Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Folkedikting og samtidstekstarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Forteljemåte og verdiar

Ei forteljing kan byggjast opp på ulikt vis. Ho kan vere refererande, skildrande eller scenisk, og ho kan gå føre seg i notid, eller skildre noko som har skjedd tidlegare. Men dei fleste forteljingane avslører noko om kva for verdiar forfattaren og samtida er opptekne av.

Oppslått bok som åpner et landskap. Manipulert foto.

Struktur

Med omgrepet «forteljemåte» er det rett og slett meint måten ei historie er fortald på. Aktantmodellen til Greimas tek føre seg den grunnleggjande strukturen i forteljingar. Ein aktant er ein person eller figur i ei forteljing. Subjektet (for eksempel hovudpersonen) ønskjer å oppnå noko (objektet). Men undervegs møter subjektet motstand. Dermed oppstår det ein konflikt. Motstandarane forsøkjer å hindre subjektet i å nå målet, men subjektet møter også gode hjelparar. Ein slik modell kan for eksempel vere nyttig å bruke når du skal seie noko om oppbygging av eit eventyr eller ein spelefilm.

Refererande, skildrande og scenisk framstilling

Dei fleste tekstar inneheld både refererande, skildrande og sceniske framstillingar. Men ofte kan ei av dei dominere.

  • Refererande fortel kva som faktisk skjer.
    • Han gjekk ned trappa og ut på gata, sette seg i bilen og køyrde av garde.
  • Skildrande beskriv ein stad eller ein person.
    • Landskapet utanfor var flatt og gyllent, og sola lyste varm og gul frå ein skyfri himmel.
  • Scenisk fortel gjennom dialog eller replikkar.
    • «Kva tenkjer du på?» spurde han. «På deg», svara ho med eit smil.

Forfattarar forandrar gjerne forteljemåte når det skjer ei endring i teksten. Tenk etter: Kvifor skiftar forteljemåten i teksten akkurat her?

Forteljar og synsvinkel

Hugs at forteljar ikkje er det same som forfattar! Forfattaren er ansvarleg for teksten, men skaper ein forteljar i historia som formidlar handlinga vidare til lesaren. Forteljaren er «stemma» i teksten som snakkar til oss. Vi skil mellom to typar forteljarstemmer, den personale forteljaren og den autorale forteljaren.

Personal og autoral forteljar

  • Ein personal forteljar er sjølv synleg i teksten, for eksempel som hovudperson eller biperson, som vitne til handlinga eller som aktiv deltakar. Når forteljaren er personal, vert historia fortald i eg-form. Vi nyttar derfor også omgrepet eg-forteljar eller førstepersonsforteljar om den personale forteljaren.
  • Ein autoral forteljar opptrer ikkje sjølv som person eller som eit «eg» i teksten, men fortel eller refererer historia utanfrå. Den autorale forteljaren er ein tredjepersonsforteljar, det vil seie at alle personane i forteljinga vert omtala som han, ho eller dei (pronomen i tredje person), eller med personnamn. Kor stor innsikt den autorale forteljaren har i handling og personar, avheng av synsvinkelbruken. Synsvinkelen kan liggje hos éin eller fleire personar, eller ikkje hos nokon personar i det heile teke.

Valet av forteljar avgjer kor tett innpå éin eller fleire av personane i forteljinga vi kjem. Ei eg-forteljing kan for eksempel opplevast som fortald i personleg trumål frå eg-forteljaren til lesaren, mens bruk av tredjepersonsforteljar sørgjer for meir eller mindre avstand til det som blir fortalt.

Synsvinkel

Synsvinkelen er ståstaden som forteljaren vel å fortelje handlinga frå. Om vi samanliknar forteljing med film, kan vi seie at synsvinkelen ligg der kameraet står plassert. Kameraet kan stå eit stykke unna, for eksempel for å vise oss landskap og miljø, men det kan også zoome tett inn på personane og følgje ein eller fleire av dei.

Ekstern og intern synsvinkel

Når handling og personar vert skildra utanfrå slik som i ein spelefilm, seier vi at synsvinkelen er ekstern. Ved bruk av ekstern synsvinkel får ikkje lesaren vite kva personane i forteljinga tenkjer eller føler, berre kva dei seier og gjer. Men forfattaren har ei moglegheit til: Han kan velje å bruke ein person i handlinga som «kamera» slik at vi får oppleve handlinga sett gjennom auga til denne personen. Då snakkar vi om intern synsvinkel.

Synsvinkel og forteljar

Førstepersonsforteljingar har alltid intern synsvinkel fordi synsvinkelen her ligg fast hos eg-forteljaren.

Tredjepersonsforteljingar derimot har ein autoral forteljar som er utanfor sjølve handlinga. Denne forteljartypen gir forfattaren høve til å variere synsvinkelen. Det finst tredjepersonsforteljingar der synsvinkelen er heilt konsekvent ekstern, og der vi derfor ikkje får noko innblikk i kva personane tenkjer eller føler. Islengingesagaene er eit godt eksempel på forteljingar med denne typen synsvinkelbruk. Men det er meir vanleg at synsvinkelen skiftar mellom ekstern og intern, slik at vi også får vite kva ein eller fleire av personane tenkjer.

Gjennom val av synsvinkel kan forfattaren styre kor mykje lesaren får vite, kva for versjon av historia lesaren får presentert, og kva for personar lesaren vert best kjend med og utviklar kjensler for.

Språklege verkemiddel

Forteljemåte handlar også om korleis språket vert brukt til å formidle ein bodskap, og til å engasjere oss som lesarar. Ein forteljar kan nytte seg av mange språklege verkemiddel.

Ved munnleg overføring vert det gjerne nytta ein del faste formuleringar som gjer det enklare å hugse og videreformidle forteljinga. Eksempel på det er faste vendingar som «det var ein gong» og «tretalslova» i eventyr, det vil seie at ting vert gjentekne tre gonger, og siste gongen gjeld det.

Andre verkemiddel kan vere bruk av allusjonar, allegoriar, kontrastar, gjentakingar, ironi og rim og rytme. Dette lærte du mykje om i Vg1.

Verdiar

Verdiane i ein tekst fortel oss noko om kva som er viktig for forfattaren og samtida hans eller hennar. Ofte handlar verdiane om kva som driv eller motiverer ein karakter til å ta forskjellige val i teksten. For å identifisere kva verdiane i ein tekst er, kan du stille deg sjølv nokre av desse spørsmåla:

  • Kva trur hovudpersonen på?
  • Kva er viktig for han eller henne?
  • Kva motiverer karakterane?
  • Kva kan forklare det dei gjer?
  • Kva for verdiar er sentrale i samfunnet slik det er beskrive i teksten?
  • Har karakterane dei same verdiane, eller er det ein konflikt mellom individet sine verdiar og samfunnet sine verdiar?
  • Kva for verdiar løner det seg å ha, i teksten?
  • Kva for verdiar straffar det seg å ha?
  • Når vart teksten skriven? Kva slags verdiar var viktige i samfunnet på den tida?

Læringsressursar

Folkedikting og samtidstekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Eventyr

  • SubjectMaterialFagstoff

    Segner

  • SubjectMaterialFagstoff

    Folkeviser

  • SubjectMaterialFagstoff

    Legendeviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historiske viser og riddarviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Trollviser, dyreviser og skjemteviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Gammalstev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nystev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale