Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Folkedikting og samtidstekstarChevronRight
  5. FolkediktingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Folkedikting

Forteljinga oppstod lenge før skrifta. Den eldste litteraturen vi kjenner til, har vorte overlevert munnleg i mange generasjonar før han vart skriven ned.

Soria Moria Slott av Theodor Kittelsen. Maleri.
[i]Soria Moria Slott[/i] måla av Theodor Kittelsen

Kollektive forteljingar

Dikting som er skapt og overlevert munnleg, kallar vi for folkedikting. Døme på slik litteratur er segner, eventyr, mytar og folkeviser.

Folkediktinga har ingen namngjevne forfattarar. Vi kan seie at tekstane er kollektive forteljingar der mange har bidrege med større og mindre endringar når forteljinga er fortald vidare. Det er ikkje så lett å hugse ordrett når teksten ikkje er skriven ned. Derfor oppstod det stadig nye tekstvariantar.

Folkelitteraturen har tydeleg preg av at han vart overlevert munnleg, og at ein skulle hugse teksten utanåt. Rim, rytme og faste formuleringar, gjentakingar og faste handlingsmønster er støtte for minnet.

Frå folkedikting til skriftleg litteratur

I første del av 1800-talet var romantikken den dominerande kulturelle og åndelege retninga i Europa. Romantikarane meinte folkediktinga var eit uttrykk for den kollektive folkesjela. Det var denne ekte og opphavlege kulturen som dei nye europeiske nasjonalstatane burde tuftast på.

Over heile Europa starta arbeidet med å samle inn og skrive ned eventyr, segner og folkeviser. Brørne Jacob og Wilhelm Grimm gav ut den første eventyrsamlinga i Tyskland i 1812. Etter kvart vart det også fart på innsamlingsarbeidet i Noreg. Asbjørnsen og Moe, Magnus Brostrup Landstad, P.A. Munch, Olea Crøger og Regine Normann, og mange fleire, var involverte. Dei samla og skreiv ned viser, folkemusikk, eventyr og segner som hadde vorte tradert (overlevert munnleg) i fleire hundre år.

Dei som samla og skreiv ned tekstane, høyrde til den delen av folket som var mest prega av skriftkulturen. Ofte var det prestar eller andre akademikarar. Resultatet av dette arbeidet vart derfor, med nokre unnatak, tekstar som var tilpassa det ein kan kalle "danna" smak på den tida. Når tekstane ein gong var skrivne ned og vart lesne opp i staden for å verte fortalde, oppstod det ikkje lenger nye variantar. Den skriftlege versjonen vart derfor også den endelege versjonen.

Folkedikting og nasjonsbygging

I 1814 fekk Noreg eigen grunnlov og eit eige nasjonalt Storting. Men like viktig var det å etablere ei oppfatning av at det fanst ein særeigen norsk kultur, og la han komme til uttrykk i form av eit eige norsk språk og ein rotekte norsk litteratur.

Ein sentral årsak til at dette arbeidet vart gjort, var den kulturelle og politiske utviklinga i Noreg. I ein situasjon der konstitusjonen var ung og sårbar, og svenskekongen ønskte størst mogleg kontroll, var det svært viktig å utvikle ei sterk norsk nasjonalkjensle som motvekt.

Det å byggje opp denne motvekta kallar vi gjerne nasjonsbyggingsprosjektet. Noreg hadde opplevd ei politisk og kulturell storheitstid i vikingtida og tidleg mellomalder. Derfor var det naturleg å gripe attende til denne tida når ein skulle "rekonstruere" nasjonen Noreg.

Visste du ...

at dei tyske eventyr-samlarane brørne Grimm var dei første i Europa til å gi ut ei eventyrsamling? Samlinga Kinder- und Hausmärchen vart utgitt i 1812. Dei vart difor eit førebilete for andre eventyrsamlarar, som til dømes Asbjørnsen og Moe.

Læringsressursar

Folkedikting og samtidstekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Eventyr

  • SubjectMaterialFagstoff

    Segner

  • SubjectMaterialFagstoff

    Folkeviser

  • SubjectMaterialFagstoff

    Legendeviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historiske viser og riddarviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Trollviser, dyreviser og skjemteviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Gammalstev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nystev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale