Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Folkedikting og samtidstekstarChevronRight
  5. Tørk aldri tårer uten hanskerChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Tørk aldri tårer uten hansker

Frykt for pest og sjukdom preger også menneske i dag. Frykta sjukdommar som Aids og Ebola viser kor sårbart livet er, og sett omsorga vår for andre menneske på prøve.

Den svenske skodespelaren og forfattaren Jonas Gardell har skrive ei bok om aids-epidemien i eit homoseksuelt miljø som han sjølv var ein del av. Mange av venene hans er no døde. Boka dannar grunnlaget for teaterframsyninga Mitt enda liv og TV-serien Tørk aldri tårer uten hansker, som blei sendt på NRK hausten 2013. Sjå anslaget til episoden. Sjå også intervjuet med Jonas Gardell i Søndagsrevyen: Tørk aldri tårer uten hansker

Oppgåve 1

  1. Kva fortel tittelen om den angsten folk møtte aidssjuke med i den perioden TV-serien handlar om?
  2. Kvifor blei aidssjuke tekne hand om på ein annan måte enn andre dødssjuke pasientar?
  3. Kva for verkemiddel blir brukte i filmklippet for å vise korleis omgivnaden tek avstand frå den sjuke?
  4. Kva for utfordringar blir vi som menneske stilt ovanfor når pesta rammar oss, i følgje Jonas Gardell?
  5. Det finst mange mytar om HIV og Aids, og korleis ein kan bli kvitt sjukdommen. Kjenner du til nokre av desse? Dersom ikkje, bruk søkeorda "myter" og "aids" i søk på Internett.
  6. Kven av desse mytane tenkjer du er mest destruktive?
  7. Korleis ville du gå fram for å stoppe slike vandrehistorier?

Oppgåve 2

Skriv ei kort skildring i form av ei segn om kva som skjedde då pesta ramma ein by eller ei bygd i Noreg i år 2030.

Læringsressursar

Folkedikting og samtidstekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Legendeviser

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historiske viser og riddarviser

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Trollviser, dyreviser og skjemteviser

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Gammalstev

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nystev

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale