Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Folkedikting og samtidstekstarChevronRight
  5. Memento moriChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Memento mori

"Memento mori" – Hugs at du skal døy. Til alle tider og i alle kulturar har menneska stilt seg spørsmål som: Kvifor vi må døy? Kva er meininga med livet vårt og med døden?

Mørk skikkelse som symboliserer døden holder klokke som viser fem på tolv. Foto.

Eksistensielle spørsmål

"Memento mori" – Hugs at du skal døy, sa dei gamle romarane for å få sett livet sitt og handlingane sine i perspektiv. Til alle tider og i alle kulturar har menneska stilt seg eksistensielle spørsmål som: Kvifor må vi døy? Kva er meininga med livet vårt og med døden? Og kva skjer med oss etter døden? Religionar og filosofar har opp gjennom tida gitt ulike svar på desse spørsmåla.

I nokre religionar vert døden oppfatta som ei straff for handlingar mennesket sjølv er skuldig i. I Det gamle testamentet i Bibelen finn vi til dømes forteljinga om syndefallet i Edens hage. Ifølgje denne myten må menneska døy fordi dei braut Guds forbod mot å ete fruktene på treet til kunnskap om godt og vondt. Gud var redd for at dei også skulle ete av livets tre og verte guddommelege. Derfor vart dei jaga ut av Edens hage.

Rom for spørsmål – og for ulike svar

Svar på spørsmål om liv og død kan vi ikkje berre overta frå generasjonane før oss. Kvar tid, kvar kultur og kvart menneske må finne sine eigne svar. Likevel kan vi ha glede og nytte av å lese litterære og religiøse tekstar frå ulike tider og kulturar. Slik vert vi kjende med tankar som andre har gjort seg om livet og døden. Vi har mykje til felles med dei som har levd før oss!

Det er også viktig at vi gir kvarandre rom for å ta opp eksistensielle spørsmål. Dei siste ti åra har lege, forfattar og samfunnsdebattant Per Fugelli kanskje vore den personen i Noreg som i sterkast grad har tematisert kva døden har å seie for livet, mellom anna gjennom boka og dokumentarfilmen Døden, skal vi danse?. I 2013 fekk han Fritt Ord-prisen. Fugelli var kreftsjuk i mange år og døydde hausten 2017. Sjå eit intervju med han der han snakkar om synet sitt på livet og døden:

Kva tenkjer du om desse spørsmåla?

Læringsressursar

Folkedikting og samtidstekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Legendeviser

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historiske viser og riddarviser

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Trollviser, dyreviser og skjemteviser

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Gammalstev

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nystev

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale