Første Mosebok (ca 400 f.Kr.) i Bibelen handlar om skapinga, og om syndefallet som fører til at døden kjem inn tilværet.

Gud set Adam og Eva til å leve i Edens hage. Midt i denne hagen står det to tre. Fruktene av livets tre gir evig liv, og epla frå kunnskapens tre gir kunnskap om godt og vondt. Adam og Eva får lov til å ete av all frukta i Edens hage, unnateke av frukta på kunnskapens tre. Men Eva trassar forbodet frå Gud, og det same gjer Adam.
Første Mosebok, kapittel 3
Slangen var listigare enn alle villdyra som Herren Gud hadde laga. Han sa til kvinna: "Har Gud verkeleg sagt at de ikkje skal eta av noko tre i hagen?" 2 Kvinna sa til slangen: "Vi kan eta av frukta på trea i hagen. 3 Men om frukta på treet som står midt i hagen, har Gud sagt: Et henne ikkje og rør henne ikkje! Gjer de det, skal de døy." 4 Då sa slangen til kvinna: "De skal slett ikkje døy! 5 Men Gud veit at den dagen de et av frukta, skal auga dykkar opnast; de skal bli som Gud og kjenna godt og vondt." 6 No fekk kvinna sjå at treet var godt å eta av og ein fryd for auget – eit tillokkande tre, sidan det kunne gje innsikt. Så ho tok av frukta og åt. Ho gav òg til mannen sin, som var saman med henne, og han åt. 7 Då vart auga deira opna, og dei skjøna at dei var nakne. Dei fletta saman fikenblad og batt kring livet.
8 Då høyrde dei lyden av Herren Gud som vandra omkring i hagen i den svale kveldsbrisen. Og mannen og kvinna gøymde seg for Herren Gud mellom trea i hagen. 9 Men Herren Gud ropa på mannen og sa: "Kvar er du?" 10 Han svara: "Eg høyrde lyden av deg i hagen og vart redd fordi eg er naken, og eg gøymde meg." 11 Då sa han: "Kven har sagt deg at du er naken? Har du ete av det treet eg forbaud deg å eta av?" 12 Mannen svara: "Kvinna som du gav meg å vera saman med, ho gav meg av treet, og eg åt." 13 Herren Gud spurde kvinna: "Kva er det du har gjort?" Kvinna svara: "Slangen narra meg, og eg åt.
14 Då sa Herren Gud til slangen:
"Forbanna er du,
utstøytt frå alt fe og alle ville dyr
fordi du gjorde dette.
På buken skal du krypa,
og støv skal du eta alle dine levedagar.
15 Eg vil setja fiendskap
mellom deg og kvinna,
mellom di ætt og hennar ætt.
Han skal råka hovudet ditt,
men du skal råka hælen hans.
"16 Til kvinna sa han:
"Tungt vil eg gjera ditt strev
når du er med barn,
med smerte skal du føda.
Etter mannen din skal du trå,
og han skal herska over deg."
17 Og til mannen sa han:
"Fordi du høyrde på kvinna
og åt av treet
som eg forbaud deg å eta av,
er jorda forbanna for di skuld.
Med strev skal du næra deg av henne
alle dine levedagar.
18 Ho skal la torn og tistel spira fram for deg,
og du skal eta det som veks på marka.
19 Med sveitte i andletet
skal du eta ditt brød,
heilt til du vender attende til jorda,
for av henne er du teken.
Støv er du,
og til støv skal du venda attende."
20 Mannen kalla kvinna Eva, for ho vart mor til alle som lever. 21 Herren Gud laga klede av skinn til mannen og kvinna og kledde dei.
22 Herren Gud sa: "Sjå! Mennesket har vorte som ein av oss og kjenner godt og vondt. Berre det no ikkje rettar ut handa og tek av livsens tre òg, så det et òg lever evig!" 23 Herren Gud viste mennesket ut frå Edens hage og sette det til å dyrka jorda, som det var teke av. 24 Han dreiv mennesket ut, og aust for Edens hage sette han kjerubane og det flammande sverdet som vert svinga utan stans. Dei skulle vakta vegen til livsens tre.
Teksten er henta frå Bibel 2011 © Bibelselskapet. Gitt att med tillating.
Spørsmål til teksten
- Kvifor kjem døden inn i livet til menneska, ifølgje Bibelen? Svar kort.
- Kva er det slangen lover Eva dersom ho et av treet til kunnskap om godt og vondt?
- Kva for ein av lovnadene til slangen er sann, og kva for ein viser seg å vere falsk?
- Syndefallet har ført til at mennesket no er likt Gud på eitt bestemt punkt, nemleg at det kjenner til godt og vondt (vers 22). Kva vil det seie å kjenne godt og vondt, trur du?
- Det er ikkje berre fordi dei har brote Gud sitt forbod, at Adam og Eva må forlate paradis. Kva er den andre grunnen?
- Kva meir enn utdriving frå Paradis og døden er det Gud straffar mannen og kvinna med, ifølgje Bibelen?
Læringsressursar
Folkedikting og samtidstekstar
Læringssti
Bukkene Bruse og Frøknene Frue
KjernestoffMemento mori – Hugs, du skal døy!
KjernestoffPesta kjem!
KjernestoffForboden kjærleik
Kjernestoff
Fagstoff
Å samanlikne tekstar
KjernestoffForteljemåte og verdiar
KjernestoffForteljarperspektiv i film
KjernestoffVisjonslitteratur
KjernestoffFolkedikting
KjernestoffEventyr
KjernestoffTypiske trekk ved eventyr
KjernestoffSegner
KjernestoffVandresegner
KjernestoffFolkeviser
KjernestoffMemento mori
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Kva kan du om eventyr frå før?
KjernestoffFinn typiske eventyrtrekk
KjernestoffForteljemåte og verdiar i to eventyr
KjernestoffGilgamesj: Han som såg alt
Kjernestoff- Kjernestoff
Syndefallsforteljinga i BibelenDu er her
Oppgåver til ei sørsamisk forteljing
KjernestoffHåvamål om døden
KjernestoffÅse-Marie Nesse: Skyggen
KjernestoffLivet etter døden
KjernestoffÅ velje bort eit barn
KjernestoffDet som var, og det som komme skal
KjernestoffUndersøk segner om Svartedauden
KjernestoffPesta kjem!
KjernestoffSamanlikn fire kjelder om Svartedauden
KjernestoffTørk aldri tårer uten hansker
KjernestoffKven er det som luskar der ute i mørkeret?
KjernestoffFrå heltekvad til YouTube
Kjernestoff
Kildemateriale
Raudhette og ulven
KjernestoffSyndefallsforteljinga i Bibelen
KjernestoffDen gylne tida og korleis ho tok slutt
KjernestoffBrenda Peters: Kryonikk handlar om livet
KjernestoffAlbert Einstein: Mitt verdsbilete (utdrag)
KjernestoffJostedalsrypa
KjernestoffBendik og Årolilja
KjernestoffLiti Kjersti
KjernestoffHuldrebryllaupet
KjernestoffValdtektsmenn som bruker Progesterex
KjernestoffVi som produserer frykt
KjernestoffVi valgte bort et barn
KjernestoffNavnefest
KjernestoffTreet
KjernestoffEt kjærlighetsløst samfunn
KjernestoffKodémus
Kjernestoff