Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Folkedikting og samtidstekstarChevronRight
  5. Syndefallsforteljinga i BibelenChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kildemateriale

Syndefallsforteljinga i Bibelen

Første Mosebok (cirka 400 f.Kr.) i Bibelen handlar om skapinga, og om korleis Gud set Adam og Eva til å leve i Edens hage. Midt i denne hagen står både livets tre og kunnskapens tre. Fruktene av livets tre gir evig liv, og epla frå kunnskapens tre gir kunnskap om godt og vondt.

Maleri av Adam og Eva før og etter syndefallet
Michelangelo Buonarroti (1475–1564): Utdrivinga frå Paradis (1510).

Første Mosebok, kapittel 3

Slangen var listigare enn alle villdyra som Herren Gud hadde laga. Han sa til kvinna: "Har Gud verkeleg sagt at de ikkje skal eta av noko tre i hagen?" 2 Kvinna sa til slangen: "Vi kan eta av frukta på trea i hagen. 3 Men om frukta på treet som står midt i hagen, har Gud sagt: Et henne ikkje og rør henne ikkje! Gjer de det, skal de døy." 4 Då sa slangen til kvinna: "De skal slett ikkje døy! 5 Men Gud veit at den dagen de et av frukta, skal auga dykkar opnast; de skal bli som Gud og kjenna godt og vondt." 6 No fekk kvinna sjå at treet var godt å eta av og ein fryd for auget – eit tillokkande tre, sidan det kunne gje innsikt. Så ho tok av frukta og åt. Ho gav òg til mannen sin, som var saman med henne, og han åt. 7 Då vart auga deira opna, og dei skjøna at dei var nakne. Dei fletta saman fikenblad og batt kring livet.

8 Då høyrde dei lyden av Herren Gud som vandra omkring i hagen i den svale kveldsbrisen. Og mannen og kvinna gøymde seg for Herren Gud mellom trea i hagen. 9 Men Herren Gud ropa på mannen og sa: "Kvar er du?" 10 Han svara: "Eg høyrde lyden av deg i hagen og vart redd fordi eg er naken, og eg gøymde meg." 11 Då sa han: "Kven har sagt deg at du er naken? Har du ete av det treet eg forbaud deg å eta av?" 12 Mannen svara: "Kvinna som du gav meg å vera saman med, ho gav meg av treet, og eg åt." 13 Herren Gud spurde kvinna: "Kva er det du har gjort?" Kvinna svara: "Slangen narra meg, og eg åt."

14 Då sa Herren Gud til slangen:
"Forbanna er du,
utstøytt frå alt fe og alle ville dyr
fordi du gjorde dette.
På buken skal du krypa,
og støv skal du eta alle dine levedagar.

15 Eg vil setja fiendskap
mellom deg og kvinna,
mellom di ætt og hennar ætt.
Han skal råka hovudet ditt,
men du skal råka hælen hans."

16 Til kvinna sa han:
"Tungt vil eg gjera ditt strev
når du er med barn,
med smerte skal du føda.
Etter mannen din skal du trå,
og han skal herska over deg."

17 Og til mannen sa han:
"Fordi du høyrde på kvinna
og åt av treet
som eg forbaud deg å eta av,
er jorda forbanna for di skuld.
Med strev skal du næra deg av henne
alle dine levedagar.

18 Ho skal la torn og tistel spira fram for deg,
og du skal eta det som veks på marka.

19 Med sveitte i andletet
skal du eta ditt brød,
heilt til du vender attende til jorda,
for av henne er du teken.
Støv er du,
og til støv skal du venda attende."

20 Mannen kalla kvinna Eva, for ho vart mor til alle som lever. 21 Herren Gud laga klede av skinn til mannen og kvinna og kledde dei.

22 Herren Gud sa: "Sjå! Mennesket har vorte som ein av oss og kjenner godt og vondt. Berre det no ikkje retter ut handa og tek av livsens tre òg, så det et og lever evig!" 23 Herren Gud viste mennesket ut frå Edens hage og sette det til å dyrka jorda, som det var teke av. 24 Han dreiv mennesket ut, og aust for Edens hage sette han kjerubane og det flammande sverdet som blir svinga utan stans. Dei skulle vakta vegen til livsens tre.

Teksten er henta frå Bibel 2011 © Bibelselskapet. Gitt att med tillating.

Læringsressursar

Folkedikting og samtidstekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Eventyr

  • SubjectMaterialFagstoff

    Segner

  • SubjectMaterialFagstoff

    Folkeviser

  • SubjectMaterialFagstoff

    Legendeviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historiske viser og riddarviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Trollviser, dyreviser og skjemteviser

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Gammalstev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nystev

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale