Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Folkedikting og samtidstekstarChevronRight
  5. Vi som produserer fryktChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kildemateriale

Vi som produserer frykt

Vi er blitt eit mykje reddare folk sidan 2004. Det hjelper ikkje at det er blitt mindre av det vi er redde for, frykta aukar likevel.

Kvinne som går alene

Mediekommentar av Sven Egil Omdal

I 2004 sa 183 000 nordmenn at dei dagleg kjente angst som var utløyst av nyheiter om kriminalitet, krig, terror og katastrofar. Undersøkinga blei gjennomført av TNS Gallup. Sidan den gongen har talet på melde lovbrott i Noreg gått ned med over 10 prosent. Så då er vi blitt eit tryggare folk?

Tvert imot. Då TNS Gallup gjennomførte den same undersøkinga våren 2013, var talet på engstelege auka til 317 000. Eg kjenner ei av dei. Ho er ei eldre kvinne som aldri har vore utsett for noko kriminelt. Ho bur i eit fredelig strok i ein liten by. Risikoen for at ho skal bli rana, er knapt målbar. Likevel er ho redd. Ho les aviser og ser Dagsrevyen. Dessverre les ho ikkje statistikk.

Nokre blir frykteleg sinte når statistikken blir lagt på bordet og tala viser at Noreg faktisk ikkje blir farlegare. Den som lener seg på tal, har ikkje respekt for ofra for ransmenn og valdtektsforbrytarar. Den som peiker på nedgangen i overfall, bør sjølv få slått ut tennene og sjå kva han då meiner. «En sånn kommunisk avfall å dhimmi søppel som deg skulel hatt grisebank for lenge siden på offentlig sted», skreiv ein lesar til meg (av respekt for bodskapen har eg halde på ortografien) då eg peikte på at ransbølgja i Oslo denne hausten høgst sannsynleg ikkje er noka bølgje i det heile teke.

Kanskje har han sjølv blitt rana og meiner han har grunn til å vere redd. Men mest sannsynleg er han eit offer for det som alltid skjer når media skremmer: Vi blir redde for feil ting. Det er flått i skogen, nokre får borreliose og får livet snudd på hovudet i kortare eller lengre tid. Men det er framleis farlegare å gå i trafikken enn i skogen. Likevel har ikkje laussalsavisene framsider med bilete av ein bil inne i ein raud varseltrekant. Vi skriv om trafikktryggleik på ein heilt annan måte enn vi skriv om flåttryggleik. I artiklar om trafikkdød er det ofte plass til statistikk – og når det gjeld Noreg, er denne heldigvis svært positiv.

Den amerikanske medieforskaren David L. Altheide har skrive mykje om «mediert verkelegheit» og «medielogikk». Han har peikt på forskjellen på journalistikk som set hendingar inn i ein samanheng, og journalistikk som berre gjer kjensla av at det er noko der ute som trugar oss, sterkare. Det ville vore meir enn rart om kvar einaste vesle sak om brekte naser, iPhone-tjuveri eller knivstikking blei utstyrt med tal frå politistatistikkar, eller med referansar til internasjonal forsking. Men i den augneblinken pressa får det for seg at det er ei «valdsbølgje», «drapsbølgje» eller «ransbølgje» under utvikling, betyr det svært mykje for fryktproduksjonen hos publikum om det påståtte mønsteret blir sjekka mot statistikk og annan tilgjengeleg kunnskap.

Barry Glassner, ein annan amerikansk forskar som har studert den rolla journalistane har når det gjeld å produsere frykt, skriv i boka The Culture of Fear (1999) at pressa bruker «talande anekdotar i staden for vitskapelege fakta», og at måten vi skriv på, får heile grupper av menneske til å framstå som per definisjon farlege. Opp med handa alle som ikkje er blitt meir engstelege for grupper av innvandrarungdom etter å ha følgt Oslo-avisene og NRK denne hausten.

Journalistane forsvarer seg på ein måte som vi kjenner att: «Vi skriv berre om det som skjer.» Det er ei banalisering av faget. Journalistar vel blant det som skjer. Det aller, aller meste av det som skjer, blir ikkje omtalt i det heile teke. Men når vi først har identifisert eit mønster, eller ei bølgje, som vi gjerne kallar det, leitar vi etter nye hendingar som kan stadfeste dette mønsteret. Resultatet blir ofte at vi konstruerer falske bølgjer som får reelle konsekvensar, både for dei som blir redde utan grunn, og for dei som plutseleg er blitt farlegare, også det utan grunn.

Læringsressursar

Folkedikting og samtidstekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Eventyr

  • SubjectMaterialFagstoff

    Segner

  • SubjectMaterialFagstoff

    Folkeviser

  • SubjectMaterialFagstoff

    Legendeviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historiske viser og riddarviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Trollviser, dyreviser og skjemteviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Gammalstev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nystev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale