ho djupare og djupare inn i skogen. Men ulven gjekk like til huset til bestemor og banka på.

"Kven er det?" spurde bestemor.

"Det er Raudhette som kjem med vin og kaker til deg. Lat opp!" sa ulven.

"Berre trykk på dørklinka", sa bestemor, "for eg orkar ikkje å stå opp."

Ulven trykte på klinka, og døra sprang opp. Utan å seie eit ord fór ulven like bort til senga og slukte heile bestemor. Så tok han på seg kleda hennar, sette nattkappa på hovudet, la seg i senga og trekte forhenget godt for.

Imens gjekk vesle Raudhette ute i skogen og plukka blomar. Då ho hadde plukka så mange at ho ikkje kunne bere fleire, hugsa ho at ho skulle gå like til bestemor. Ho skunda seg vidare, og det varte ikkje lenge før ho kom til den vesle stova under eiketrea.

Døra stod open, og det syntest ho var rart. "God morgon!" ropte ho, men ingen svarte. Forhenget var trekt for senga, og då ho ikkje høyrde noko som helst, gjekk ho bort og trekte det frå. Der låg bestemor! Nattkappa hennar var trekt heilt ned over andletet, og ho verka så underleg.

"Men bestemor, kvifor har du så store øyre?" spurde vesle Raudhette forskrekka.

"For at eg skal høyre deg betre, barnet mitt."

"Men bestemor, kvifor har du så store auge?"

"For at eg skal sjå deg betre."

"Men bestemor, kvifor har du så store hender?"

"For at eg skal kunne gripe fatt i deg."

"Men bestemor, kvifor har du så stor munn?"

"For at eg skal kunne ete deg!"

Og så fór ulven opp av senga og slukte stakkars vesle Raudhette. Men no var ulven så mett at han nesten ikkje kunne røre seg. Derfor la han seg opp i senga att og sovna. Og han snorka så høgt at ein jeger som gjekk forbi, høyrde det. "Kjære, at den gamle kona snorkar slik, då?" tenkte han. "Eg skal nok gå inn og sjå om det er noko i vegen med henne."

Så gjekk han inn i stova, og då han kom bort til senga, fekk han sjå ulven som låg der. "Jaså", sa han, "er det slik det heng saman! Det var riktig godt at eg fann deg, for deg har eg leita lenge etter, styggen". Han skulle til å skyte, men så kom han til å tenkje på at ulven kanskje hadde slukt bestemor. Tenk om han kunne redde henne! Han la frå seg børsa og tok fram ein stor kniv, og så gav han seg til å skjere opp magen på ulven mens han låg der og sov.

Han hadde ikkje gjort meir enn eit par snitt før den raude hetta stakk fram. Han skunda seg å gjere eit par snitt til, og der sprang vesle Raudhette ut av magen på ulven. "Å, eg var så redd, så redd!" sa ho. "Det var skrekkeleg mørkt inne i ulven!"

Så kom gamle bestemor fram. Ho levde enno, men det var nesten ikkje pust att i henne. No henta Raudhette nokre digre steinar som dei fylte magen til ulven med. Då ulven vakna, ville han springe sin veg, men steinane var for tunge, så han ramla over ende og døydde.

No blei dei glade alle tre! Jegeren tok ulveskinnet og gjekk heim. Bestemor åt kakene og drakk vinen som Raudhette hadde hatt med seg i korga, og då følte hos seg straks mykje betre. Men vesle Raudhette tenkte: "Eg skal aldri meir gløyme det eg har lova mor, for då går det berre gale!"

Læringsressursar

Folkedikting og samtidstekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Eventyr

  • SubjectMaterialFagstoff

    Segner

  • SubjectMaterialFagstoff

    Folkeviser

  • SubjectMaterialFagstoff

    Legendeviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historiske viser og riddarviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Trollviser, dyreviser og skjemteviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Gammalstev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nystev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale