Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Folkedikting og samtidstekstarChevronRight
  5. Historiske viser og riddarviserChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Historiske viser og riddarviser

Historiske viser og riddarviser er undergrupper av folkevisene våre. Riddarvisene skildrar livet til riddarar og hærmenn i mellomalderen. Historiske viser handlar om historiske personar og hendingar.

Roalndskvadet - manuskript fra 14-tallet
Slaget ved Roncevaux i 778 er motivet i dette biletteppet som i dag finst på Victoria and Albert Museum i London.

Riddarviser

Riddarvisene skildrar livet til riddarar og hærmenn i mellomalderen. Det var ei stridsfylt tid, med overfall, bruderov og drap, og det ber visene preg av. Ei viktig side ved desse visene er at dei gir ei god innføring i tenkje- og veremåten til folk i tidlegare tider, og dei fortel om etikk og moral hos forfedrane våre.

Bendik og Årolilja er ei av dei mest kjende riddarvisene. Ho handlar om kjærleik som varer etter døden. Ei anna kjend riddarvise er Rullemann og Hilleborg som handlar om falsk kjærleik. Rullemann er ein notorisk kvinnemordar, men Hilleborg greier å overliste han.

Historiske personar og hendingar

Historiske viser handlar om historiske personar og hendingar. Enkelte av desse visene kan nok ha fungert som partsinnlegg i spesielle situasjonar. Det finst neppe særnorske historiske viser; som mykje anna folkedikting har dei vandra over landegrensene.

Roland og Magnus kongjen er eit døme på ei slik folkevise. Ho byggjer på det kjente franske kjempediktet Rolandskvadet frå om lag år 1100, og handlar om korleis ein av vasallane til Karl den store, grev Roland, fell under eit bakhaldsangrep ved Roncevaux (Ronsarvollen i visa), eit fjellpass i Pyreneane. Bakhaldsangrepet vert gjennomført av maurarane, men det er arrangert av den franske forrædaren Ganelon. Roland vert dermed martyr for trua si. Visa skildrar livet som riddar i mellomalderen.

Læringsressursar

Folkedikting og samtidstekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Eventyr

  • SubjectMaterialFagstoff

    Segner

  • SubjectMaterialFagstoff

    Folkeviser

  • SubjectMaterialFagstoff

    Legendeviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Trollviser, dyreviser og skjemteviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Gammalstev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nystev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale