Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Folkedikting og samtidstekstarChevronRight
  5. Den gylne tida og korleis ho tok sluttChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kildemateriale

Den gylne tida og korleis ho tok slutt

Det sørsamiske eventyret "Den gylne tida og korleis ho tok slutt" etter attforteljing av Kirsti Birkeland.

Grønne gardiner av blafrende nordlys.

Den gylne tida og korleis ho tok slutt

Då Jupmele, Gud, skapte verda, gjorde han ho god og vakker på alle vis. Fjella vart kledde med gull og sølv. I dalane sprang blomane fram, og fuglane song overalt. I skogen var kvart einaste blad friskt og grønt, og det fanst ikkje ei vissen grein.

Mat var det nok av: Trea bar ikkje frukt, men kokt kjøtt og ost vaks på greinene, og i stammane rann den feite mergen. På lyng og busk lavde det av bær, og kjeldene som sprudla overalt, var fulle av søt mjølk. I floder og bekkar stod fisken tett. Det var berre å ta det ein trong. Ingen visste kva arbeid var.

Jupmele gav verda til Sola, sonen sin, og sette han til å vakte ho frå plassen sin på himmelen. Der sola rår, må mørket vike. Der finst ikkje kulde, ikkje natt, ikkje sorg.

I dette herlege landet budde det to brør: den fromme og gode Naevie, og Adtjis, som var heftig, grisk og ikkje eigde skam i livet. Det vert fortalt at Sola syntest så godt om Naevie at han gav han dottera si til kone og kalla henne Naevie-ietnie. Adtjis fekk den som passa best til han, Adtjis-ietnie. Ho kom frå underjorda og herska over alle sjukdommar. Dei tok ho med seg opp i ein sekk.

Verda hadde overflod av alt, og alle menneska hadde fått det for ingenting. Men latskap avlar vondskap, og ein dag vakna griskleiken i Adtjis' hjarte: Han ville eige jord, og han ville setje gjerde rundt det han eigde. Han gjekk til Naevie og sa:

– La oss dele jorda likt mellom oss, så kvar kan eige sitt.

– Kvifor det? sa Naevie – Her er nok av alt, og det er rett å ha det saman. Men Adtjis gav seg ikkje, og til sist lét Naevie han få det som han ville.

Det gjekk ikkje lenge før Adtjis syntest han hadde fått for lite. Han flytte gjerdet lenger inn på Naevies side. Naevie sa ingenting. Han berre lét det skje. Men snart kasta Adtjis igjen blikket over gjerdet. Han syntest alt Naevie hadde, var betre enn hans eige. Og så flytte han gjerdet enda lenger inn over landet til broren.

Den gode Naevie ville enno ikkje trette med broren sin.

– Han har vel snart fått nok, tenkte han.

Og så sa han ingenting no heller, men lét broren få behalde alt han hadde teke. Til sist hadde Naevie berre ei einaste mjølkekjelde og ei gammetomt igjen for seg og sine.

Då tok mørket heilt overhand over Adtjis, og misunninga fekk slik makt at han greip ei reinsdyrkrone, slo til Naevie med ho og drap han.

I det same losna eit frykteleg skrik i skogen. Det slo mot berget og vaks, og mørket sløkte alle lys. Uhyggjelege skapningar flagra fram frå sprekkar og kløfter, opp av myrer og vatn. Adtjis-ietnie lo og tok fram sekken som ho hadde alle sjukdommane i. Hun losna opp snora, og sleppte dei ut over verda. Snart lukta det død av vatnet og sorg av skogen. Fuglane orka ikkje å fly, og fiskane velta seg med buken opp. Menneska begynte å slåst. Mennene sjangla skamlause omkring, og kvinnene drap barna sine.

Menneska hadde ikkje tålt rikdom og gode dagar då dei fekk det for ingenting. Sola vende seg bort og gret.

Då Jupmele såg kva Adtjis hadde gjort, vart han både bedrøva og sint. Alle gåvene hans hadde ikkje vorte til velsigning for menneska.

Jupmele steig ned på jorda. Han henta mjølka frå den siste kjelda, kjøttet i det siste treet og fisken frå den siste kulpen i elva. No ville han gøyme gåvene så ingen fekk tak i dei utan ved hardt arbeid.

Så vrengde Jupmele fjella og gøymde gullet og sølvet under steinen. Kjøttet fordelte han på kroppane til dyra, og av mjølka la han noko i kvart jur. Fisken gav han finnar å symje med. Så gav han alle saman angst for menneska og evne til å flykte frå dei.

Slik vart livet vanskeleg for menneska. Frå no av måtte dei streve og slite om dei skulle klare seg.

Men Jupmele ville at menneska skulle hugse Naevie og den gylne tida. Derfor lét han skjegget på reinsbukken vekse seg langt og gav det namnet til Naevie. Ingenting er varmt og mjukt som Naevie. Ingenting i verda gøymer så mykje lys i seg. Menneska legg Naevie under småbarnet i komsa for at det skal liggje godt.

Og Jupmele lovde at om menneska vart gode som Naevie, då skulle den gode tida komme tilbake, og alt skulle verte som før han velta om jorda.

Sola vaktar verda frå plassen sin på himmelen. Så lenge sola lyser, kan vi håpe ...

Læringsressursar

Folkedikting og samtidstekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Legendeviser

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historiske viser og riddarviser

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Trollviser, dyreviser og skjemteviser

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Gammalstev

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nystev

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale