Introduksjon
Kva skjer med oss når pesta kjem? I denne læringsstien skal du bruke perspektiv både frå historiefaget og norskfaget.
Når du har gjennomført læringsstien, skal du
- vite kva ei segn er, og kunne bruke denne kunnskapen i eigen tekstproduksjon
- kjenne til segna om Jostedalsrypa
- ha kunnskap om Svartedauden, og korleis pesta påverka leveforholda i Noreg på 1300-talet
- kjenne til ulike former for historiske kjelder, og kunne vurdere ulike skildringar kjeldekritisk og i kontekst
- forstå kva som skjer når menneske i moderne samfunn blir råka av pest