Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Folkedikting og samtidstekstarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vandresegner

Segner kan vandre over landegrenser, og dei kan oppstå i stadig nye versjonar, knytte til nye stader og nye menneske. Vi kan finne mange norske vandresegner att i segntradisjonar i andre land.

En sjøorm stikker hodet opp av vannet i en innsjø. Illustrasjon.
Segna fortel at sjøormen er sett både i Seljordsvatnet i Telemark og i den skotske innsjøen Lock Ness

Moderne vandresegner

Moderne vandresegner er ei nemning som vert brukt på segner om moderne hendingar og fenomen. Dei er også ein del av den munnlege forteljartradisjonen, og tilhøyrer dermed folkelitteraturen. Historiene er lette å hugse og vekkjer lett interesse hos tilhøyrarane, og det gjer segnsjangeren levande den dag i dag.

"Sikker kjelde" gjer segna truverdig

Som andre segner gir moderne vandresegner seg ut for å vere sanne. Når vi fortel ei vandrehistorie, vil vi gjerne verte trudd på at ho er sann, derfor påstår vi ofte at hovudpersonen er ein kjenning av ein kjenning.

Ein annan måte å gjere historia truverdig på, er å hevde at ho stammar frå ei påliteleg kjelde, som til dømes ein politimann eller ein lege. Om historia har stått på trykk i ei avis, er dette for mange ein absolutt garanti for at ho er sann. I våre dagar vert moderne vandresegner traderte hovudsakleg gjennom medium som aviser og Internett.

Dessverre for alle godtruande tilhøyrarar og forteljarar er dei fleste vandresegner meir eller mindre fri fantasi. Men ettersom det vanlegvis er umogleg å spore ei vandresegn heilt attende til kjelda, kan ein jo aldri vere sikker. Kanskje hendingane det vert fortalt om, verkeleg har funne stad ein gong, ein eller annan stad i verda?

Urban legends

Moderne vandresegner vert kalla "urban legends" på engelsk. Mens tematikken i den eldre segntradisjonen var knytt til bondesamfunnet, er han i dei moderne vandresegnene knytt til den moderne, urbane røyndomen. Mange av segnene handlar om møte med det ukjende, og det framande vert sett i lys av den kulturen forteljaren tilhøyrer.

Sanning eller oppspinn – det viktigaste er uansett at historia vekkjer interesse, og at innhaldet svarer til folks meiningar og fordommar. Då er sjansane store for at historia vert ført vidare frå munn til munn, frå land til land – stort sett med same handling, men med stadig nye detaljar.

Læringsressursar

Folkedikting og samtidstekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Eventyr

  • SubjectMaterialFagstoff

    Segner

  • SubjectMaterialFagstoff

    Folkeviser

  • SubjectMaterialFagstoff

    Legendeviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historiske viser og riddarviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Trollviser, dyreviser og skjemteviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Gammalstev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nystev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale