Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Folkedikting og samtidstekstarChevronRight
  5. Gilgamesj: Han som såg altChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Gilgamesj: Han som såg alt

Eposet om Gilgamesj er det eldste storverket i verdslitteraturen. Forteljingane om han fekk stor utbreiing i heile Midtausten og Lilleasia, og om lag 1200 år før Kristus vart det skapt eit meir samanhengande epos i Babylonia.

Steintavler med historien om Gilgamesj
Denne steintavla inneheld eit fragment – ein liten del – av Gilgamesj-eposet, skildringa av syndfloda. Tavla er funnen i Ninive i Mesopotamia og er frå cirka 650 f.Kr.

Gilgamesj – det eldste bevarte eposet

Gilgamesj var konge i byen Uruk i Sør-Mesopotamia (det som i dag er Irak) omkring 2600 år før Kristus. I følgje eposet var han éin del menneske og to delar gud.

Han er ein overmodig, vilkårleg og hard herskar, og gudane sender villmannen Enkidu for å stoppe han. Enkidu vert vennen hans, og saman utfører dei fleire store heltegjerningar. Men når Gilgamesj avviser kjærleiksgudinna Isjtar, straffar gudane han ved å la Enkidu døy. Gilgamesj er fortvilt over dødsfallet til vennen og skremd av skjebnen hans. Han legg ut på ei lang og farefull reise for å finne ut korleis han kan få evig liv. På vegen møter han blant anna Siduri, som vaktar ævedrikken til gudane.

Kommentar til tekstutdrag fra Gilgamesj-eposet

0:00
Kommentar til tekstutdrag frå Gilgamesj-eposet

Gilgamesj held fram reisa si og kjem heilt til grensene til dødsriket. Her møter han Utnapisjtim, som fortel Gilgamesj om den store stormfloda. Gudane hadde råda Utnapisjtim til å byggje ein båt, og slekta hans var den einaste som overlevde floda. Utnapisjtim og kona er dei einaste menneska som har fått evig liv av gudane. Gilgamesj må til slutt innsjå at sjølv ikkje han som er to delar gud og éin del menneske, kan sleppe unna skjebnen til menneska.

Gilgamesj
Gilgamesj tem to udyr. Tresnitt etter eit sumerisk bilete frå det tredje tusenåret f.Kr.

Gå inn på bokhylla.no og les sidene 64–66 i boka Gilgamesj: Han som så alt.

Studer dessutan teksten i den lyrikkhistoriske tidslinja om den eldste litteraturen:

Lyrikkhistorisk tidslinje

Oppgåve 1

Oppgåve 2

  1. Beskriv forholdet mellom Gilgamesj og Enkidu. Korleis reagerer Gilgamesj på at vennen døyr?
  2. Kva nemner Siduri som årsak til at alle menneska må døy?
  3. Kva synest du om råda ho gir Gilgamesj?
  4. Kva bibelsk forteljing liknar sterkt på Utnapisjtims forteljing om stormfloda?
  5. Kva gåve får Gilgamesj av Utnapisjtim?
  6. Kvifor bruker ikkje Gilgamesj denne gåva med éin gong?
  7. Kva skjer vidare med gåva?
  8. Kva trur du: Er det som hender heilt tilfeldig, eller skal det tilsynelatande tilfeldige fortelje oss noko?

Læringsressursar

Folkedikting og samtidstekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Legendeviser

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Historiske viser og riddarviser

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Trollviser, dyreviser og skjemteviser

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Gammalstev

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nystev

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale