1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Forteljingar om det norskeChevronRight
  5. Prinsessa som ingen kunne målbinde ChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kildemateriale

Prinsessa som ingen kunne målbinde

Eventyret er henta frå Norske Folkeeventyr av Asbjørnsen og Moe. Det er omsett til nynorsk av Oddvar Engan etter 1982-utgåva.

Scene fra eventyret om Askeladden og prinsessa som ingen kunne målbinde. Tegning.

Det var ein gong ein konge; han hadde ei dotter som var så vrien og vrang i ord at ingen kunne målbinde henne, og derfor lova han ut at den som kunne gjere det, skulle få prinsessa og halve kongeriket attpå.

Det var nok av dei som ville prøve seg, skal eg tru, for det er ikkje kvar dag ein kan få ei kongsdotter og eit halvt kongerike til gjevandes. Grinda til kongsgarden sto ikkje noko stund, dei kom i flokk og følgje frå aust og vest, både ridande og gåande. Men det var ingen som kunne ordbinde prinsessa. Til sist sette kongen ut at dei som prøvde seg, men ikkje kunne, dei skulle sviemerkast på begge øyrene med det store sviejernet hans. - Han ville ikkje ha dette rennet i garden sin til ingen ting.

Så var det tre brødre også som hadde fått spurt om prinsessa, og da dei ikkje hadde det for rart heime, ville dei ut og freiste lykka, og sjå om dei kunne vinne kongsdottera og halve riket. Dei var venner og nokså vel forlikte, og derfor gjekk dei i følgje alle tre.

Da dei hadde kome eit stykke på vegen, fann Askeladden ein død skjærunge.

"Eg fann, eg fann!" ropte han.

"Kva fann du?" spurde brørne.

"Eg fann ein død skjærunge," sa han.

"Fy kast han! Kva skal du med han?" sa dei to, som alltid trudde at dei var dei klokaste.

"Å, eg har slikt å gjøre, eg har slikt å føre, eg fører vel den," sa Askeladden.

Da dei hadde gått eit stykke til, fann Askeladden ein gammal vidjespenning; og den tok han opp.

"Eg fann, eg fann!" ropte han.

"Kva fann du no?" sa brørne.

"Eg fann ein vidjespenning," svarte han.

"Pøh! Kva skal du med den? Kast han!" sa dei to.

"Eg har slikt å gjøre, eg har slikt å føre, eg fører vel den," sa Askeladden.

Da dei hadde gått litt til, fann han eit skålbrot; det tok han også opp.

"Gutar, eg fann, eg fann!" sa han.

"No, kva fann du no?" spurde brørne.
"Eit skålbrot," sa han.

"Sj! Det var da også noko å dra på! Kast det!" sa dei.

"Å, eg har slikt å gjøre, eg har slikt å føre, så fører eg vel det," svarte Askeladden.

Da dei hadde kome litt lenger, fann han eit krokut bukkehorn, og like etter fann han maken til det.

"Eg fann, eg fann, gutar!" ropte han.

"Kva fann du no da?" sa dei andre.

"To bukkehorn," svarte Askeladden.

"Sj! Kast dei! kva gjer du med dei?" sa dei.

"Nei, eg har slikt å gjere, eg har slikt å føre, så fører eg vel dei," sa Askeladden.

Om litt fann han ein blei.

"Nei, gutar, eg fann, eg fann!" ropte han.

"Det var da svare til finning på deg! Kva fann du no igjen?" sa dei to eldste.

"Eg fann ein blei," svarte han.

"Å, kast han! Kva gjer du med han?" sa dei.

"Eg har slikt å gjere, eg har slikt å føre, eg fører vel den," sa Askeladden.

Da dei gjekk over jorda ved kongsgarden - der hadde dei nyleg breidd gjødsel, - bukka han seg og tok opp ein utgått skosåle.

"Nei, nei, gutar, eg fann, eg fann !" sa han.

"Berre du fann litt vett til du kom fram!" sa dei to. "Kva var det no du fann igjen da?"

"Ein utgått skosåle," svarte han.

"Isj da! Det var noko å ta opp og! Kast han! Kva gjer du med den?" sa brørne.

"Å, eg har slikt å gjere, eg har slikt å føre, så eg fører vel den, skal eg vinne prinsessa og halve riket," sa Askeladden.

"Ja, du ser ut til det du!" sa dei to.

Så la dei inn til kongsdottera. Først den eldste.

"God dag," sa han.

"God dag igjen," svarte ho og vridde på seg.

"Det er fælt varmt her," sa han.

"Det er varmare i glohaugen," svarte prinsessa; der låg sviejernet ferdig og venta. Da han såg det, gjekk det i stå for han med ein gong, og så var det ute med han.

Det gjekk ikkje likare med den mellomste.

"God dag," sa han.

"God dag igjen," sa ho og vrikka på seg.

"Det er fælt så heitt her," sa han.

"Det er heitare i glohaugen," svarte ho. Dermed så mista han også mål og mæle, - og så var det fram med jernet igjen.

Så kom Askeladden.

"God dag," sa han.

"God dag igjen," svarte ho og vrikka og vrei på seg.

"Det var da godt og varmt her," sa Askeladden.

"Det er varmare i glohaugen," svarte ho; ho blei ikkje blidare for det den tredje kom.

"Det var råd å få steikt skjæra mi her da?" spurde han.

"Eg er redd ho sprekk ," sa kongsdottera.

"Å det har ingen nød, eg slår omkring denne vidjespenninga," svarte guten.

"Han er for rom," sa ho.

"Eg driv i ein blei," sa guten, og tok fram bleien.

"Fettet renn av skjæra," sa kongsdottera.

"Eg held under dette," svarte guten, han viste fram skålbrottet.

"Du er så krokut i ord du," sa prinsessa.

"Nei, eg er ikkje krokut, men dette er krokut," svarte guten, og tok opp det eine bukkehornet.

"Nei! no har eg aldri sett maken!" ropte prinsessa.

"Her ser du maken," sa guten, og tok opp det andre.

"Eg meiner du er utgått for å målbinde meg, du?" sa ho.

"Nei, eg er ikkje utgått, men denne er utgått den," svarte gutten, og drog fram skosålen.

Så var prinsessen målbunden.

"No er du mi," sa Askeladden, og så fekk han henne og halve landet og riket attpå.

Læringsressursar

Forteljingar om det norske

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Hvorfor havet er salt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kvernen som står og maler på havsens bunn

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kjerringa mot strømmen - folkeeventyr

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Kjerringa mot strømmen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Faderen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Fædrenes arv

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Norge i fløtesaus

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff