Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Folkedikting og samtidstekstarChevronRight
  5. Om Knut Liestøl og folkeviseneChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kildemateriale

Om Knut Liestøl og folkevisene

Professor Knut Liestøl var ein av dei fremste forskarane på folkeviser og mellomalderkultur. Han meinte at den som tek seg tid til å leve seg inn i folkevisene, får eit innblikk i sjelelivet til menneska som levde i mellomalderen.

Professor Knut Liestøl. Tegning.
Professor Knut Liestøl

Han samanliknar dette arbeidet med det å knekkje eit hardt skal, men at den som anstrengjer seg, vert lønna med «den søte kjernen».

Forfattaren av teksten om folkeviser var professor Knut Liestøl (1881–1952). Han var først dosent i nynorsk og vart seinare professor i folkeminnevitskap. Han var elles språkmann og sat i fleire komitear som arbeidde med språkspørsmål. Han nådde òg å sitje to år som kyrkje- og undervisningsminister.

Doktorgradsarbeidet til Liestøl handla om Norske trollvisor og norrøne sogor. Han er med andre ord rette mannen til å innleie og gjere greie for form og innhold på folkevisene og ikkje minst rolla dei spelte kulturelt.

Teksten nedanfor er henta frå boka Utval av norske folkeviser til skulebruk og gjengitt med tillating. Lisens: Copyright. Nynorsken til Liestøl er ikkje alltid like lett å forstå, men ved å leggje litt arbeid i leseprosessen, vil dei fleste forstå det meste. Vi har dessutan laga nokre ordforklaringar. Dei er lagde inn i teksten i parentesar.

Innleiing til Utval av norske folkeviser til skulebruk

Når ein talar om dei norske folkevisene, plar ein meina dei forteljande (episk-lyriske) visene som har levt på folketunga her i landet frå mellomalderen og heilt til dei siste tider. Dei fleste norske folkevisene vart oppskrivne på 1800-talet. Det var i siste liten, for ved det leitet fór dei til å gløyma dei gamle visene heller fort. No har dei mest kvorvi (= forsvunne) or minnet.

Det er helst i Telemark og på Agder at dei har funni folkevisene; men vi har fleire vitnemål om at dei i eldre tider har vori mykje meir kjende i andre landluter òg.

Mange folkeviser må vera heilt bortkomne; vi har fråsegner om viser som dei kunne for 200–300 år sidan, men som no er gløymde. Somme folkeviser har dei berre funni hos ein einskild kvedar i nokolunde heilsleg skap, somme har dei berre funni småbrot av, og dei fleste er tydeleg meir eller mindre uheile. Mykje av den gamle folkeviseskatten er tapt for alle tider; men når ein tenkjer etter at mange av desse visene har gått frå mann til mann i 600–700 år, må ein heller undra seg over at dei har haldi seg så godt som dei til røyndar har gjort.

Mange som helst er vane med det strenge og regelrette versemålet i kunstdiktinga, vil nok tykkja at rytmen i folkevisene er ujamn; dei vil rett som det er snåva borti ukjenslege versføter. Men ein må jamt bera i minnet at folkevisa vart sungen, og at alt det som høvde med melodien var lovleg i versemålet, om ein så ikkje alltid kan få det inn under nokon regel.

Det vanlege er at rytmen er stigande (jambisk), og at det er tre eller fire tunge stavingar i kvar versline; talet på lette stavingar i verslina skifter mykje, og somme versliner vert difor mykje lengre enn andre. Endå rytmen er stigande, finn ein likevel ofte at verset tek til med ei tung staving; fyrst når ein kjem noko ut i verset, kjenner ein greitt at rytmen stig.

Det finst to slag strofer: to-lina og fire-lina. I den fire-lina strofa rimar andre og fjerde lina. Folkevisa har enderim. Det krevst ikkje heilrim, berre vokalsamklang (assonans), dvs. ein treng ikkje la både vokalen og dei konsontane som kjem etter vokalen, vera eins i rimstavingane; er vokalen eins, kan konsonantane godt vera ulike. Ofte let visene seg nøya med at vokalane svipar innpå einannan; dei kan t.d. la e og ø, i og y, ei og øy rima. Dette må ein hugsa på, så ein ikkje trur det er evneløyse frå fyrsten eller forvending seinare som gjer at rimet er så ringt etter dei krav vi oftast set i våre dagar. Når visediktaren hadde fått fram vokalsamklangen, trådde han ikke etter meir. Stundom vil ein finna at det er mykje bokstavrim i visene; men det er ikkje turvande i versemålet, følgjer ingen faste reglar og er helst nytta for velklangen skuld.

Til strofa høyrer det jamt eit omkvede, dvs. ei eller fleire versliner som dei tok oppatt ved alle strofane[sic]. I dei to-lina strofene finn ein ofte at ein lut av omkvedet kjem etter fyrste verslina og resten i slutten av strofa. Dei plar då kalla fyrste luten for ettersleng eller etterstev. – Innhaldet i omkvedet gjev stundom grunnstemninga i visa eller minner om einkvan tilburden (ein tilburd = ei hending) i henne. Visa om Jomfruva Ingebjør, som fortel om korleis Herre-Per leitar etter Ingjebør, har til omkvede: «Hòre skò sveinen finne jomfruva?», og til slutt, då han har funni henne, heiter det: «No heve sveinen funni jomfruva». Men ofte heng omkvedet ikkje i hop med innhaldet i visa, t.d. «Ro ut, ærlege menn» i Toreliti og Skakjelokk. I slike høve er omkvedet knytt til strofa ved melodien berre. Grunnen til dette er at omkvedet er teki or nokre lyriske innleiingsstrofer, som dei kvad før dei tok til med sjølve den forteljande visa. Desse innleiingsstrofene plar dei kalle stevstomn ( = stevstamme), av di omkvedet eller stevet er teki frå dei. Stevstomnen er no gløymd i dei norske visene; omfram sjølve omkveda har vi berre ei og anna minning om han.

Ein kan spørja kvifor visene fekk ei slik innleiing, som hang så laust i hop med visa elles. Det har sin grunn i folkevisedansen. Fyrst hadde dei lyriske strofer å dansa etter. Sidan knytte dei desse lyriske småkveda saman med den forteljande visa, på den måten at dei lyriske strofene vart innleiing til den forteljande visa. Eit døme på ei såvoren (= slik) lyrisk innleiing har vi i Jomfruva Ingebjør (s. 47). I den lyriske innleiinga er det ein («eg») som syng om ein fager skog. I tredje strofa leikar han innpå hendingane i visa, men fyrst i fjerde strofa slår han om og fører hovudpersonane fram for oss.

Dei lyriske innleiings-versa kunne vera ei oppmoding til å vera med i dansen; eller dei kunne skildra dansen eller sikta til han på einkvan måten. Vi har fleire gonger minningar om dette i omkveda. T.d. i Olav og Kari;

Olav sat heime i åtte år,
– Trø meg inkje for nære –
fyrr han ville moeri sjå. –
På vollen dansar mi jomfru. –

I mellomslengen er det tydeleg møya som talar til riddaren i dansen; i etterslengen talar riddaren om møya som dansar. Visene målar helst dansen i den ljose sommarnatta, når dei slo ring på leikvollen, «med´ lindi ber lauv uti lunden». Då kunne omkvedet for kvar strofe seia: «Trø lett yvi grøne voll – enno er det ´kje dagjen» eller spørja: «Munar inkje dagjen oppunder lie?»

Dei gamle nordmennene kjende ikkje noko vidare til dansen. Det var ein idrett som kom til Norderlanda saman med riddarlivet. Den nye leiken gjekk sin sigersgang gjennom alle bygder. I dei store høgtidene dansa dei heile nettene. Det hjelpte ikkje at somme bispar og prestar banna det nye. Dei tok jamvel på å dansa på kyrkjegardane i vakenettene framfor høgtidene.

Det var ikkje berre dansen til visa som var ny; sjølve folkevisa var eit brot med heile den gamle måten å dikta på. Rytmen var annleis; i staden for bokstavrimet i dei gamle skaldekveda hadde folkevisa enderim; det var ikkje lenger skalden som sa fram kvedet mellom kjempene i halla (= heltane i hallen), det var no ein føresongar som song visa i dansarringen, og alle dansarane sang omkvedet i kor. Dansen og dei nye diktformene synest å ha vunni fram i Norderlanda i det 12. og 13. hdr. (= hundreåret). Det nye kom (beinveges eller omveges) frå Frankrike.

Endå ein kan peika på fleire ting som knyter den norske folkevisa saman med den gamle diktinga, må ein difor likevel seia at i den ytre framburden (= forma, slik det framstår) er folkevisa noko nytt. Men det er ikkje berre såleis i det ytre at det nye ovrar seg (= slik det viser seg). Gjennom songen og dansen vart stemningar og kjensler utløyste som før hadde vore bundne. Den mjuke voggande rytmen i dansen og den fagre songen skapte feststunder av eit nytt slag, og let somt stiga fram or sjeledjupet som til den tid hadde legi gøymt. Diktarane fekk no meir enn før auga for det mjuke og milde i naturen. Dei talar om lauvet som sprett og urtene som gror. Dei elskar roser og lijer og grøne vollar. Dei skildrar elskhugen mellom mann og møy med nye fargar.

Både måten å dikta på og dansen til dikta kom utanfrå. Men ein låner ikkje berre forma; det er greitt at ymse vise-emne laut følgja med. Viser vart omsette frå det eine målet til det andre, og kom såleis til å vandra frå land til land. Ein kan difor møta att ei og same visa i mange land. Visa om Olav Liljekrans finn ein att i Danmark, Sverige, på Island og Færøyane, i Skottland, Bretagne og på romansk område. Ved nokre viser kan ein sjå kva vegar dei har vandra. Til Norge er det t.d. komi mange viser frå Danmark og Sverige. Frå Noreg har det vandra viser til Island, Færøyane, Danmark og Sverige. I det heile er dei nordiske visene mykje like einannan, og dei aller fleste har dei funni i meir enn eitt land. Noreg har omlag 200 folkeviser, og av dei finn ein ikkje mindre enn omlag 150 att i Danmark. Men i kvart land er det og viser som ikkje finst andre stader og som synest å vera dikta der i landet.

Det som mest særmerkjer den norske (og færøyske) visediktinga er fyrst ein flokk trollviser som skildrar ei ferd til trollheimen eller trollebotn, slike som Åsmund Frægdegjæva, Venill fruva og Drembedrosi og fleire. Dinest må ein merka seg at så mange norske og færøyske folkeviser byggjer på norrøne soger, t.d. Roland og Magnus Kongjen (Karlamagnus-saga). Folkevisediktarane nytta både heimlege, norrøne soge-emne (fornaldarsoger, eventyrsoger) og framande, omsette sogeverk (romantiske soger). På ei side viser folkevisa både ved form og innhald, utetter mot andre land, og på hi sida viser ho innetter med di ho er så nøye knytt til heimleg liv, heimleg tru og tenkjemåte og heimleg litterær tradisjon at ho vert eit full-gildt (= fullgodt) uttrykk for norske lynde.

Det er livet i mellomalderen ein finn skildra i folkevisene. Fleire viser går beint fram om historiske hendingar. I Noreg har vi berre få sogeviser; det meste må vera bortkomi. Dei leiver (=etterlevningar) vi no har, går om hendingar omkring 1300. Vi har hatt viser om kongane Håkon Håkonsson, Eirik Magnusson og Håkon Magnusson, om den falske Margreta som vart brend på Nordnes ved Bergen, og om Alv Erlingsson. – Historiske i vanleg meining kan ein nok ikkje kalle desse visene. Dei festar seg mest ved den personlege og private sida ved store politiske hendingar. I sogevisene finn ein difor oftast slikt som sogeskrivarane ikkje har brytt seg om å ta med. Som vi har visene no, er det historiske grunnlaget ofte så omlaga og så ihopblanda med dikt, at ein berre så vidt kan kjenna att dei sogehendingane som ligg attom. Visa bøyer soga inn under lovene for eit diktverk; ho vil ikkje fyrst og fremst, som rimkrønika, fortelja kva som til røyndar gjekk for seg, men ho vil gjeva eit uttrykk for dei kjenslene som sogehendingane har vekt i diktarhugen.

Tidast er det livslagnaden åt ukjende menn og kvinner som folkevisene gjev oss. Vi møter dei ulike stand i samfunnet, men det er lett å merka at alt er liksom sett ovanfrå, så visediktarane i dei fleste høve har høyrt storfolket til eller dikta for det. Vi høyrer om riddaren og hovmannen og bispen, om jarlssonen og kongssonen og sjølve kongen; men vi høyrer òg om bonden og om bondedottera som det er «vandelaust» (=uproblematisk) å få for stormannen, og som han ikkje skal ta, når han seg «ei onnor kan få». – Sidan folkevisa kom opp i Norderlanda (= Norden) saman med riddarlivet, er det mykje emne frå riddarlivet ein finn i visene. Men sjølve riddarlivet vann aldri retteleg inngang i Noreg. Den ytre bunaden med riddarar, knektar og d. l. (= desslike) er ofte berre noko som har følgt med visene utanfrå. Ein må seia at i det heile er det kjempelivet som er skildra, anten så emnet er teki or det røynlege livet eller lånt frå eldre diktingar. Det er eit uroleg og stridfylt liv, med drap og frendehemn (= hemn på vegne av familie/slekt) og brurerov. Slikt var det folk tykte gildast å høyra om. Det var nok mange som meinte som ei islandsk kvinne dei hermer etter: «Det er inkje gaman i vangiljene; det er ingen bardage (strid) i dei». Den gamle tanken om at strid var beste emnet for soger og dikting, kjem fram i noko som ei gammal kvinne sa med presten Landstad: «Det var nu ved de Tider at Folke begynte at bedres og at tage Vid til sig og rette sig mere efter Guds Ord og Kongens Lov end de før havde gjort. Der blev trange Aaringer, forstandigere Folke og mere fredsommeligt Liv; derfor er der ikke stort mere at fortælle om dem, end at de levede og døde».

Som ein kunne venta, fortel visene om mangt som er hardt og vilt og uhyggelig. Men dei folka som diktarane har skildra med samhug (= innleving) , får vi og tidast vørdnad for. Dei er heilrende (= heilstøpte) i karakteren og viljesterke; dei har evna til sjølvtøyming og atterhald der det trengst, og dei eig vågemod og offervilje når rette stunda er komen. Sjå til dømes mor til Ivar Elison. Ho missar aldri jamvekta, ho er samstundes fylt av brennhug og ettertanke; ho vil ikkje vita av bråferd; men hemntanken brenn i henne som ein still og heilag loge.

Stundom er kjempa heller grovlagd, det er meir av slåstkjempa enn av helten. Men oftast vil ein finna det rike sjelelivet, det gjævlyndet (= god karakter) og den finslege framferda som viser oss den sanne helten. Midt i det ville og harde og sterke bivrar då fram, som frå understrenger, noko mjukt og mildt og kløkkjande (= rørande) fagert. Stundom breier det seg ein sterk lyrisk fargeglans og kjenslerikdom over visa, t.d. i Bendik og Årolilja, der vi mellom anna finn dei vidgjetne strofene:

Eg tikje så vent om ditt gule hår,
som epli dei dryp på kviste –
sæl er den som deg må få,
Gud bære den som skò misse.

Eg tikje så, når eg sit hjå deg,
som eg sat uti solskin bjarte; n
år eg og du meg skiljast åt
då rivnar bå’ hug og hjarta.

Eg tikje så, når eg sit hjå deg,
som eg sat uti solskin bjarte;
når eg og du me finnast att,
då gle’ast bå’ hug og hjarta.

Hugen åt menneska i folkevisa er heil både til godt og til vondt, trua er utan tvil på botnen, kjærleiken er aldri makk-eten.

Av folkevisene kan vi lære korleis forfedrane våre trudde og tenkte. I heilagvisene møter vi det religiøse trudomslivet. Den katolske kristendomen er rette trua for menneska i folkevisene. Jomfru Maria er himmeldronning og byd den sæle velkomen (sjå visa om Olav og Kari), og dei bed til Gud og Maria møy. Draumkvedet syng som med djupe orgeltonar om livet attom grava, om himmel og heilheim, om samsvar mellom synd og straff, mellom god gjerning og løn – alt i katolsk ånd og såleis at ein ser at kvedet heng saman med andre katolske syner.

Men under den kristne trua ligg det ei folketru som gøymer mange gamle heidne minne. I denne folketrua er det at trollvisene botnar. Rundt ikring mennesket finst det ei heil verd av overnaturlege vette, i berg og haug, i luft og vatn. Det er risar og jøtlar og gygrar, bergkonge og alvefolk og haugebonde, nykk og havfru. Det er om samkvemet med desse vetta at trollvisene går. Stundom fortel dei om venskap eller elsk, men oftast fører samkvemet ulykke med seg. Bergfolket lokkar menneska til seg, og dei kjem ikkje att; det same gjer havfrua og nykken. Risane kjem til manneverda og tek kvinner med seg, og det er då fortalt om korleis kjempa dreg til trollheimen og vinn møya attende. Jøtulkvende skaper seg om til fagre kvinner og lurer seg inn i mannheimen, vert gifte med kongar og gjer sidan mykje mein med å skap om stykborna til dyr, fuglar, tre, steinar. o.s.b. (t.d. i visene om Venill fruva og Jomfruva Ingjebjør). På vollen slår alvefolket ring og dansar, og den mannen som kjem inn i alvedansen, og ikkje gjer som alvekvinnene vil, han går det ille. Stutt sagt: den overnaturlege verda ringar seg ikring mannelivet på alle kantar. Livet i folkevisene får liksom dobbel botn; det er fylt med spaning; den er fylt med spaning, og farar lurer på alle kantar, det er rikt på under og mysikk.

Ei urikkeleg tru på lagnaden ligg attom alt. Det som er så lage, det lyt gå fram:

Bendik ri åt Sø-londo,
ville han skòa møy;
han var kje lagje til att’e koma,
difyr så laut han døy.
Årolilja, kvi søv’e du så lengje?

«Det kan ingen si forloga fly ifrå», seier Magnhild i visa om Villemann og Magnhild.

Ei slik tru må setja djupe merke i diktinga. Livet hadde for dei gamle ein annan bakgrunn enn det har for oss, og det var ein annan samanheng i det; «livsbelysningen» var annleis. Mangt som for oss kjennest som eit tilfelle berre, kjendest for dei gamle som ein lagnad, og ymist som vi berre kan ta for symbol, var for dei full røyndom. Dette kan stundom gjera det nok vandt for oss å skjøna menneska i folkevisa heilt ut; men den som kjenner godt livet i norske bygder, norsk folketru, tenkjemåte og karakter vil i grunnen finna at det meste er kjensleg. Og vi skal hugsa på at det livssynet som rår i folkevisa, har lagt sin dåm (= preg) over soga vår, har rådt hos nordmennene i lange, lange tider og forklårar mangt i det moderne livet med. Den tankespaninga (= tankeanstrenginga) som stundom krevst til å skjøna visa rett, får ein rikeleg løn for i eit djupare og historisk klårare syn på norsk sjeleliv.

I det heile krev folkevisa ikkje så reint lite av tilhøyraren, og ho er eit merkeleg vitnemål om kor høgt kunstsansen stod hos forfedrane våre. Den nedgang i skjøn på kva er ekte dikting, som vi røynleg finn hos folket vårt, ser ein ingen stad greiare enn ved folkevisa. Allmugen har gløymt ei heil rekkje med herlege kunstverk og lagt seg ei mengd verdlause bygdeviser og skillingsviser på minnet. I det seinare har nok folkevisa vunni att noko av romet ho ein gong hadde i folkehugen, men det er gjerne så enno, at folkevisa er eit slag prøvestein som viser kort godt kunst-skjønet er.

Ein må nok medgjeva at det er ymse ting ved visemålet og visestilen som skaper vanskar for oss eller i minsto kan kjennast noko framandvorne med det same. Det kan vera som eit hardt skal ein må knekkja, før ein når inn til den søte kjernen. – Det ein går mest åt (med det same er dei store spranga i forteljinga; ein må tenkja seg til så mykje og knyta hendingane saman sjølv. «Handlingens høydepunkter side om side, som en blånende rad av fjelltopper – alt annet i dis og skodde, overlatt til den utfyllende fantasi» (Moltke Moe). Men så finn ein att, rett som det er, at diktaren tek tanken i ei strofe oppatt både ein og to gonger, berre med små avbrigde (= variasjonar) i ordlaga kvar gong. Slike oppatt-takingar (parallellstrofer) tener til å prenta inn eitkvart viktig hendet eller viktig røda (= samtale/dialog). Med å ta oppatt såleis nøyer diktaren oss til å la tanken krinsa lenger om den bolken i visa; det er ei kunst-råd til å skapa relieff i forteljinga. Stundom finn ein at parallell-strofene er misbruka; dei kjem både i tide og utide berre rimet byd seg fram lett nok. Det har vorti manér. Folkevise-dansen er vel mykje skuld i dette; det galdt om å tøya visa tu så leiken kunne vara lenge. Ein ser det så greitt på Færøyane; der har dei haldi oppe folkevisedansen lenger enn andre stader, og der er ingen stad det finst så mykje med parallell-strofar som nettopp der. – Noko anna er det at ei vise kan låna verslinjer, strofer, ja heile stroferekkjer frå ei anna. Det treng ikkje vera samanblanding i seinare tider, men kan godt ha vori så frå fyrste stund. Tingen er den at visene på ein måte kjendest som sams eigedom. Det var ingen «forfattarrett» til dei. Det var alt som det skulle vera, om ein diktar tok av den episke sam-eigedom, når han hadde bruk for det.

Ein annan ting som veld vanskar når ein ikkje lever seg godt inn i visa, er samrødene (= dialogane). Somme viser er mest berre samrøder, og sjeldan er det sagt frå kven talar då og kven talar då; ein må tenkja seg til det. Ein må difor følgja vel med, så ein til kvar tid kan kjenna på seg korleis dei som er med i visa vil tala eller fara åt. Her trengst det skjøn og fantasi.

På hi sida plar det vera lett å få oversyn og hendingane i visa; ein finn ikkje noka vand (=vanskeleg) og ihopfløkt forteljing med same hendingar som går for seg samstundes, så ein får fleire forteljings-trådar. Dei folka som er med i visa, er teikna med store og reine drag. Det er allmenne truer og tankar og kjensler ein møter, og personane er gjerne typar eller idealbilete utan nokon stor rikdom på individuelle drag. I så måte har folkevisa noko for alle. Heile visa er harmonisk bygd. Ho byrjar stilt og roleg, lyfter seg mot det dramatiske høgdepunktet og fell så til ro att. Villemann og Magnhild t.d. byrjar lognt med at Villemann og Magnhild sit i jomfruburet og leikar tavl (= gamalt brettspel). Men så høyrer vi at Magnhild græt; og vi skjønar då at det er bod om ei ulykke. Om ikkje lenge er vi ved det dramatiske høgdepunktet; vi høyrer om korleis nykken tek Magnhild, og korleis Villemann vinn henne att med det vedunderlege spelet sitt. Så fell det heile til ro. Visa må ikkje stupa seg inn i hendingane med ein gong, og ho må ikkje la alt enda for brått. I visa om Bendik og Årolilja får båe hovudpersonane ein brå og hard daude. Men visa endar ikkje med det. Ho fortel korleis kjærleiken rekk attom grava; på gravene åt dei to som har elska einannan her i livet, veks det opp tre, og dei trea «krøkjest i hop over kyrkjedøra» og står der som ei minning om kvorven glede og sløkt harm. Visa endar med det fagre og fredsæle biletet av den brune stavkyrkja med dei to trea som bøyer seg saman.

Når folkevisene går så langt attende i tida som til 13. og 14. hdr., er det greitt at dei har vori dikta på gammalnorsk mål. Enno kan ein i mange høve føra dei attende til den gammalnorske forma utan store brigde (= endringar). T.d. strofe 20-21 i Ivar Elison:

«Heill sitir Þú, Hermóðr illi
alls undir Þitt gúla hár.
Munt Þú nǫkkut kunnigr vera
hverr minn fǫður vá?»

«Fullu mun ek kunnigre vera
hverr Þinn fǫður vá.
Þat gerisk svá gǫmul gjǫld at greiða
ok seint skalt Þau fá.»

Den faste, rim- og rytmebundne forma i visene har haldi oppe mykje av gamle ord, ordformer og ordfellingar (= ordstilling), som no er heilt kvorvne or talemålet eller har skift tyding. Det heiter festarmøy og festarfe, og born av to eller fleire systrer vert kalla systrungar. Blod som renn ut av sår heiter drøyre og sverdet er kalla den brune brand. I alle desse høva er det gamalnorske ord som har haldi seg. Stundom finn ein i visene gamle ord som kvedarane ikkje skjøna, og som ein ikkje finn att i den norrøne bokheimen heller, slike som obboren og åbruklaug. Målet i dei norske folkevisene er no nynorsk. Dei har følgt med i målvoksteren frå gammalnorsk til nynorsk og ikkje vorti sprengde. Det er ein litterær tråd som bind det gamle og det nye Noreg saman og dei har haldi oppe ikkje så reint lite av den litterære kulturen vi hadde i mellomalderen. Difor er dei ikkje berre ei rekkje kunstverk som har verd i seg sjølve, men dei er også viktige historiske og nasjonale arveminne.

Læringsressursar

Folkedikting og samtidstekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Legendeviser

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historiske viser og riddarviser

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Trollviser, dyreviser og skjemteviser

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Gammalstev

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nystev

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale