Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Folkedikting og samtidstekstarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Undersøk segner om Svartedauden

Undersøk segner frå ulike delar av landet som handlar om hendingar under og etter Svartedauden.

Animasjon: Svartedauden

Den pesta som har fått namnet Svartedauden, kom truleg til Noreg i 1348. I løpet av kort tid døydde 60 % av folkesetnaden. Pesta endra noregshistoria på ein dramatisk måte. Heile bygdelag vart lagde øyde, og Noreg si rolle som europeisk stormakt i høgmellomalderen var definitivt forbi.

Pesta råka både rik og fattig. Dei fleste skrivekyndige, som stort sett var prestar, døydde under pesta, sidan deira oppgåve var å ta hand om dei sjuke og døde. Slik gjekk den norrøne skriftkulturen til grunne. I den grad det blei skrive noko, skjedde det no på dansk, og dansk tok etter kvart over som administrasjonsspråk.

Når store katastrofar råkar, har vi menneske behov for å finne meining i det som skjer. Historiske segner, som har levd på folkemunne i hundrevis av år, gir oss eit innblikk i kva folk tenkte om det som skjedde. Den mest kjende segna er segna om Jostedalsrypa. Men i nesten alle norske lokalsamfunn finst det tilsvarande forteljingar.

Kva fortel segna oss?

  1. Kjenner du til ei segn frå det området der du bur som handlar om hendingar under Svartedauden? Fortel historia til ein medelev, og diskuter kva segna seier om det som skjedde, og kva moralen i historia er.
  2. Søk på internett med søkjeorda «svartedauden» og «segn». Lag ei oversikt over dei segna de finn, kva dei handlar om, og kva moralen er.

Læringsressursar

Folkedikting og samtidstekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Eventyr

  • SubjectMaterialFagstoff

    Segner

  • SubjectMaterialFagstoff

    Folkeviser

  • SubjectMaterialFagstoff

    Legendeviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historiske viser og riddarviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Trollviser, dyreviser og skjemteviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Gammalstev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nystev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale