Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Folkedikting og samtidstekstarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Trollviser, dyreviser og skjemteviser

Trollviser, dyreviser og skjemteviser er undergrupper av folkevisene våre.

Nøkken illustrert av Theodor Kittelsen. Teikning.
Nøkken, illustrert av Theodor Kittelsen

Trollviser

Dei fleste av dei nordiske trollvisene handlar om menneske som vonde krefter får makt over. I visa Villemann og Magnill er det ein vond lagnad som gjer at nøkken får makt over Magnhild. Men den kjærleiken Villemann har for henne, gir han større makt enn dei vonde kreftene; han greier til og med å snu sjølve lagnaden og reddar henne ut or grepet til nøkken.

Mange trollviser handlar om unge jenter som vert "bergtekne" av trollet. Døme på slike viser er Liti Kjersti og Margjit Hjukse. Forteljingar om jenter som vart valdtekne og drepne, kan liggje til grunn for desse visene. Slikt har skjedd til alle tider, men i mellomalderen vart desse historiene forklarte med at det var dei underjordiske som hadde teke jentene med seg inn i berget.

Trollviser

0:00
Innslag om trollviser henta frå programmet Norsk folkedikting (NRK).

Humor som verkemiddel

Dyreviser og skjemteviser vert vanlegvis rekna til same gruppa fordi dei fleste dyrevisene òg er skjemteviser. Desse visene, som er yngre enn alle dei andre, skil seg ut ved å vere humoristiske, og humoren kunne vere ganske frisk. Eit døme på skjemteviser er Visa om Mass og Lasse og Kjerringa med staven.

Kjerringa med staven - Tone Krohn

0:00
Tone Krohn syng skjemtevisa Kjerringa med staven.

Den bakvendte visa er ei dyrevise som også er ei skjemtevise. Ho finst i mange versjonar rundt om i landet. Nedanfor finn du utdrag frå ein moderne versjon.

Den bakvendte visa

Eg beisla min støvel, og sala mitt sverd
So batt eg merra ved sida
så reidde eg med til kattemordsferd
skulle standa den farlege strida

Ref:
Eg låg og eg datt
eg drøymde i natt
eg totte den visa var bakvendt ratt.

Læringsressursar

Folkedikting og samtidstekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Eventyr

  • SubjectMaterialFagstoff

    Segner

  • SubjectMaterialFagstoff

    Folkeviser

  • SubjectMaterialFagstoff

    Legendeviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historiske viser og riddarviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Gammalstev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nystev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale