Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Folkedikting og samtidstekstarChevronRight
  5. LegendeviserChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Legendeviser

Legendevisene (heilagvisene) er viser som vart til i den tida den norske kyrkja var katolsk, eller som er komne hit frå utlandet. Visene handlar om helgenar og lidingane dei måtte halde ut, eller om religiøse visjonar.

Glassmalerier som viser St. Margareth, St. Columba, St. Sunniva. Foto.
Glassmåleri i Den engelske kyrkja i Balestrand av St. Margareth, St. Columba og St. Sunniva. Kyrkja blei reist av engelske sportsfiskerar tidleg på 1900-talet. Kyrkja ligg under biskopen av Gibraltar.

Viser basert på tru og kristne tradisjonar

Ei legende er ei forteljing om ein helgen. Slike forteljingar er det mange av i den katolske kyrkja. Norske legender stammar frå tida før reformasjonen og handlar om helgenar som Jomfru Maria, St. Sunniva og Heilag-Olav.

Legendevisene (heilagvisene) er viser som vart til i den tida den norske kyrkja var katolsk, eller som er komne hit frå utlandet. Visene handlar om helgenar og lidingane dei måtte halde ut, eller om religiøse visjonar.

Draumkvedet

Draumkvedet er den mest kjende av alle legendevisene. Det er eit eineståande og storslege visjonsdikt. Dei fleste forskarane meiner at teksten stammar frå slutten av mellomalderen, frå perioden før reformasjonen i 1537.

Draumkvedet er påverka av visjonar i den europeiske høgmellomalderen som vart kjende gjennom norrøne omsetjingar og kyrkjeleg forkynning. Det vert likevel rekna som eit originalt norsk kunstverk, og som eit høgdepunkt i norsk balladedikting.

Diktet handlar om visjonane til Olav Åsteson (eller Olaf Åkneson). Han fell i djup svevn på julaftan og vaknar ikkje før trettandedag jul. Han rir då til kyrkja og fortel om draumane sine som er ei vandring gjennom dødsriket. Her er han vitne til kampen mellom gode og vonde krefter og ser korleis syndarane vert straffa for ugjerningane sine.

Ein kan sjå Draumkvedet som ein parallell til Den guddommelege komedien (Divina Commedia) av den italienske mellomalderdiktaren Dante Alighieri.

Læringsressursar

Folkedikting og samtidstekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historiske viser og riddarviser

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Trollviser, dyreviser og skjemteviser

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Gammalstev

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nystev

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale