Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Folkedikting og samtidstekstarChevronRight
  5. SegnerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Segner

Segner er korte forteljingar som har levd eller lever på folkemunne. Dei er eit slags ekko frå fortida, og dei omfattar alt folk har funne verd å merkje seg.

Nøkken av Theodor Kittelsen. Maleri.
Mange naturmytiske segner handlar om menneske som vart tekne av nøkken, draugen eller av dei underjordiske. Her er nøkken teikna av Theodor Kittelsen.

Kva kjenneteiknar ei segn?

Ei segn har som regel berre ein episode, og ho gir seg ut for å vere sann. segna er ofte både tids- og stadbestemt, og vi møter svært ofte namngitte menneske i handlinga, folk som verkeleg har levd.

Ei lokalsegn er knytt til ein bestemt stad, bestemde personar eller ei bestemd hending. Ei vandresegn er ei forteljing som vi finn att i ulike kulturar og tidsepokar, men der handlinga vert knytt til forskjellige personar og stader.

Naturmytiske segner

I dei naturmytiske segnene er hovudemnet det overnaturlege og uforklarlege. Dei fortel om allslags overnaturlege vesen som vette og gjengangarar, om trolldom og om folk med overnaturlege evner. Mange naturmytiske segner handlar om menneske som vart tekne av nøkken, draugen eller av dei underjordiske.

Draugens kamp med daudingane i Lurøy er eit eksempel på ei naturmytisk segn.

Historiske segner

Dette er segner som handlar om historiske personar og hendingar. Det betyr ikkje at segnene er historiske i den forstand at dei er sanne. Det er likevel interessa for den historiske personen, det historiske utgangspunktet eller den historiske tilknytinga som gjer at segnene lever vidare.

Historiske segner fortel om kongar, krigar, opprør og dramatiske hendingar. Synsvinkelen er personleg og privat, ofte også lokal. Nokre av desse segnene skildrar hendingar frå nyare tid, men det finst også historiske segner som går tilbake til mellomalderen, for eksempel segnene om Olav den Heilage og om Svartedauden.

Segna om Jostedalsrypa er døme på ei historisk segn. Segna handlar om korleis pesten (svartedauden) utrydda alle menneska i bygda Jostedalen i Sogn, med unntak av ei ung jente. Eit anna døme på ei historisk segn er segna om Kråka frå Spangereid som blei dronning av Danmark.

Opphavssegner

Opphavssegner er forteljingar som har som formål å forklare stadnamn eller oppsiktsvekkjande ting i naturen. Dei kan forklare spesielle naturfenomen eller sjølve utforminga på stader i naturen, eller dei kan gi fantasifulle forklaringar på opphavet til stadnamn.

Eit eksempel er Langårdssund mellom Skåtøy og Langøy i Kragerøfjorden, der segna seier at eit svært troll sette seg på den eine sida av ei øy og skauv frå med beina slik at øya sprakk opp i dette smale sundet. Olavsundet i Ny Hellesund i Søgne skal ha oppstått då Heilag Olav segla tvers gjennom fjellet med båten sin. Segna Dei sju systrene forklarer opphavet til fleire av dei mest kjende fjellformasjonane i Nordland.

Segna om dei sju systrene er ei av mange segner som handlar om korleis kjende nordnorske fjellformasjonar vart til.

Læringsressursar

Folkedikting og samtidstekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Legendeviser

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historiske viser og riddarviser

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Trollviser, dyreviser og skjemteviser

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Gammalstev

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nystev

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale