Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Folkedikting og samtidstekstarChevronRight
  5. Albert Einstein: Mitt verdsbilete (utdrag)ChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kildemateriale

Albert Einstein: Mitt verdsbilete (utdrag)

Utdrag frå boka "Mitt verdsbilete" av Albert Einstein.

Om meininga med livet

Kva er meininga med livet vårt, kva er meininga med livet til alt levande i det heile? Å kunne svare på dette spørsmålet betyr å vere religiøs. Du spør: Har det då i det heile noka meining å stille dette spørsmålet? Eg svarer: Den som opplever sitt eige liv og livet til medmenneska sine som meiningslaust, er ikkje berre ulykkeleg, men knapt i stand til å leve.

Verda slik eg ser ho

Kor merkverdig er ikkje den situasjonen som vi barn av jorda står i. Alle er her på eit kort besøk. Vi veit ikkje kva formålet er, men somme gonger trur vi at vi kan føle det. Med ein ståstad i dagleglivet og utan å vie oss til nokon djupare refleksjon, veit vi likevel: Vi er her for medmenneska vår si skuld. Først og fremst er vi her for dei som lykka vår er heilt avhengig, vi treng at dei smiler og har det bra. Men eit band av medkjensle knyter oss òg til dei mange vi ikkje kjenner. Kvar dag tenkjer eg tallause gonger på korleis det ytre og indre livet mitt byggjer på arbeidet til dei nolevande og avdøde medmenneska mine, og på at eg må anstrengje meg for å gi like mykje som eg har fått, og framleis får. Eg har eit ønske om nøysemd og er ofte tyngd av tanken på at eg krev meir enn nødvendig av arbeidet til medmenneska mine. Dei sosiale klasseforskjellane oppfattar eg ikkje som rettferdiggjorde, eg synest at dei i siste instans byggjer på vald. Dessutan trur eg at eit enkelt ytre liv utan for mange krav er godt for kvar og ein og for både kropp og ånd.

[...]

Å spørje etter meininga eller formålet med vårt eige liv eller med livet i det heile teke har eg alltid oppfatta som meiningslaust, sett frå ein objektiv ståstad. Og likevel har kvart menneske visse ideal som gir retning til eige strev og til vurderingane det gjer. I samband med dette har behag og lykke aldri stått for meg som eit mål i seg sjølv (ein slik etikk kallar eg idealet til griseflokken). Mine ideal som lyste opp stien framom meg, og som heile tida gav meg nytt livsmot, var godheit, skjønnheit og sanning. Utan kjensla av å vere samstemd med likesinna, utan å vere engasjert med det objektive, det evig uoppnåelege innanfor kunsten og innanfor vitskapleg forsking, ville eg ha opplevd livet som tomt. Dei banale måla for menneskeleg strev – eigedom, ytre suksess, luksus – har eg sett på som foraktelege heilt sidan eg var ung.

[ ... ]

Det vakraste vi kan oppleve, er det løyndomsfulle. Denne grunnkjensla står ved vogga til all sann kunst og vitskap. Ein som ikkje kan kjenne det løyndomsfulle, og som ikkje lenger kan undre seg og fundere over det han ser, han er så godt som død, og auga hans er sløkte. Opplevinga av det løyndomsfulle – om enn blanda med frykt – har òg skapt religionen. Det å vite at det finst noko som vi ikkje kan trengje igjennom, at det finst manifestasjonar av djupaste fornuft og strålande skjønnheit som fornufta vår berre kan gripe i dei mest primitive formene; å vite og føle dette utgjer den sanne religiøsiteten. Berre i denne tydinga av ordet er eg eit djupt religiøst menneske. Eg klarer ikkje å førestelle meg ein gud som lønner og straffar dei han har skapt, eller som i det heile har ein vilje lik den vi sjølv har. Eg vil og kan heller ikkje tenkje meg eit individ som lever etter at det er fysisk dødt; det er opp til svake sjeler å nære slike tankar ut frå redsel eller latterleg egoisme. For meg er det tilstrekkeleg at eg veit om mysteriet om det evige livet, at eg er medviten på og kan ane den vedunderlege oppbygginga av alt som er til, og at eg kan få lov til å streve etter å forstå ein ørliten del av den fornufta som kjem til uttrykk i naturen.

Tekstutdraga er henta frå verket "Mitt verdsbilete" som vart gitt ut i 1934.

Gitt att med tillating frå Per Nordanger, Spartacus Forlag AS

Lisens: CC- ikkje-kommersiell - del på same vilkår

Om Albert Einstein
Portrettbilde av den sveitsiske fysikeren Albert Einstein
Albert Einstein (1879–1955).

Albert Einstein var ein framståande tysk fysikar. Familien hans var av jødisk opphav, og han emigrerte til USA då Hitler kom til makta i 1933. Einstein bidrog med fleire epokegjerande arbeid til utviklinga av den moderne fysikken. Han fekk nobelprisen i fysikk i 1921.

Læringsressursar

Folkedikting og samtidstekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Legendeviser

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historiske viser og riddarviser

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Trollviser, dyreviser og skjemteviser

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Gammalstev

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nystev

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale