Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Folkedikting og samtidstekstarChevronRight
  5. Samanlikn eventyret Raudhette og ulven med filmen SkylappjentaChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Samanlikn eventyret Raudhette og ulven med filmen Skylappjenta

I denne oppgåva skal du samanlikne eit folkeeventyr med eit moderne eventyr.

Sjå filmen Skylappjenta og les eventyret Raudhette og ulven .

  1. Raudhette og Skylappjenta får begge same oppdrag av mødrene sine. Kva vert dei bedne om å gjere?
  2. Begge jentene får ei åtvaring med på vegen. Kva skal dei passe seg for, ifølgje mødrene sine?
  3. Både Raudhette og Skylappjenta har med noko å ete og drikke til bestemor, som er typisk for kulturen deira. Kva har dei to jentene med seg, og kvifor?
  4. Raudhette har på seg ei raud kappe med hette på og Skylappjenta har på seg ei skylapplue og ei slags kappe. Kvifor trur du at jentene er kledde nett på denne måten?
  5. På vegen til bestemorhuset møter Raudhette ein person. Kven er det, og kva spør han om?
  6. På veg til bestemorhuset møter Skylappjenta fleire personar. Kva vil dei henne?
  7. Både Raudhette og Skylappjenta vert distraherte av dyra og menneska dei møter på vegen til bestemorhuset, og gløymer heilt at det er ei sjuk bestemor dei skal besøke. Kven er det som trekkjer til seg merksemda deira, og korleis gjer dei det?
  8. Korleis vert Raudhette og Skylappjenta minna på den sjuke bestemora?
  9. Då jentene kjem til bestemorhuset, finn dei begge nokre andre enn den dei hadde venta seg i senga til bestemor. Kven finn dei, og kvifor er dei der?
  10. Raudhette og Skylappjenta er begge i ein farleg situasjon i huset til bestemora. Korleis er desse situasjonane, og kven reddar dei ut av situasjonen?
  11. Kva for rolle har bestemora i Raudhette og ulven og Skylappjenta?
  12. Eventyret om Raudhette og ulven og filmen om Skylappjenta ender godt, men begge jentene har lært noko av turen til bestemor sitt hus. Kva har dei lært?
  13. Kva er bodskapen i eventyret om Raudhette og ulven og filmen Skylappjenta?
  14. Finn du nokre likskapar mellom bodskapen i dei to forteljingane? Grunngi svaret ditt.
  15. Forteljarstrukturen i filmen Skylappjenta liknar på mange måtar på eit eventyr. Kva for typiske eventyrtrekk finn du i filmen?
  16. Forteljinga om Skylappjenta er henta frå ein annan kultur enn eventyret om Raudhette og ulven. Kva for kultur er det snakk om, og korleis ser du det? Gi døme.

Læringsressursar

Folkedikting og samtidstekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Eventyr

  • SubjectMaterialFagstoff

    Segner

  • SubjectMaterialFagstoff

    Folkeviser

  • SubjectMaterialFagstoff

    Legendeviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historiske viser og riddarviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Trollviser, dyreviser og skjemteviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Gammalstev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nystev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale